Hopp til innhold

Mafia-toppar tekne på senga i fjellbunker

To toppar i den illgjetne italienske mafiaorganisasjonen 'Ndrangheta vart arresterte i ein dramatisk politiaksjon mot ein godt gøymt bunker i morgontimane i dag. Dei to vart bokstaveleg talt tekne på senga.

To mafiatoppar arresterte i bunker

VIDEO: Sjå dei dramatiske bileta frå italiensk politi.

Det var før soloppgang i dag at det italienske antimafiapolitiet slo til mot bunkeren i eit fjellområde nær byen Maropati i regionen Reggio Calabria, kjerneområdet til 'Ndrangheta-mafiaen. 47 år gamle Giuseppe Ferrao og 37 år gamle Giuseppe Crea låg og sov då politiet slo til, og dei hadde ingen sjanse til å kome unna.

Politiet karakteriserer begge to som «ekstremt farlege».

Store mengder våpen

Aksjon mot mafia-bunker.

Bunkeren politiet aksjonerte mot låg i eit uvegsamt fjellområde, godt skjult av busker og tre.

Foto: STRINGER / Afp

Dette trass i at bunkeren var full av våpen. Eit rom på rundt 20 kvadratmeter var fullt av automatvåpen, handvåpen og eksplosiv. Politiet opplyser at dei hadde spana på dei to, som begge stod på lista over Italias mest ettersøkte personar, i eitt år. Ein polititalsmann sa like etter arrestasjonen at dei to mafialeiarane, som begge skal vere svært rike, levde som dyr i ein isolert bunker, langt frå andre menneske.

Det italienske nyheitsbyrået Ansa nyanserer dette litt i det dei melder frå arrestasjonen. Her heiter det at bunkeren var luksuriøst utstyrt med alle moderne hjelpemiddel.

Giuseppe Ferraro, som er dømd til livstid i fengsel in absentia for fleire brutale drap og mafiabrotsverk, har vore på flukt sidan 1998. Giuseppe Crea har vore ettersøkt av politiet sidan 2006.

Bestialske drap

Ferraro er mistenkt for å ha vore blanda inn drapet på Domenico Bonraggio, ein leiar i ein rivaliserande klan i 'Ndrangheta. Bonraggio-klanen tok ei grufull hemn då dei i 2013 fanga mannen dei meinte hadde skote Bonraggio, Fancesco Raccosta. Han vart ifølgje nyheitsbyrået AFP servert som grisemat medan han enno var i live.

Racosta var ein nær medarbeidar av Giuseppe Feerao.

Mafiatoppar arresterte i Sør-Italia.

Ein av dei arresterte mafiatoppane blir ført bort av ein maskert politimann etter aksjonen i dag tidleg. Det er uklart kven av dei to arresterte dette er.

Foto: ITALIAN POLICE / Afp
Mafia-arestasjon i Sør-Italia.

Dette er ein av dei to arresterte mafiatoppane etter aksjonen mot bunkeren deira i Sør-Italia. Det er uklart kven av dei to dette er.

Foto: ITALIAN POLICE / Afp

Statsadvokat Frederico Cafiero De Raho, opplyser at bunkeren dei to mafialeiarane budde i var skjult av tette busker og tre, og at han såleis var vanskeleg å oppdage. Men politiet har lenge forstått at det var viktige folk i dette området, og dei har spana her det siste året.

Det er likevel uklart om dei har kjent til bunkeren så lenge.

Bunkeren var full av våpen.

Bunkeren var full av våpen, og det vart også funne ein del eksplosiv.

Foto: ITALIAN POLICE / Afp

Tok beslag i mafiaverdiar for 17 milliardar

«Den siste kongen av Roma» avviser Mafia Capitale-skuldingar

Hard indre justis

'Ndrangheta-mafiaen er i dag truleg den mektigaste i Italia, etter at dei i mange år levde i skuggen av dei meir kjende mafiaorganisasjonane Camorra i Napoli-området og Cosa Nostra på Sicilia.

Årsaka til at 'Ndrangheta no truleg både er den rikaste og mektigaste er at dei blant anna kontrollerer store delar av narkotikatrafikken frå Sør-Amerika til Europa. Dei er spesielt store på kokain.

Organisasjonen har forgreiningar til store delar av verda. Den indre justisen i 'Ndrangheta er knallhard og det er svært få avhopparar. Det gjer det også vanskeleg for politiet å infiltrere organisasjonen.

Italia nær vendepunkt i kampen mot ‘Ndrangheta-mafiaen

Storbeslag av kokain og våpen i mafia-aksjon

Sør-Italia og Sicilia.

SISTE NYTT

Siste nytt