Hopp til innhold

Emmanuel Macron blir den yngste sidan Napoleon

Like etter stemmelokalene stengte søndag kveld konkluderte franske medier og styresmakter med at det er Emmanuel Macron (39) som blir Frankrikes neste president - den yngste franske statsleiaren sidan Napoleon.

Emmanuel Macron ble valgt som president i FRankrike i mai 2016

Emmanuel Macron vil vise at det ikkje er nokon motsetnad mellom å vere Europa-vennleg og å vere glad i Frankrike.

Foto: ERIC FEFERBERG / AFP

Han overraska mange med sitt plutselege inntog i sentrum av fransk politikk. Som dei fleste venta har liberalaren vunne mot Marine Le Pen og hennar proteksjonistiske linje.

Det mange hadde vore spent på var valdeltakinga. Mange hadde flagga eit såkalla «ni-ni»-standpunkt; verken-eller, og såg valet som eit mellom pest og kolera. Også lekkasjar frå eit hackerangrep mot Macron og rørsla hans fredag kveld skapte uro, like før valkampen offisielt var over ved midnatt fredag.

Til slutt ser den ut til å ende på rundt 75 prosent. Og sjølv om det skal ha vore rekordmange blanke stemmer i det som for mange har blitt eit protestval, gir dei første tala ein oppslutnad på rundt 65,1-66,1 prosent.

Privatskuleguten frå provinsen

Emmanuel Macron kjem frå byen Amiens, nord for Paris, der Whirlpool-fabrikkens utflagging til Polen har blitt symbolsak i valkampen. Som son av legeforeldre som sende han på privatskule, og sidan student ved eliteskulane Sciences Po' og ENA i Paris, har Emmanuel Macron lenge kjempa mot elitestempelet.

Sjølv likar han å understreke det nære forholdet til bestemora, som var lærar og solid plassert på venstresida, og hennar innverknad på hans poltiske grunnhaldning. Men trass i den «provinsielle» bakgrunnen som han sjølv har omtalt det som, er brorparten av veljarane hans å finne i dei store byane.

France Election

Arbeidarane ved Whirlpool-fabrikken i Amiens har dei siste streika mot utflagging til Polen. Det gjekk heitt føre seg då både Macron og Le Pen besøkte fabrikken mellom dei to valomgangane. Macron kjem sjølv frå Amiens.

Foto: Thibault Camus / AP

Ambisiøs er eit ord som går igjen om Macron blant dei som kjenner han. Ifølge forretningsmannen og støttespelaren Alain Minc uttalte allereie Macron ønsket om å bli presient for 15 år sidan, skriv BBC.

Også den lange kampen for å få sin livs kjærleik, den 24 år eldre, den gong gymnaslæraren, Brigitte Auzière, blir av nokre brukt som eit døme på kor målretta den unge Macron kan vere, blant dei Anne Fulda som har skrive Macrons biografi. I motsetnad til det som er vanleg i fransk politkk har madame Macron vore svært aktiv i valkampen til mannen, og slutta i jobben i 2015 for å hjelpe han. Macron har uttalt at han vil gi kona ei formalisert stilling om han skulle vinne valet.

FRANCE2017-VOTE

Kona Brigitte er sjelden langt unna. Her stemmer dei i Le Touquet nord i Frankrike søndag føremiddag.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / AFP

Frå bank til politikk

Macron er fersk i politikken, og har aldri hatt eit verv som folkevald. Han blei medlem av Sosialistpartiet (PS) i 2006, og starta allereie som politisk rådgivar samtidig som han jobba for investeringsbanken Rotschild. Mange, ikkje minst Le Pen, drar fram bankfortida som eit bilete på kven han eigentleg representerer; finanseliten.

FRANCE-MAYDAY-LABOUR-DEMO

For mange franskmenn er årets val eit umogleg. Verken fedreland eller sjef, står det på plakatane, som refererer til Macron si bankfortid, og Le Pen sin patriotisme.

Foto: BERTRAND LANGLOIS / AFP

«Bankmann, er det ein fornærmelse på fransk?» skreiv den amerikanske forskaren Shadi Hamid på Twitter etter den siste presidentduellen på fransk TV førre onsdag.

I 2014, etter ein liten pause frå Hollande-regjeringa, fekk han tilbodet om å ta over som økonomiminister etter Arnaud Montebourg, noko han takka ja til. Allereie frå starten av skal ikkje den unge og nokså politisk uerfarne Macron ha skydd unna å kritisere sjefens politikk - om forslaget om å innføre 75 % toppskatt sa han spydig at det er som «Cuba, utan sol».

Han var også den som fekk til ansvar å bringe fram ei ny arbeidsreform, med mål om å mjuke opp det mange har sett på som eit svært rigid arbeidsmarked. Reforma som fekk namnet «Loi Macron» (Macron-lova) kom til å splitte ikkje berre folket og parlamentet, men også medlemmene innad i sosialistpartiet.

Arbeid har vore sak nr.1 i valkampen, og mange peikar det vil bli ei pedagogisk utfordring for Macron å få folket med på ei vidareføring av reformane.

FRANCE-POLITICS-ECONOMY-SOCIAL-GOVERNMENT

Emmanuel Macron var tidlegare økonomiminister. Her på eit bedriftsbesøk hos stålbedrifta Aperam i Nord-Frankrike i fjor sommar.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / Afp

Splitting i Hollande-regjeringa

Etter usemja med bl.a. statsminister Manuel Valls rundt arbeidsreforma kom terrorangrepet i Paris hausten 2015. Her var Macron sterkt ueinig med presidenten og statsministeren som innførte unntakstilstand og foreslo grunnlovsendringar med det same.

Eg meiner vi ikkje bør endre konstitusjonen basert på kjensler, seier Macron i dokumentaren «Hvem er Emmanuel Macron». Han sa kort tid etter angrepa at det franske samfunnet var delvis skuldige i det som hadde skjedd, og viste til mangelen på moglegheiter for ungdom i forstadene.

Dette provoserte Valls, og også Le Pen har i løpet av kampanjen brukt dette mot han, og måla eit bilete av ein mann som er svak når det kjem til kampen mot terror.

«Framover!»

For litt over eit år sidan, i april 2016, lanserte han rørsla «Framover» («En marche!»). Macron var då framleis medlem av Hollande-regjeringa, og mange såg med mindre blide auge på «stuntet». I august tok han steget ut, og i november lanserte han sitt kandidatur til presidentvalet.

Det same gjorde erkerivalen, statsminister Manuel Valls. Han har trass tidlegare konflikter gått ut og støtta Macron etter at han sjølv tapte i Sosialistpartiets primærval.

Og sjølv om Macron har prøvd å distansere seg frå den historisk upopulære presidenten, har dette også vore noko han har fått høyre i valkampen, at han vil vere ein forlengelse av Hollande-styret.

Trass den beskjedne starten har rørsla vekst raskt, og har no over 200.000 medlemmer, ei sterk og entusiastisk grasrotkampanje - inspirert av Obamas valkamp i 2008. Obama sjølv gjekk ut og støtta Macron denne veka. Macron har også blitt samanlikna med Italias Matteo Renzi og Canadas Justin Trudeau.

Laster Twitter-innhold

Programmet

Macron har lenge vore skulda for å ha eit uklart program, og å mangle substans bak dei flotte formuleringane han er så glad i å smykke seg med. Ein ting har vore klart; han vil reformere den franske arbeidsmarknaden, med mål om å mjuke opp det mange ser som eit rigid regelverk.

Macron vil ha færre reguleringar i næringslivet, kutte i offentlege arbeidsplassar og mjuke opp den mykje omdiskuterte 35-timers veka som blei innført i 2000.

Den liberale arbeidspolitikken vil vere vanskeleg å selge til ein del av arbeidarklassen. Martine Aubry, frå venstresida i sosialistpartiet, som var med på å innføre 35-timars veka har samanlikna Macrons liberale politikk med Thatchers Storbritannia.

TOPSHOT-FRANCE2017-VOTE

Entusiasmen i "Framover!"-rørsla kan minne om valkampen til Barack Obama i 2008, og dei har også lete seg inspirere av denne.

Foto: PATRICK KOVARIK / AFP

Ein av mange ting som har plassert han så langt det går an å komme frå Marine Le Pen er forholdet til EU. I motsetnad til Le Pen som vil ut av euroen, vil Macron ha eit tettare eurosamarbeid, med eit eige europarlament og ein finansminister for eurolanda.

Det har vore mykje snakk om det franske valet i EU etter Brexit-sjokket i fjor, og det er klart at EU-toppane har håpa på ein Macron-siger.

I mars la Macron fram eit manifest, med hans eigne ord; «verken eit program for venstre eller høgre, men eit program som skal ta Frankrike inn i det 21.århundret.» Eit av valløfta er å redusere arbeidsløysa til 7 %. Den har lenge låge på rundt 10%, og opp til ein firedel av dei under 25 manglar arbeid.

Macron har også prøvd å imøtegå Marine Le Pens nasjonalistiske retorikk, med å vise at det ikkje er nokon motsetnad mellom å vere patriot og å vere globalist. Han ville heller vise at motsetnaden står mellom patrotisme, som også inkluderer eit sterkt europeisk samarbeid, og nasjonalisme, som er eksluderande i natur, skriv Financial Times.

FRANCE2017-VOTE-TV-DEBATE

EU er eit av mange tema der Le Pen og Macron er klare motsetnader. Her frå den siste TV-debatten førre veke. Mange blei overraska over den tøffe tonen.

Foto: STRINGER / AFP

Det er ikkje over - «Den tredje runden»

Om han får gjennomført visjonen sin, klar eller ikkje, kjem mykje an på korleis parlamentet kjem til å sjå ut etter valet til dette i juni – også i to omgangar som presidentvalet. Dette blir difor ofte omtala som «den tredje runden» av presidentvalet.

Macron, som ikkje har eit tradisjonelt parti i ryggen, har lova «nye fjes og nye talent»; halvparten av dei frå «Framover!»-rørsla som stiller til parlamentsvalet vil vere folk utanfrå det politiske systemet, og halvparten vil vere kvinner.

Men trass i at Macron har uttalt seg positivt om ideen om ein sterk stat og ein sterk president, er det i realiteten eit presidentembete som er betydeleg svakare enn då Charles De Gaulle innførte den 5.republikken for snart 60 år sidan.

Sjå ein rykande fersk dokumentar om valkampen til Macron i Urix spesial onsdag 10.mai.

SISTE NYTT

Siste nytt