Hopp til innhold
Urix forklarer

Den særs lite demokratiske republikken Kongo

Det er harde kår for optimistane i Kongo. Dei som trudde på eit kongolesisk presidentval før jul må innsjå at demokratiet har måtte vike for tåregass, skyting, demonstrasjonar og nye utsettingar av valet.

TOPSHOT-DRCONGO-ELECTIONS-POLITICS-VOTE

Tilhengjarane til opposisjonskandidat Felix Tshisekedi har venta på eit nytt presidentval i over to år. Dei siste dagane har fleire demonstrert ute i gatene, og nokre stader har demonstrantar støtt saman med politi. Her frå Kinshasa etter at valet i førre veke vart utsett sju dagar.

Foto: LUIS TATO / AFP

Klokka tikker for Kongos demokrati. Det er allereie to år sidan Kongo skulle velje ein etterfølgar til president Joseph Kabila, og landet skulle gjennomføre sitt første fredelege presidentbytte.

Men 2016 vart først til 2017, og deretter til 23. desember 2018. Men berre få dagar før jul vart valet utsett nok ei gong.

Styresmaktene meiner dei er tvungne til å utsette valet på grunn av omfattande vald i fleire delar av landet, ein pågåande ebolapidemi og ein brann som øydela eit lagerhus med store mengder valmateriell.

Opposisjonen meiner derimot forklaringane er skalkeskjul for den eigentlege årsaka: Manglande ønske hos styresmaktene til å gjennomføre eit val. Stadig fleire, både innanfor og utanfor Kongos grenser, melder seg på i kritikken mot Kongos leiarar som førebels ikkje har vist evne til å gjennomføre eit demokratisk val.

For mange kongolesarar er glaset så fullt at det no renn over, og dei siste dagane har det vore store protestar, bruk av tåregass og eit regimelojalt politi som skyt mot demonstrantar.

Trong fødsel for Kongo som stat

Kongo, slik me kjenner landet i dag, kom dårleg ut av startblokkene. Belgia var aldri nokon god kolonimakt for Kongos folk. I meir enn 50 år regjerte belgiarane medan dei henta ut gummi og andre naturressursar.

Folket fekk knapt utdanning, infrastrukturen vart tilpassa belgiarane sine behov og statsbygging var det lite av.

Då belgiarane ganske plutseleg reiste heim i 1960 var det berre 16 kongolesarar som hadde høgare utdanning. Utgangspunktet for Kongo i 1960 kunne med andre ord vore betre for landet som er verdas 11. største land, på storleik med Vest-Europa, og over 75 gonger større enn vesle Belgia.

DRCONGO-VOTE DRCONGO-VOTE

Livet går sin gang i Kongo, sjølv om eit etterlengta val snart vert gjennomført. Desse to kvinnene er på veg med banane sine til marknaden i byen Goma i Aust-Kongo, ein del av landet som har opplevd mykje konflikt og ekstrem vald i fleire tiår.

Foto: SIMON MAINA / Afp

Kyrkja er ein av få fellesnemnarar

Kort fortalt er Kongos første 58 år som sjølvstendig land prega av tiår med borgarkrig, djup fattigdom, stor utnytting av naturressursar og mangel på både menneskerettar og demokrati.

Belgiarane er borte for lengst, men er erstatta av nye leiarar som har halde fram med den same utnyttinga av folket og landets ressursar.

Og heller ikkje dagens styresmakter har klart å samle folket.

Kongo som moderne stat oppstod først mot slutten av 1800-talet, som Fristaten Kongo, då Kong Leopold av Belgia forsøkte å legge mest mogleg av Afrika under seg. Han forsøkte seg også på områda me i dag kjenner som Zambia, Malawi, Tanzania og Uganda, men måtte til slutt slå seg til ro med enorme Kongo.

Fram til den dag i dag er det tydeleg at Kongo på mange måtar er ein splitta stat. I den sørlege regionen Katanga har sterke rørsler kjempa i mange tiår for å bli uavhengige. I naboregionen Kasai blussa ein konflikt opp for to år sidan då ein opprørsleiar vart drepen av den kongolesiske hæren.

Og mest kjent er den ekstreme valden i Aust-Kongo som dei siste vekene har fått merksemd gjennom fredsprisvinnar Denis Mukwege, som held til i den delen av landet.

Kongo

I mangelen på noko anna som kan samle folket, har kyrkjene vakse fram som folkets røyst i Kongo.

Særskild den katolske kyrkja har vore kritiske til at presidentvalet har blitt utsett to gonger. Og etter press frå mektige kyrkjeleiarar, og også frå andre land og internasjonale organisasjonar, er det omsider klart for eit etterlengta presidentval i Kongo.

CONGO-ELECTION/

Kongo er eit land fullt av naturressursar, men dette har Kongos folk framleis ikkje tent på. Dei må derimot leve med dårlege arbeidstilhøva i gruvene, stor arbeidsløyse og djup fattigdom.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Kabila kan «ta ein Putin»

Mange roper på eit nytt val i Kongo, men det er få som trur dette valet vil løyse utfordringane Kongo har med korrupsjon, enorme økonomiske forskjellar, djup fattigdom, utnytting av naturressursar og ekstrem vald.

DRCONGO-POLITICS-VOTE-FIRE

Røyken stig frå eit lager der valmateriell var lagra. Brannen skapte ekstra utfordringar for dei som har ansvaret med å gjennomføre valet i Kongo. No er det flydd inn ekstramateriell frå Sør-Afrika.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Då fredsprisvinnar Denis Mukwege besøkte Kong Harald under sitt besøk i Oslo tidlegare i desember, sa han at han var uroa for valet, og at militæret hadde førebudd seg meir enn valkommisjonen.

Og det er ikkje tilfeldig at styresmaktene er vel så opptekne av å førebu seg militært som demokratisk framfor eit val.

For det er kort veg frå val til vald i Kongo, og no har fredsprisvinnar Mukwege fått rett. Førebels har det heile enda i vald, og ikkje val.

President Kabila er altså i sin siste presidentperiode, og mange meiner dette er grunnen til at valet stadig blir utsett.

Kabila har allereie no avslørt at han planlegg å «ta ein Putin» – han håper på å få sin lojale støttespelar, Emmanuel Ramazani Shadary, inn i presidentstolen.

Deretter planlegg Kabila å stille til val igjen ved neste presidentval.

Sidan det er sterke mistankar om tette band mellom valdirektoratet og presidenten er det mange som trur Shadary vil vinne, sjølv om dei få meiningsmålingane som eksisterer viser at Shadary ligg an til å tape.

Om Shadary ikkje skulle vinne eit val, ville dette bety mykje trøbbel for Kabila.

Både fordi eit nytt regime kan stille han til ansvar for lovbrot dei meiner han står bak, og fordi hans noverande samarbeidspartnarar kan snu han ryggen om han mister grepet om makta, pengane og ressursane som finst i Kongo.

Dette er berre litt av bakgrunnen for at mange i Kongo meiner president Kabila og hans folk vil strekke seg langt for å unngå eit fritt og demokratisk val.

Tre heite kandidatar

Men trass pessimismen blant dei som håper på eit rettvist val, har ikkje Kongos opposisjon tenkt å gje president Kabila og hans kandidat ein enkel kamp.

Heile 21 presidentkandidatar har meldt seg på kampen om makta i eit av verdas mest ressursrike land, men det er berre tre stykkar som vert sett på som reelle utfordrarar.

DRCONGO-POLITICS-ELECTION

Emmanuel Ramzani Shadary på messe i Notre Dame-katedralen i Kinshasa. Han er president Joseph Kabila sin føretrekte kandidat.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

1. Emmanuel Ramzani Shadary

Shadary er som nemnt favoritten til president Kabila. Han er tidlegare innanriksminister og generalsekretær i regjeringspartiet PPRD. Han har forsvart presidenten ei rekke gonger, og vart seinast i fjor påført sanksjonar ev EU etter å ha slått hardt ned på ein demonstrasjon frå opposisjonen. Den gong gjekk fleire liv tapt.

Mange meiner altså at Kabilas val av Shadary som sin etterfølgar er eit teikn på at Kongos noverande president vil fortsette å styre landet i kulissane, og halde på makta også fram til han blir velt på ny i 2023.

KENYA-DRCONGO-POLITICS-ELECTION-OPPOSITION

Felix Tshisekedi, til høgre, er ein av dei fremste kandidatane til å bli ny president i Kongo. Ifølge ei av få meiningsmålingar, utført av New York University's Congo Research, leiar han stort framfor Vital Kamerhe, som her får ein klem og som har sagt at han støtter Tshisekedi sitt kandidatur.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / AFP

2. Felix Tshisekedi

I likskap med president Kabila har også Tshisekedi teke over stafettpinnen frå sin far. Etienne Tshisekedi var Kongos mest populære opposisjonsleiar fram til han døde av sjukdom i Brussel i fjor, 84 år gamal. No er det altså sonen, Felix, som leiar partiet UDPS, og stiller til val som presidentkandidat. Hans kandidatur får støtte frå ein annan opposisjonskandidat, Vital Kamerhe.

Tshisekedi har sagt til nyheitsbyrået Reuters at han vil skape fred og tryggleik over heile landet om han vert vald til president. Det er med andre ord ei stor oppgåve for ein som først i fjor tok over rolla som opposisjonsleiar.

Han har i valkampen peika på at Kongos største problem er straffefridomen, dei store økonomiske forskjellane, korrupsjon og ein sterk stammekultur som skaper splid blant folk, melder kongolesiske Radio Okapi. Tshisekedi seier han vil ha ned arbeidsløysa og heve gjennomsnittsløna i Kongo frå cirka ni kroner til cirka 100 kroner.

CONGO-ELECTION/CANDIDATES

Martin Fayulu er på stemmesanking i Goma i Aust-Kongo. Den tidlegare forretningsmannen har segla opp som ein kandidat til jobben som Kongos president.

Foto: STRINGER / Reuters

3. Martin Fayulu

Martin Fayulu vart i byrjinga av november peikt på som opposisjonens felles kandidat, før Tshisekedi og Vital Kamerhe trakk si støtte dagen etterpå etter store protestar frå deira tilhengjarar.

Men Fayulu er framleis ein sterk kandidat som har fått aukande oppslutning etter at han vart trekt fram som opposisjonens kandidat.

Den tidlegare forretningsmannen har tidlegare jobba fleire år i det amerikanske oljeselskapet Exxon Mobil, og som presidentkandidat har han lova å revidere kontraktane Kongo har med ulike gruve- og oljeselskap.

– Folket fortener leiarar som skaffar dei utvikling og rikdom. Me er plikta til å oppnå dette slik at Kongo sluttar å vere gjenstand for latter i verda, sa Fayulu på møtet der han vart vald til opposisjonens kandidat.

Mange spørsmål – få svar

I Kongo er det meste i det blå for tida. I nokre byar har innbyggjarane fått beskjed om at dei ikkje får delta i valet fordi området rundt er råka av ein ebolaepidemi. Dette utgjer rundt ein million kongolesarar som alle bur i opposisjonsvennlege delar av landet.

Resten av Kongo har fått beskjed om at valet kjem til å bli 30. desember, og valkommisjonen påstår eit resultat av valet vil vere klart innan 15. januar. Om eit eventuelt resultat då vil vere til å stole på, er i så fall eit nytt spørsmål som opposisjonen kjem til å stille.

Dei har lenge vore skeptiske til det nye digitale systemet som skal brukast under valet.

Uansett er første bodet for Kongo å forsøke å leve opp til namnet ved å gjennomføre eit demokratisk val. Deretter startar jobben med å bygge ein stat kor alle stolt kan erklære at dei er kongolesarar – innbyggjarar i det som eigentleg er eit av verdas rikaste land.

SISTE NYTT

Siste nytt