Hopp til innhold

Dette er Nice-terroristen

Nice-terroristen, som brutalt tok livet av minst 84 menneske seint torsdag kveld, er identifisert som den 31 år gamle småbarnsfaren Mohamed Lahouaiej-Bouhlel, busett i Frankrike med tunisisk statsborgarskap.

Dette er Nice-terroristen

Dette identitetskortet vart funne i lastebilen terroristen brukte på strandpromenaden i Nice torsdag kveld.

Foto: Splash News / Splash News

Bouhlel har vore kjend av politiet frå før, men han har aldri vore mistenkt for å vere ytterleggåande islamist. Han har vore involvert i saker der det vart brukt våpen og utøvd vald, og i saker med narkotika- og vinningskriminalitet.

Han har ein dom på seks månaders fengsel på vilkår. Denne fekk han for å ha gått til angrep på ein kollega under ein krangel. Han var ikkje kjend for etterretningstenesta.

Han var busett bydelen Abattoir i den nordlege delen av Nice. Området blir skildra som eit arbeidarstrok i byen, og det er ikkje er ein bydel med overvekt av innvandrarar.

Lastebilsjåfør

Terror i Nice.

Politiet skaut mot lastebilen i håp om å stanse den ville ferda, utan å lukkast.

Foto: BORIS HORVAT / Afp

Han livnærte seg som sjåfør, og han skal ha tre born.

Ein nabo seier at han var deprimert fordi kona hadde gått frå han. Eks-kona vart i dag henta av politiet og teken inn til avhøyr , opplyser fransk politi. Dei håpar at ho kan kaste lys over motivet for ugjerninga til eksmannen.

Fleire naboar seier til AFP at mannen er ein einstøing, og at han ikkje har vore religiøs. Ein av naboane seier at han ikkje gjekk i moskeen, og at han heller ikkje bad regelmessig eller fasta under ramadan.

Av naboane AFP snakka med var det berre ei kvinne som hadde noko spesielt å utsetje på Mohamed Bouhlel. Ho sa at han kika for mykje på dei to døtrene hennar.

Frankrikes statsminister Manuel Valls seier i kveld at Bouhlel på ein eller annan måte var knytt til radikal islam.

Dette er terrorofrene i Nice

Folk strømmet til strandpromenaden i Nice etter terroren

– Einstøing

Terror i Nice.

Ringeklokka og namneskiltet til Mohamed Lahouaiej-Bouhlel i inngangspartiet til blokka der han budde.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / Afp

Naboane fortel om ein einsam fyr som sjeldan prata og aldri helste på dei andre i den fireetasjars bustadblokka. Nokre karakteriserer han som skremmande.

Ifølgje lokale medium kjem familien til Bouhlel frå Masakin nær byen Sousse i Tunisia. Foreldra hans er skilde og bur i Frankrike. Mohamed Bouhlel vitja ofte Tunisia, sist for åtte månader sidan.

Han har hatt opphaldsløyve i Frankrike i ti år, men er ikkje fransk statsborgar. Det bur rundt 120.000 menneske med tunisisk bakgrunn i Nice.

Han er ikkje kjent av tunisiske styresmakter for å ha vore i kontakt med ekstreme islamistmiljø i landet.

Christel og Germany, naboer i Nice

Christel og Germany bor i samme nabolaget som Nice-terroristen.

Foto: Kjetil Kern / NRK
Området hvor 31-åringen bodde i Nice

Terroristen budde på baksida av denne bygningen i bydelen Abattoir i Nice.

Foto: Mari Reisjå / NRK

Statsadvokat Francois Molin sa på ein pressekonferanse i ettermiddag at ingen har teke på seg skulda for terrorangrepet i går kveld, men at politiet etterforskar for fullt for å slå fast om Bouhlel handla åleine eller var med i ei gruppe.

– Inspirert av IS

Terrorekspertar seier at angrepet synest å vere inspirert av oppmodingar som både Al Qaida-nettverket og Den islamske staten (IS) har kome med om å bruke bilar til å angripe menneske.

Den svenske terrorforskaren Magnus Ranstorp seier at alt tyder på at gjerningsmannen var motivert av jihadistiske haldningar.

– Jihadistar plar slå til på symboltunge dagar. Dette gjer dei for gjere så mykje skade som mogleg, samt skaffe seg merksemd og ein sterkare reaksjon frå dei nasjonale styresmaktene, seier han til Aftonbladet.

Politiet fann ID-papira hans i lastebilen, som han hadde leigd nokre dagar før ugjerninga fann stad.

Etterlyser foreldre etter Nice-terroren

SISTE NYTT

Siste nytt