Hopp til innhold

Dei gløymde krisene i 2023

I Sudan tar ein paramilitær styrke stadig nye område, på brutalt vis. I Kongo grev sjuåringar etter kobolt. Og korleis går det eigentleg med Jemen?

Ein mann og to kvinner på ein motorsykkel. Bak dei brenn det frå bakken. Ei dame går i bakgrunnen.

GJENGVALD: Innbyggarane på Haiti må i mange område innrette seg etter kriminelle gjengar. Myndigheitene har mista kontrollen.

Foto: RICHARD PIERRIN / AFP

Når vi spør Jonas Gahr Støre om kva konfliktar han er uroa for i 2024, er svaret krigen i Ukraina og i Midtausten.

Han kallar desse konfliktane særleg urovekkande fordi store land er involverte og faren for at dei kan kome ut av kontroll, er stor:

– Det krev at vi har særleg merksemd retta mot desse, seier Støre.

Men det er ikkje berre her krig og konflikt herjar. Her er fem av dei viktigaste gløymde krisene frå 2023.

Ei kvinne sit med ryggen til kamera på bakken. Framfor ho er det ørken og nokre telt.

I Sudan blir valdtekt brukt som krigsvåpen

KPOU1XfiQJA

Haiti er herja av gjengvald

Ei bygning er øydelagd, kun bjelkane står att. Det er hengt opp ein plakat av al-Assad med rød arabisk skrift på. Han har på solbriller.

I Syria nektar presidenten å gå av

NeLc1T1Ls8w

Ein åtte år lang borgarkrig har sendt Jemen i ei humanitær krise

1E_3rmPztQE

Rikdom i jorda har ført til konflikt i DR Kongo

Sudan – Valdtekt som krigsvåpen

– Korleis har du det?

– No kjenner eg meg heilt fortapt. Eg er ikkje lenger redd for å døy.

Det seier 24 år gamle Zainab til NRK. Ho studerte medisin ved eit universitet i Khartoum då krigen braut ut i april.

– Det eg fryktar no, er valdtektene. Vi høyrer om det heile tida.

portrettbilde av zainab i tradisjonell sudanesisk drakt. har på kvitt sjal.

Zainab kjenner seg heilt makteslaus når ho tenker på krigen. Ho har flykta frå kampar nær ho fleire gonger.

Foto: privat

Før krigen var draumen hennar å få ein snill ektemann og barn som liknar på ho sjølv, og få fullført legeutdanninga, fortel ho.

Men 15. april i år endra livet seg for absolutt alle sudanarar.

Menn som kjempar mot menn

På grunn av usemjer om mellom anna maktfordeling, gjekk den paramilitære styrka RSF til angrep mot regjeringshæren.

Dei to militære styrkane har styrt landet saman sidan dei kuppa makta i 2021.

Soldatar går med uniform og gevær i ei gate framfor ein tanks.

Soldatar frå regjeringshæren (SAF) i byen Port Sudan i april.

Foto: AFP

Raskt etter at kampane braut ut i april, kom det rapportar om omfattande plyndring og valdtekter i Khartoum, ein by som no blir karakterisert som heilt øydelagt.

Ifølge FN er det særleg RSF-soldatane som har brukt valdtekt og plyndring i si krigføring, sjølv om det blir rapportert om frå begge sider.

– Eg høyrer om det heile tida. No er draumen min å vere på trygg avstand frå RSF-soldatane. Det er det, seier Zainab.

Krigføringa er ekstremt brutal, og har tvinga 6,7 millionar sudanarar til å flykte frå heimane sine. Dei hardaste kampane har vore i Khartoum og Darfur.

Sjølv om konflikten handlar om å vinne territorium, har han også etniske dimensjonar.

I oktober utførte RSF-soldatar ein massakre på masalit-folket i ein flyktningleir i Vest-Darfur. Ifølge Al Jazeera skal minst 1300 ha blitt drepne.

Fleire som kom seg unna, rapporterte om seksuell vald mot kvinnene og brutale drap på mennene.

Mange blåe telt er sett opp på eit område.

Over ein million har flykta frå Sudan. Halvparten har reist til nabolandet Tsjad, der det er sett opp fleire flyktningleirar.

Foto: EL TAYEB SIDDIG / Reuters

I desember gjekk RSF-soldatar inn i Wad Madani. Byen blei kalla ei trygg hamn for dei som hadde flykta frå kampane.

Her skal RSF-soldatar ha «terrorisert innbyggarane» og plyndra hus. På under to døgn skal 300.000 ha flykta frå området.

Zainab var ein av dei som hadde flykta til Wad Madani. Ho fortel om dagen dei kom:

– Vi vakna til bombene. Eg og tre venner fann ein buss. Vi visste ikkje kvar vi skulle reise, vi visste berre at vi måtte vekk. Det viktigaste var å ikkje få augekontakt med soldatane.

Etter ti dagar enda ho opp i byen Dongola, men her er ho heilt aleine. Ho vil reise til Egypt, men fortel at visum kostar 3000 dollar, pengar ho ikkje har.

Fredssamtalar har ikkje ført fram, og alle våpenkvilene mellom partane har blitt brotne. Det ser ikkje ut til at konflikten vil løyse seg med det første.

Les meir om konflikten her.

Haiti – Herja av gjengvald

Det vesle landet i Det karibiske hav har vore herja av gjengkriminalitet dei to siste åra.

Drapet på dåverande president Jovenel Moïse utløyste ei stor politisk uro i landet i 2021. Gjengane fekk meir kontroll, noko landets vesle politistyrke på 10.000 personar ikkje klarte å stanse.

I september i år bad landets statsminister om internasjonal hjelp for å få bukt med dei rivaliserande gjengane.

Leiaren for den væpna gruppa G9 Familie og Allierte, Jimmy "Barbecue" Chérizier.

Leiar for «G9 Family and Allies» Jimmy «Barbecue» Chérizier skal vere den mektigaste gjengleiaren på Haiti.

Foto: Odelyn Joseph / AP

3000 menneske skal ha blitt drepne frå januar til september i år, 1500 skal ha blitt kidnappa, og fleire hundretusen har måtte flykta, viser ein rapport frå FN.

Også her er valdtekt utstrekt. FNs generalsekretær António Guterres seier at gjengane utfører valdtektene for å «terrorisere befolkninga». Barn heilt ned i tiårsalderen skal ha blitt valdtekne og drepne framfor sine eigne foreldre av gjengkriminelle.

Ein familie held henderog går over ei elv. Dei har vann til livet.

Mange har blitt tvungne på flukt frå Haiti. Mellom januar og mai skal 15.000 ha kryssa grensa frå Colombia til Panama via den risikable ruta Darién Gap.

Foto: Junior KANNAH / AP

Ulike gjengar skal i dag kontrollere om lag 80 prosent av hovudstaden Port-au-Prince, som husar minst 1,5 millionar menneske.

Rose-Marie Clervil er ein av dei som har måtte forlate heimen sin på grunn av gjengvald i nabolaget. No bur ho og familien hennar i ein flyktningleir i hovudstaden:

I fjor hadde vi ein heim, i dag lever vi på gata. Vi har ingen grunn til å feire jul i år.

Les meir om situasjonen på Haiti her

Syria – Presidenten som ikkje vil gå av

I 2011 gjorde folket i Syria opprør mot den politiske undertrykkinga i landet.

Opprøret blei, ikkje overraskande, slått hardt ned på av den syriske regjeringa, leia av president Bashar al-Assad. Ein borgarkrig braut ut.

På den andre sida stod ei mangfaldig gruppe opprørarar. Alt frå kurdiske sosialistar (YPG) til radikale islamistar (IS).

Land som Tyrkia, USA, Russland og Iran har på ulike sider vore involverte i krigen.

Putin og Assad tek kvarandre i handa og smiler

Bashar al-Assad står stødig ved Putins i krigen i Ukraina, og har Putins fulle støtte i Syria.

Foto: Mikhail Klimentyev/Sputnik / AP

Den blodige krigen har sidan 2011 drive over halvparten av landets befolkning på flukt og kravd 500.000 liv.

Assad-regjeringa har fleire gonger blitt skulda for bruk av tortur og kjemiske våpen i den lange konflikten. Seinast i november kom det skuldingar mot det syriske regimet for grove brot på FNs torturkonvensjon av nederlandske myndigheiter.

Men presidenten vil ikkje gå av, og har ved hjelp av russiske luftangrep klart å gjenerobre to tredeler av landet.

Bilde av lik rullet i tepper

Fem personar i same familie blei drepne i eit russisk luftangrep i Idlib 26. desember i år.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / AFP

Jordskjelvet som gjorde vondt verre

Den allereie vanskelege situasjonen i landet, blei forverra av jordskjelvet som ramma både Syria og nabolandet Tyrkia i februar.

Særleg i Nordvest-Syria har situasjonen blitt vanskelegare, der opprørarar framleis har kontroll. Som følge av skjelvet, blei 300.000 tvinga på flukt, og enda fleire har blitt avhengige av humanitær støtte.

Jemen – Borgarkrig og mangel på hjelp

Også i Jemen har ein borgarkrig fått halde på altfor lenge.

Åtte år med krig har ført til at offentlege apparat, som helsevesen og utdanning, har kollapsa fullstendig. 8 av 10 jemenittar er i dag avhengige av humanitær støtte.

menneske står med matforsyingar.

Donorstøtta til Jemen har minka dei siste åra. I desember stansa WFP den humanitære støtta til Houthi-kontrollerte område.

Foto: Khaled Ziad / AFP

Folkeopprøret under den arabiske våren i 2011 førte til at president Ali Abdullah Saleh måtte gå av.

Ei overgangsregjering kom på plass, med Abed Rabbo Mansour Hadi som president. Men han var upopulær blant folket, som på nytt gjekk ut i gatene.

Den Iran-støtta Houthi-militsen utnytta folkets misnøye. Dei marsjerte mot hovudstaden, og sende presidenten i eksil. Opprøret førte til ein borgarkrig.

Houthiane kjempa imot den internasjonalt anerkjente Hadi-regjeringa, som har hatt sterk støtte frå Saudi-Arabia.

Den saudiarabiske koalisjonen utførte over 25.000 luftangrep i Jemen over åtte år. Over 150.000 har blitt drepne.

Ein mann med våpen står ved eit flagg som står stilt opp på nokre steinar. Det er arabisk skrift på flagget.

Slagordet til houthiane skrive på eit flagg: «Gud er stor. Død over Amerika. Død over Israel. Forbanning over jødane. Siger til Islam.»

Foto: Mohamed al-Sayaghi / Reuters

Angrepa har minka etter at ei våpenkvile kom på plass i fjor, men situasjonen har ikkje blitt betre for dei sivile.

Houthiane kontrollerer i dag hovudstaden og områda rundt. To tredelar av befolkninga er underlagt deira styre. Regimet blir kalla undertrykkande, brutalt og lite økonomisk kompetent.

I områda som ikkje er underlagt houthiane eller den tidlegare Hadi-regjeringa, kjempar fleire islamistiske militsar om territorium.

Donorstøtta går ned

Landet tronar i dag FNs liste over verdas største humanitære kriser.

I august annonserte Verdas matvareprogram (WFP) at dei berre hadde fått inn 20 prosent av donorstøtta dei trong for å gi tilstrekkeleg humanitær støtte ut året.

Richard Ragen, WFPs landdirektør for Jemen, skildra tøffe prioriteringar:

– Vi må ta mat frå dei som er svoltne, og gi han til dei som svelt. Millionar av jemenittar er avhengige av oss for å overleve.

I starten av desember annonserte WFP at dei må kutte all støtte som går inn i Houthi-kontrollerte område, på grunn av usemje med houthiane og nedgangen i støtta.

Les meir om Jemen her.

DR Kongo – Når rikdom fører til konflikt

I 1960 fekk Den demokratiske republikken Kongo sjølvstende frå Belgia, og ei kolonitid prega av terror skulle endeleg vere over. Men slik blei det ikkje.

Sjølv om DR Kongo har verdas lågaste bruttonasjonalprodukt, er landet eit av dei rikaste landa på naturressursar som gull, diamantar, sink og bly.

Men rikdomen har blitt rota til konflikten i landet. Væpna grupper kontrollerer nemleg fleire av områda med landets viktigaste mineral: Kobolt.

Barn sorterer kobolt

Barn sorterer kobolt ved ei gruve i Kongo.

Foto: Amnesty

Kobolt blir brukt i oppladbare batteri, og har vore fundamental for den såkalla elbilrevolusjonen og det grøne skiftet i Vesten.

Men ein rapport frå Amnesty International viser alvorlege menneskerettsbrot knytt til kobolt- og kobberutvinninga i landet. Barn ned i sjuårsalderen arbeider med å utvinne mineral.

Bilde av gruvedrift i Kongo

Rundt 20.000 menneske jobbar på Shabara-gruva i Kolwezi, i skift på 5000 om gongen.

Foto: JUNIOR KANNAH / AFP

Gruveselskap på jakt etter rikdom skal ha rasert heile samfunn, som har tvunge tusenvis av menneske på flukt.

Ein av dei som ha flykta heimen sin, er 57 år gamle Kanini Maska.

Ho fortel til Amnesty at soldatar kom til landsbyen hennar og beordra folk å forlate området augneblunkeleg.

– Eg spurte dei: Kvar skal vi reise? Vi har oppdratt våre barn her. Vi har dyrka mat her. Det er her barna våre går på skule.

Dei måtte berre reise, og fekk beskjed om at dei ikkje fekk lov til å kome tilbake.

Vi hadde ingenting å overleve på, og måtte overnatte i skogen, fortel Maska.

Les meir om DR Kongo her.

SISTE NYTT

Siste nytt