NRK Meny
Normal

Mafiaboss teken etter 16 år

Sebastino Pelle, ein av toppane i den italienske 'Ndrangheta-mafiaen, vart pågripen av politiet onsdag kveld etter 16 år på rømmen.

Mafia-massakre i Duisburg i Tyskland i 2007.

'Ndrangheta-grupperinga til Sebastino Pelle var involvert i massakren i Duisburg i Tyskland i august 2007.

Foto: Wolfgang Wiebold / Ap

Sebastino Pelle er arrestert.

Sebastino Pelle stod på lista over dei 30 mest ettersøkte i Italia.

Foto: - / Afp

57 år gamle Pelle, som har vore på lista over dei 30 mest ettersøkte i Italia, er sjef for den mektige 'Ndrangheta-greina i byen San Luca i Calabria på den italienske «tåspissen».

Det var denne familieklanen som stod bak ein massakre utanfor ein pizzarestaurant i den tyske byen Duisburg i 2007.

Pågripen under spasertur

Pelle vart arrestert i hamna i byen Reggio Calabria, ikkje langt frå San Luca, under ein spasertur. Statsadvokaten i byen kallar pågripinga for eit kupp i kampen i den italienske staten sin kamp mot 'Ndrangheta-mafiaen.

Ein talsmann for italiensk politi seier at Sebastino Pelle er arkitekten og den store strategen bak 'Ndranghetas internasjonale nett for narkotikasmugling, melder det italienske nyheitsbyrået Ansa.

Innanriksminister Roberto Maroni kallar arrestasjonen av Pelle for eit «hardt slag mot organisert kriminalitet».

Antonio Pelle (48) greidde å flykte frå eit sjukehus.

Antonio Pelle (48) er på frifot etter at han flykta frå eit sjukehus.

Foto: ITALIAN POLICE / AP

Fetteren til Sebastino Pelle, Antonio Pelle (48), også ein av toppane i same familiegreina, greidde i fjor å flykte frå sjukehuset han var innlagt på medan han var i politiet si varetekt. Det viste seg at det rett og slett ikkje var politivakter i og utanfor sjukehuset då han stakk av.

Han sona ei straff på 13 års fengsel for ei rad mafiarelaterte brotsverk då han greidde å kome seg unna.

LES OGSÅ: 140 pågrepet i mafiaraid i Italia

LES OGSÅ: 35 personer arrestert i mafiaaksjon

– Ugjennomtrengjeleg

Flukta er ein illustrasjon på den store makta 'Ndrangheta har fått i det italienske samfunnet. Det starta som ein liten organisasjon i Calabria, som i mange år var fullstendig i skuggen av dei store og mektige mafiagrupperingane Cosa Nostra på Sicilia og Camorra i Napoli-området.

I dag er 'Ndrangheta truleg den mektigaste mafiagrupperinga i Italia, og den vanskelegast å infiltrere for politiet. Ugjennomtrengjeleg, blir det sagt.

Italias innanriksminister Roberto Maroni.

Innanriksminister Roberto Maroni kallar pågripinga eit hardt slag mot organisert kriminalitet.

Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters

Organisasjonen består av små familieklanar som har ein stor grad av sjølvstyre, og det er svært vanskeleg, så å seie umogleg, for politiet å få medlemer til å vitne mot sine eigne.

'Ndrangheta har også ord på seg for å vere den mest brutale av mafiagrupperingane i Italia. Og med den historia dei to andre store organisasjonane har når det gjeld valdsbruk, så seier dette litt om den ufattelege brutaliteten som pregar 'Ndrangheta.

LES OGSÅ: - Utsletta lokal 'Ndrangheta-klan

LES OGSÅ: Toppsjefen i 'Ndrangheta arrestert

Vendetta enda i massakre

Massakren i Duisburg 15. august 2007 er eit eksempel på brutaliteten. Då vart seks personar frå ein annan klan i organisasjonen skotne og drepne utanfor ein pizzarestaurant.

Massakren var siste akt i ein vendetta som hadde gått føre seg sidan 1991, då det vart kasta egg på ein person frå San Luca-klanen under eit bryllaup.

Organisasjonen står i dag sterkt i heile Italia, og har også kraftfulle avdelingar i andre europeiske land, i Canada og Australia. 'Ndrangheta kontrollerer truleg store delar av kokaintrafikken til Europa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Nonnekloster var narko-reir

LES OGSÅ: Kirken kastet mafiaen ut av påskeprosesjon

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt