Hopp til innhold

Elbil-kritikken frå fredsprisvinnaren blir tema i Stortinget

Denis Mukwege har lenge jobba for eit lovverk som kan hindre utvinning av konfliktmineral som blant anna blir brukt i elbil-produksjon. No seier norske politikarar at meir bør gjerast.

CONGO-NUCLEAR

Ein ung gut jobbar i ei gruve utanfor Likasi i Kongo, der også kobolt vert henta ut. Kobolt er ein etterspurd ressurs, og meir enn halvparten av all kobolt i verda kjem frå Kongo. Det gjer at væpna grupper bruker brutal og seksuell vald for å sikre seg kontroll over mineralrike område i landet.

Foto: SCHALK VAN ZUYDAM / Ap

– Me kjem til å fremme eit forslag i Stortinget som ber regjeringa ta eit internasjonalt initiativ for å få ein skikk på denne gruveverksemda, slik at ho ikkje baserer seg på barnearbeid, misbruk av menneske og masse forureining, seier miljøpolitisk talsmann i SV Lars Haltbrekken.

Statsminister Erna Solberg i Stortingets spørretime.

Lars Haltbrekken og SV vil fremme eit forslag som ber regjeringa ta eit internasjonalt initiativ for å få ein skikk på gruveverksemda i Kongo.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Han legg til at forslaget også kjem til å ta til orde for betre tilrettelegging for gjenvinning av dei metalla og minerala som finst i elektronikken i dag.

Terje Halleland i Frp seier han ønskjer å ta dette opp med klima- og miljøministeren og utanriksministeren.

– Me har kanskje eit særskilt ansvar då me er verdas største elbil-land, målt i bilar per innbyggjar, seier han.

Frp-politikaren trekkjer fram opphavsgaranti på batteri som eit alternativ. Ein slik garanti skal kunne sørge for at ein veit at råvarene i eit produkt er produsert på ein forsvarleg måte, og at dei som produserer varene får skikkeleg betalt og er rettvist behandla.

Mukwege: – Alle har eit ansvar

Utspela kjem dagen etter at Denis Mukwege snakka om ein av sine viktigaste politiske saker under pressekonferansen i Oslo, nemleg samanhengen mellom bruken av seksuell vald i Kongo og mineralutvinning.

Batteria til elbilar, smarttelefonar og mange andre produkt bruker i dag kobolt. Over halvparten av all kobolt i verda, kjem frå Mukweges heimland Kongo.

Terje Halleland

Me har kanskje eit særskild ansvar då me er verdas største elbil-land, målt i bilar per innbyggjar, meiner Terje Halleland i Frp.

Foto: Torbjørn Tandberg

– Me har alle produkt i lommene våre, som er resultat av plyndring. Så me har alle eit ansvar, sa Mukwege.

Måndag gjentok Mukwege appellen under sin nobeltale.

– Å late att augo for dette dramaet er det same som å vere medskuldig. Det er ikkje berre valdsutøvarane som er ansvarlege for sine brotsverk, men også dei som vel å sjå bort, sa han.

Nokre stader i Kongo bruker væpna grupper brutal vald for å sikre seg kontroll over mineralrike område. Desse gruppene bruker også seksuell vald for å skape frykt og få folk til å forlate heimane sine.

Fredsprisvinner Denis Mukwege om utnyttelsen av DR Kongos naturressurser.

Fredsprisvinnar Denis Mukwege om utnyttinga av DR Kongo sine naturressursar.

Høgre: – SV slår inn opne dører

Høgres Stefan Heggelund meiner SV tar opp eit viktig emne, men at deira forslag berre er ei stadfesting på noko som regjeringa allereie gjer.

– Dei slår inn opne dører, seier han.

Han viser til at Noreg aktivt støttar initiativet «Extractive Industries Transparency Initiative» (EITI), som har som mål å auke openheita rundt betalingsstraumar frå petroleum og gruveindustri.

Stefan Heggelund (Høyre)

Stefan Heggelund (H) meiner at SV slår inn opne dører.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Gjennom dette kan myndigheitene i land som Kongo i større grad bli stilt til ansvar for korleis inntektene blir brukte, meiner Heggelund.

– Openheit er den største trusselen for dei som driv med slike ting, seier han.

Heggelund trekkjer også fram at regjeringa har auka innsatsen til kampen mot moderne slaveri med 100 millionar kronar. Men Haltbrekken peikar på at sjølv om begge desse tiltaka som Heggelund nemner er bra initiativ, så er dei frivillige.

– Me må innsjå at me er nøydde til å gjere noko meir ein det som er frivillig, seier han.

Heggelund seier at dersom me skal overvinne desse problemstillingane, så må me gjere det gjennom internasjonalt samarbeid.

– Bør sjå til kaffi-, diamant-, og klesindustrien

Denis Mukwege under sin nobeltale

Fredsprisvinnar Denis Mukwege held si nobeltale i dag.

Foto: Tobias Schwarz / AFP

Blant norske politikarar er mange einige med Mukwege, men fleire understrekar at problemstillinga er kompleks og vanskeleg å gjere noko med.

Ap-politikar og tidlegare utanriksminister Espen Barth Eide trur ikkje løysinga er å stanse alt kjøp av mineral frå Kongo, men at ein kan sjå til andre næringar som har innført regelverk som skal bidra til mindre utnytting av menneske.

– Skal me lukkast i det grøne skiftet treng me fleire av desse minerala, men samtidig må me sjå på korleis desse minerala blir produserte. Me har erfaring frå diamantindustrien, kaffiproduksjon og etter kvart også klesproduksjon i Asia med sertifisering av bedrifter. Og eg meiner me etter kvart bør gjere dette når det gjeld desse sjeldne minerala, seier Eide.

Han viser til at den endelege løysinga finst i Kongo, og at Noreg også bør forsøke å bidra til eit godt styresett i Kongo.

– Internasjonale organ er løysinga

Venstres Ketil Kjenseth viser til at det i tilfellet med elbil bør gjerast endå meir forsking for å kunne framstille batteri også her i Noreg og andre land med andre råvarer enn kobolt. Når det gjeld situasjonen i Kongo meiner han internasjonale organ er løysinga.

– Uetisk handel og utnytting nedkjempar me best gjennom internasjonale organ som WTO og ved hjelp av forbrukarorganisasjonar. Internasjonale klimaforhandlingar er også ein arena for å adressere berekraftig utvikling og handel, seier Kjenseth.

I likskap med SV meiner også Kjenseth at gjenbruk av materiale er viktig, og viser til at Venstre fekk gjennom eit forslag om ein meir sirkulær økonomi i regjeringsforhandlingane i fjor.

AKTUELT NÅ