NRK Meny
Normal

Egyptisk hærsjef ber folk ta til gatene fredag

Egypts hærsjef, general Abdel Fattah al-Sissi ber egyptarane om å gå ut i gatene og demonstrere førstkomande fredag, for å gi han eit mandat til å slå ned på terror og vald.

Egypts hærsjef Abdel Fattah al-Sissi.

Abdel Fattah al-Sissi ber om massedemonstrasjonar i Egypt etter fredagsbøna.

Foto: - / Afp

Generalen sa dette i ein tale til nyutdanna kadettar i hovudstaden Kairo i dag. Oppmodinga frå forsvarssjefen kan vere eit signal om at dei no vil gå hardare til verks mot dei som demonstrerer til støtte for den avsette presidenten, eller eit forsøk på å skremme islamistane til å avslutte aksjonane sine.

Det er lite som tyder på at det skal lukkast. Al-Sissis tale vart sendt direkte på egyptisk fjernsyn, og det gjekk ikkje lenge før svaret kom frå Den muslimske brorskapen, partiet til Mohamed Morsi.

- Ein direkte trussel

Essam el-Erian

Essam el-Erian frå Den muslimske brorskapen kallar oppmodinga frå hæren for ein direkte trussel.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters

Brorskap-toppen Essam El-Erian seier at hærens oppmoding til demonstrasjonar er ein direkte trussel, men at det ikkje vil stanse demonstrasjonane til støtte for den avsette presidenten. Morsi blir halden i husarrest av hæren.

På Facebook-kontoen sin skriv El-Erian at al-Sissi er ein kuppleiar som tek livet av kvinner, born og menneske i bøn.

– Komande fredag må alle rettskafne egyptarar ta til gatene for å gi meg eit mandat og ein ordre om å bli kvitt terrorisme og valdsbruk, sa al-Sissi blant anna i talen sin.

Den mektige ungdomsorganisasjonen Tamarud har alt sagt at dei vil følgje hærsjefen si oppmoding, og dei ber medlemene sine om å følgje oppmodinga frå hæren.

Hæren avsette 3. juli i år den islamistiske presidenten Mohamed Morsi etter massedemonstrasjonar med krav om hans avgang.

LES OGSÅ: Morsi-tilhengjarar nektar å gi seg – seks drepne i gatekampar i Kairo

LES OGSÅ: Egypts nye president holdt sin første tale til folket

Omfattande valdsbruk

Mohamed Morsi

Mohamed Morsi blir halden i husarrest av den egyptiske hæren.

Foto: Nasser Nasser / Ap

– Morsi fekk beskjed om at han enten måtte trekkje seg eller halde ei folkerøysting, sa Sissi i talen sin i dag. Han heldt talen berre få timar etter at ein egyptisk politimann vart drepen av ei bombe utanfor ein politistasjon nord for Kairo, medan fleire av kollegaene hans vart såra.

I går vart ni menneske drepne i samanstøytar mellom tilhengjarar og motstandarar av Mohamed Morsi. Begge gruppene skuldar kvarandre for å vere den aggressive parten.

Rundt 200 menneske er drepne sidan opprøret mot Mohamed Morsi starta. På Sinai-halvøya har det nesten dagleg vore angrep mot tryggingsstyrkane der. Seinast i dag vart ein egyptisk soldat drepen av væpna menn der.

Innbyggjarane i Egypt er svært delte i synet på avsetjinga av Mohamed Morsi. Demonstrasjonane som førte til at den islamistiske presidenten vart avsett var truleg dei største i landet si historie.

Angrep på politistasjon i Masoura i Egypt.

Egyptiske politifolk held vakt etter angrepet mot ein politistasjon i Masoura nord for Kairo onsdag morgon.

Foto: SAYED BAZ / Afp

– Torer ikkje setje Morsi fri

Adly Mansour er fungerande president i Egypt.

Fungerande president Adly Mansour har bede islamistane om å samarbeide med den nye administrasjonen.

Foto: Fady Fars / Ap

Etter at Morsi vart avsett har det vore daglege demonstrasjonar mot dei nye makthavarane, men desse massemønstringane har ikkje greidd å samle like mange deltakarar.

FN, EU, USA og fleire andre land har bede egyptiske styresmakter om å setje Mohamed Morsi fri, men kjelder i hæren seier at dei nye makthavarane ikkje tek sjansen på at han skal gå fri.

Det er frykt for at med Morsi som ein fri mann kan det få fleire til å slutte seg til demonstrasjonane for at han skal gjeninnsettast som president.

Den nyinnsette presidenten Adly Mansour sine oppmodingar om nasjonal einskap og samarbeid har ikkje falle i god jord hos Den muslimske brorskapen og støttespelarane deira. Brorskapen nektar alle formar for samarbeid før Mohamed Morsi blir gjeninnsett som president.

LES OGSÅ: «Den blodigste massakren siden Mubaraks fall»

LES OGSÅ: USA-besøk i Egypt preget av uro

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt