Hopp til innhold

«Den siste kongen av Roma» avviser Mafia Capitale-skuldingar

Massimo Carminati, mannen den italienske påtalemakta meiner er leiar for Mafia Capitale, som har tappa bykassa i Roma for millionar, er fornærma over at dei skuldar han for mafiaverksemd.

Massimo Carminati blir ført bort av politiet.

Massimo Carminati vart arrestert i desember i fjor, skulda for å vere leiar i Mafia Capitale (Hovudstadsmafiaen).

Foto: Ap

«Den siste kongen av Roma» er berre eitt av mange kallenamn Massimo Carminati (57) går under. Andre kallenamn er «Den svarte sjela i Romas underverd» og «Den einøygde», og han har eit rulleblad som kan skremme fanden på flat mark.

Det inneheld blant anna medlemskap i den høgreradikale organisasjonen Nuclei Armati Rivoluzionari, som var delaktig i bombeattentatet mot jernbanestasjonen i Bologna i 1980. 85 menneske vart drepne i denne terrorhandlinga.

Magliani-banden

advokat Naso i mafia-rettssak

Forsvararen til Massimo Carminati, Giosue Naso, omringa av pressefolk før rettssaka starta i Roma torsdag.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Seinare vart han ein sentral medlem i den kriminelle Magliani-banden, som var ei leiande gruppering i den romerske underverda på 1970- og 1980-talet.

Tidleg på 1980-talet prøvde han å stikke av til Sveits, og i ei skotveksling med politiet miste han det eine auget. I 1988 vart han dømd til ti års fengsel for brotsverk han gjorde seg skuldig i som medlem i Magliani-banden.

Massimo Carminati vart arrestert igjen i desember i fjor, og sit no eit fluktsikkert fengsel i Parma nord i landet. Han skal sjølv ikkje vere til stades i retten, men delta på videolink frå cella si.

Gangsterar, byråkratar og politikarar

Rettssaka som starta i Roma torsdag , er ikkje berre mot Carminati, men også mot 45 andre påtalemakta meiner har samarbeidd om å tappe bykassa i Roma for mest mogleg pengar. Dei som er på tiltalebenken er ei brokete blanding av gangsterar, byråkratar og politikarar, blant andre ein tidlegare borgarmeister.

Politi og påtalemakt meiner at Mafia Capitale, som betyr Hovudstadsmafiaen, har sikra seg lukrative kontraktar med det offentlege ved hjelp av omfattande korrupsjon. Dei har blant anna hatt kontroll med bygging og drift av mottak for flyktningar og andre heimlause, i tillegg til blant anna søppelhandtering.

Politiet har eit lydopptak av ein av dei nærmaste medarbeidarane til Carminati, Slvatore Buzzi, der han skryt over kor mykje meir lønsamt det er med asylsøkjarar enn sal av narkotika. Påtalemakta meiner denne verksemda har ført Roma ut i eit enormt økonomisk uføre .

Salvatore Buzzi.

Salvatore Buzz i skrytte av kor lønsamt det var med asylsøkjarar i forhold til narkotika.

Foto: - / Afp

Avviser mafia-skuldingar

– Han har ingenting å gjere med mafiaen, sa forsvararen hans, Giosue Naso før rettssaka starta torsdag føremiddag.

Det stemmer nok, om ein tenkjer på dei tradisjonelle italienske mafigrupperingane lenger sør i Italia, som Cosa Nostra (Sicilia), Camorra (Napoli) og 'Ndrangheta (Calabria). Påtalemakta meiner at Mafia Capitale har drive ein sofistikert kriminell aktivitet i den italienske hovudstaden, og tidlegare i år vart 44 personar arresterte i saka .

Grupperinga har sikra seg nære medarbeidrar både blant politikarane i bystyret og byråkratane i byadministrasjonen, slik at dei har greidd å sikre seg lukrative offentlege kontraktar. Det har vorte sagt at Mafia Communale hadde eit sugerøyr direkte inn i den romerske bykassa.

Rettssaka er venta å halde på til juli neste år.

SISTE NYTT

Siste nytt