NRK Meny
Normal

«Dronningane frå Caltagirone» arresterte i antimafiaaksjon

80 personar er arresterte etter italiensk politi i samarbeid med tyske og nederlandske kollegaer i dag slo til mot Laudani-klanen på Sicilia, ei kvinnestyrt grein av Cosa Nostra-mafiaen.

Video frå politiet i Catnia.

VIDEO: Sjå videoen frå italiensk politi.

Over 500 politifolk deltok i aksjonen mot klanen i Catania på Sicilia onsdag morgon. Tre kvinner, kalla «Dronningane frå Caltagirone», har styrt Laudani-klanen med jernhand sidan slutten av 1980-talet. Dei tre kjem alle frå den vesle byen Caltagirone utanfor hamnebyen Catania.

Alle dei arresterte er sikta for mafiaverksemd, utpressing, narkotikasmugling og innehav av ulovlege våpen.

«Kronprinsen» snudde

Det var Giuseppe Laudani, som etter planen skulle overta etter dei tre kvinnene i toppen, som informerte politiet om verksemda til dei tre. Faren hans var tidlegare leiar for klanen, men han vart drepen av ein rivaliserande klan.

Giuseppe gjekk under namnet «Kronprinsen», og han har fortalt politiet at dei tre kvinnene hadde fostra han opp med tanke på at han ein dag skulle ta over som leiar.

Han fortalde politiet om ein kvardag med valdsbruk og hemndrap, og at dei tre kvinnene, Maria Scuderi (51), Concetta Svalisi (60) og Paola Torrisi (52) hadde bygd opp maktbasen sin sakte, men sikkert frå slutten av 1980-talet.

Paoloa Torrisi har jobba for Laudani-klanen sidan ho var svært ung, og ho var ikkje gamle jenta før ho organiserte kurerverksemda i området rundt vulkanfjellet Etna, ikkje langt frå Catania. Faren hennar var leiar for den internasjonale narkotikatrafikken til klanen i mange år.

Mafia-toppar tekne på senga i fjellbunker

«Den siste kongen av Roma» avviser Mafia Capitale-skuldingar

Narkotika-samarbeid

Det er uklart kva som gjorde at Giuseppe Laudani byrja å samarbeide med politiet. Tilståingane hans førte også til at broren Pippo og halvbroren Alberto Caruso vart arresterte, til og med den 90 år gamle bestefaren Sebastiano Laudani. Han var fengsla mellom 1986 og 2012, og han er no tilbake i husarrest.

Statsadvokat Michelangelo Patane seier at Laudani-klanen har innleidd samarbeid med 'Ndrangheta-mafiaen, som styrer det meste av kokaintrafikken i Europa. 'Ndrangheta, som har base i Calabria på sørspissen av det italienske fastlandet, har teke over som den mektigaste mafiagrupperinga i Italia etter Cosa Nostra, som dominerte på -80 – og 90-talet.

Mafiaboss teken etter 16 år

Toppsjefen i 'Ndrangheta arrestert

Omfattande valdsbruk

Politiet trur Laudani-klanen stod bak ein omfattande valdsbruk på 1990-talet, blant anna drapet på ei fengselsvakt og drapet på ein advokat som nekta å samarbeide med dei. Politiet seier at etterforskinga av klanen har vorte hindra av at butikkeigarar og andre forretningsdrivande, som har vore utsette for utpressing, ikkje torde å vitne mot utpressarane.

Under aksjonen i dag vart det teke beslag i store mengder våpen, blant anna to granatkastarar.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt