Hopp til innhold

Valdtekt og halshogging pregar valkampen

Ei ny valdsbølge pregar Kongo framfor det kommande presidentvalet. I kulissane står rike, mektige menn som betaler militsgrupper for å utføre ekstrem vald. Målet er å hindre eit val.

DRCONGO-CONFLICT

Ein helsearbeidar vaskar og pleier lika til ein mann og ein gut som vart drepen i byen Beni i oktober. Væpna grupper går til angrep på landsbyar for å jage bort folk og få kontroll over ressursrike territorium. Mektige og rike menn finansierer no gruppene for å gjere det ekstra vanskeleg å gjennomføre eit nytt val i Kongo.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Ein dag i oktober tikka nokre bilete inn på e-post til NRK. Dei viste døde menn og kvinner, drepne på brutalt vis. Nokre bilete viser tydeleg at machetar har kutta opp ansikt og hals. Eit anna bilete viser ein mann som har ansiktet intakt, men kor hovudskallen er knust.

Ei enkel, lita melding frå nyheitsbyrået AFP fortel om det same angrepet: 14 personar døde i angrepet Mai-Mai Nyatura-militsen utførte på landsbyen Rubaya.

Nokre veker etterpå tikker nye bilete inn, denne gongen frå ein annan landsby i Aust-Kongo. Bileta viser eit forkola lik i midten av ei folkemengde. Bebuarane i byen har fanga ein person dei meiner stod bak fleire drap og tent på han. Gatejustisen lever i Kongo.

CONGO-DEMOCRATIC

FN har lenge vore til stades i FN. Ikkje alle i Kongo set pris på FN-styrkane, som dei meiner er for dårlege til å slå ned på militsgruppene som opererer i området.

Foto: James Akena / Reuters

Styresmakter og rebellar samarbeider

NRK har vald å ikkje publisere dei grufulle bileta, men har snakka med kongolesaren som har formidla bileta. Claude Matondo jobbar for den norske organisasjonen New Chance som driv ein barneheim i Aust-Kongo.

Han fortel at det har vore fleire angrep på byen hans i det siste, og at frykta aukar i Aust-Kongo i takt med at presidentvalet 23. desember nærmar seg. For i Kongo er val og vald to sider av same sak.

– Me er vitne til ran og angrep heile tida. Nokre gonger har dei væpna mennene kongolesiske uniformer på seg, men dei er ikkje soldatar, dei er terroristar som står langs vegane og robbar folk, fortel Matondo på telefon frå Aust-Kongo.

TOPSHOT-DRCONGO-CONFLICT

Ein kongolesisk soldat tek ein pust i bakken, men er framleis på vakt. Kongolesiske styrker samarbeider på den eine sida med FN-styrker, men fleire soldatar har også blitt skulda for valdtekter og overgrep mot sivile. Regjeringssoldatane har fleire gonger blitt angripe av militsgrupper i området.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Han fortel folk fryktar kva presidentkandidatane kan finne på å gjere. Innblandinga frå mektige menn er ein av trugslane.

– Det er mange som ikkje ønskjer dette valet, fordi dei tener så mykje pengar på at det er slik som det er i dag. Nokre gonger er det folk i regjeringa som samarbeider med rebellane om å skape vald.

Konfliktmineral hamnar i Vesten

Claude Matondo meiner banda til rike forretningsfolk, ofte frå utlandet, er årsaka til at valden er så omfattande i Kongo. Han meiner personar i USA, Frankrike, Kina og andre land forsyner gruppene med pengar til å kjøpe våpen og uniformer, og at dei i retur får kongolesiske mineral og naturressursar.

Claude

Claude Matondo fortel om aukande valdsbruk i Aust-Kongo i forkant av presidentvalet i desember.

Dette er meiningar han deler med mange i Kongo, der mange rike og mektige personar er involvert i utvinninga av ulike mineral.

I kampen om kontroll over territorium blir ekstrem vald, valdtekt og brent jords taktikk brukt til å skaffe seg kontroll og jage bort dei som bur i området. Politisk makt, rikdom og ekstrem vald heng tett saman.

Mykje tyder på at kongolesiske konfliktmineral hamnar i varer som også vert selde i Vesten, slik som mobiltelefonar, bilar og smykke. Også i norske butikkar kan ein risikere å kjøpe mineral som er komen via militsgruppene i Kongo. At mange mineral tek vegen via Kina før dei hamnar i produkta som vert selt i Vesten gjer det vanskeleg å kunne slå fast om mineralet er eit konfliktmineral eller ikkje.

DRCONGO-CONFLICT

Kongolesiske regjeringssoldatar er ute på oppdrag. Soldatane er mange i Kongo, men det er også dei væpna gruppene. Her utanfor byen Oicha, på veg mot lyden av skotveksling.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Val = vald

Ein av Noregs fremste Afrika-ekspertar, Morten Bøås, deler også oppfatninga om at val i Kongo betyr meir vald.

– Mange av dei som har kara til seg mykje pengar er redde for eit presidentval. Det fører til mykje brutal vald, seier NUPI-forskaren.

– Spelet om politisk makt i Kongo er eit null-sum-spel. Anten vinn du alt, eller så taper du alt. Når folk som har mykje i dag risikerer å tape alt vil terskelen for brutal valdsbruk gå ned. I Kongo er historia om politikk ei historie om vald, seier Bøås.

Ønsker konflikt

Valet som er planlagd 23. desember er allereie utsett to gonger. Styresmaktene har sagt valet har blitt utsett fordi det har vore altfor mykje konflikt til å kunne gjennomføre eit val i delar av landet.

DRCONGO-UNREST-IDP-CAMP

Kongo har dei siste to åra opplevd ei ny valdsbølge, og mange tusen er drivne på flukt. Her frå ein leir for flyktningar i Bunia.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Ei av årsakene til valdsauka er altså pengestraumane mellom rike og mektige menneske og militsgruppene.

NUPI Ansattebilder

Morten Bøås, forskar ved NUPI, seier mange av dei som har kara til seg pengar i Kongo er redde for kva eit presidentval kan bety for dei.

Foto: Christopher Olssøn

– Både mektige personar som støtter president Kabila, og mektige personar som er i opposisjon til Kabila, bidreg til auka konflikt. Her er det lokalpolitiske omsyn kombinert med nasjonalpolitiske omsyn. Det er mange uheldige koplingar mellom rike folk i hovudstaden Kinshasa og lokale militsar i Aust-Kongo, seier Bøås.

Tilbake står det kongolesiske folket igjen som taparane. Dei brutale bileta som kjem ut frå Kongo kan ikkje visast fram i norske medium, og dei vitnar om ein brutalitet nordmenn knapt kan forstå.

Valkampen er godt i gang i Kongo, og mykje tyder på at valet denne gongen vil bli gjennomført, og det vil skje 23. desember. Også dei siste dagane har det vore mykje uro. Førre helg vart tre personar halshogne av sine meiningsmotstandarane. Dei tre støtta kandidaten som president Joseph Kabila har peika ut som sin etterfølgar, Emmanuel Ramzani Shadary. Det skriv nyheitsbyrået AFP.

SISTE NYTT

Siste nytt