Hopp til innhold

Etterlyst mafiaboss «kom ut av skapet»

'Ndrangheta-toppen Antonio Pelle (54) vart arrestert i heimen sin i dag, etter å ha vore på flukt frå politiet i fem år. Han skjulte seg i eit hemmeleg rom bak eit garderobeskap på rommet til sonen.

Italiensk politi har arrestert en mafiaboss som rømte fra et sykehus i 2011. De fant ham hjemme i en selvbygd bunker mellom badet og soverommet.

VIDEO: Her kjem mafia-bossen krypande ut.

Videobileta over viser korleis Pelle, kjend under kallenamnet «Mamma», kjem krypande opp frå baksida av garderobeskapet, før han blir teken hand om av politiet.

Det er uklart om han har vore her heilt sidan han stakk frå eit sjukehus i Calabria-regionen sør i Italia i 2011. Han har stått på lista til det italienske innanriksdepartementet over dei farlegaste forbrytarane på flukt.

Stakk av frå sjukehuset

Antonio Pelle sona ein fengselsdom på 20 år, då han vart innlagt på sjukehus i Locri for å bli behandla for anoreksi (matvegring) i 2011. Han greidde å stikke av frå sjukehuset, og sidan har han vore på flukt. Det er uklart kor lenge han har hatt tilhald i sitt eige hus i San Luca.

Dommen på 20 års fengsel fekk han for ulovleg handel med våpen og narkotika, og for å vere knytt til ein mafia-organisasjon.

Gøymestaden hans i familieheimen i San Luca var bygd mellom rommet til sonen og badet. Det var støypt ein bunker, som var heller spartansk utstyrt.

Antonio «Mamma» Pelle er rekna som sjefen for Pelle-Romeo-klanen av 'Ndrangheta. Denne familiegreina har vore i krig med den rivaliserande Nirta-Strangio-klanen, og vendettaen mellom dei to grupperingane kulminerte i 2007.

«Den siste kongen av Roma» avviser Mafia Capitale-skuldingar

Mafiaboss teken etter 16 år

Duisburg-massakren

Då vart seks menneske skotne og drepne inne på ein italiensk restaurant i den tyske byen Duisburg, og Giovanni Strangio vart dømt for å vere hovudmannen bak drapa. Då hadde krigen mellom dei to familiane i San Luca vart sidan 1991 og kosta 20 menneskeliv.

Det skal ha vore ein krangel i eit bryllaup som starta striden mellom dei to slektene.

'Ndrangheta-mafiaen - ei historie om blomster og kokain

«Dronningane frå Caltagirone» arresterte i antimafiaaksjon

Mafia-toppar tekne på senga i fjellbunker

Politiet trur Antonio Pelle stod bak drapet på Maria Strangio i 2006, kona til leiaren for Strangio-klanen, og at det var denne likvideringa som vart hemna med massakren i Duisburg.

Det var etter massedrapa i Duisburg at 'Ndrangheta-mafiaen for alvor kom i det internasjonale søkjelyset. Denne mafiagrupperinga var i mange år i skuggen av dei meir kjende kriminelle organisasjonane Cosa Nostra på Sicilia og La Camorra i Napoli-området.

- Mafiaen sterkare enn staten

Lånte penger av mafiaen – fikk tre kuler i posten

Rikast og mest valdeleg

I dag blir 'Ndrangheta rekna som ikkje berre den mektigaste og rikaste, men også den mest brutale. Dei kontrollerer store delar av kokaintrafikken til Europa, og dei skal vere representerte i dei fleste europeiske land.

Den brutale mafiagrupperinga er også tungt inne i Sør-Amerika, USA og Canada, ifølgje italiensk politi.

EU-midler til mafiaens oliventrær

Dei italienske mafiagrupperingane internasjonalt.
Foto: Grafikk: Marco Vaglieri (NRK)

SISTE NYTT

Siste nytt