Snart kan tusenvis av britiske byråkratar og politifolk overvaka folks nettbruk

Hadde du godteke om Politiet, Mattilsynet og Nav hadde tilgang på å sjekke kva nettsider du vitjar? Slik blir no kvardagen i Storbritannia.

BRITAIN-EU/

Britanes statsminister Theresa May har lenge vore ein sterk tilhengar av å bruke overvaking i kampen mot kriminalitet og terror. Før ho overtok for David Cameron var ho innanriksminister, og ansvarleg for den nye britiske overvakingslova.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Tenk deg at du flyttar til Storbritannia. Då vil du heilt sikkert skaffa deg internett og eit mobiltelefonabonnement. Der vil du halda kontakt med kjende, du vil vitja nyhendeside, og du vil kanskje også vitja nokre nettsider, som du helst ikkje vil at andre skal vita at du gjer.

Men samtidig sit det ein byråkrat i det britiske mattilsynet, det sit ein politimann i Manchester, ein tollbyråkat i London og tusenvis av andre som kan gå inn og sjekka kva nettsider du har vore på.

Er det greitt?

Storbritannia har lenge vore rekna som det landet i den demokratiske verda som går lengst i å overvaka eigne borgarar. Og denne veka tok dei endå eit steg i retning av det kritikarar kallar eit totalovervakingssamfunn.

No vil ein rekke britiske statsinstansar få tilgang på informasjon om britars nettbruk – inkludert kva for nettsider dei vitjar. Alt skal bli lagra av tele- og dataselskapa i 12 månader, og går mykje lengre enn EUs datalagringsdirektiv som blei kjent ugyldig i 2014. Men det som datalagringsdirektivet gjaldt – kven du har kontakt med på telefon og internett, vil også bli lagra.

Ingen domstolskontroll

Om du koplar deg på nettet i Storbritannia vil då det bli lagra kva nettsider du går inn på – til dømes nrk.no. Men dei vil ikkje kunne sjå kva artiklar du les på nrk.no

I tillegg til det britiske politiet, vil fleire andre britiske statsinstansar få tilgang – utan at ein domstol må godkjenna innsynet.

Etter at både det britiske underhuset og overhuset stemte ja til «Investigatory Powers Act 2016», har også «Dronninga i statsråd» no sagt ja til den omstridde lova, som har blitt kalla «snokelova» av motstandarar.

– Verdsleiande lov

Amber Rudd

Britanes innanriksminister Amber Rudd.

Foto: Toby Melville / Reuters

Innanriksminister Amber Rudd frå den konservative regjeringa seier ifølgje Guardian at lova vil bli «verdsleiande», og la vekt på at ho både er bra for personvernet, og er viktig for å stoppa terroristar på nettet.

Personvern-forkjemparar i Storbritannia er langt frå samde. Den britiske avisa viser til at kritikarane kallar lova ekstrem, og at ho kan bli sett på som eit førebilete av autoritære statsleiarar jorda rundt.

– Internett gir nye moglegheiter for terroristar, og me må sørga for å ha kapasiteten til å konfrontera den utfordringa, kontrar Rudd.

NRKbeta: Slik sikrer du deg mot overvåkning som sjefene for FBI og Facebook

Får også lov til å hacka folk

Den nye lovar opnar også for at politiet skal kunne hacka seg inn i mistenkte datamaskinar, slik også norsk politi har fått lov til av Stortinget i år. Men her er det britiske politiet avhengig av ei rettsleg avgjerd.

I tillegg melder The Register at lova opnar for at styresmaktene kan få "bakdørstilgang" til krypterte tenester, noko fleire er redde for kan utgjer ei fare for tryggleiken på nettet.

Har du god tid? Her kan du lese heile den britiske lova

Desse får tilgang

Ein annan ting som er oppsiktsvekkande med lova, er at det ikkje berre er politiet og tryggingstenestene som får tilgang til infoen.

I nesten 50 instansar, inkludert fleire departement, Mattilsynet, den britiske varianten av Nav, samt Toll- og skattevesenet vil tilsette ha lov til å sjå på kva andre britar gjer på nettet. Det vil ikkje vera fritt fram for alle som jobbar der, men likevel vil slik tilgang vera utan sidestykke blant demokratiske land. Sjå heile lista over kven som vil få tilgang hos Independent.

I tillegg er det ikkje nokon domstolskontroll for at desse instansane skal kunne snoka i britanes netthistorikk. Men i enkelte døme, om politiet vil søka i journalistars netthistorikk, må ein dommar gi løyve til det, ifølgje Financial Times.

I Storbritannia er det også ei ganske lang historie for at ikkje berre politiet og tryggingstenestene kan driva med overvaking av folket.

Den såkalla RIPA-lova, som den nye lova vil erstatta, har til dømes gitt lokale kommunebyråkratar lov til å driva skjult overvaking av innbyggarane i enkelte tilfelle.

Men lokale styresmakter får ikkje no tilgang på info om innbyggaranes nettbruk

Dette er aktivistane redde for

I Storbritannia finst det fleire organisasjonar som kjempar for personvern og mot overvaking. Dei har som forventa protestert kraftig mot denne lova. Men i parlamentet har dei konservative og det britiske arbeidarpartiet banka gjennom lova.

Som ein av relativt få parlamentarikarar har Lord Strasburger frå det liberaldemokratiske partiet vore særs negative til lova.

– Me må uroa oss for ein britisk Donald Trump. Om me ender opp med ein, og det er ikkje umogleg, har me no laga gode verktøy for undertrykking, seier han.

Mannen som blir rekna for å vera mannen som fann opp det moderne nettet, Tim Berners Lee, har sagt at lova vil bli eit «tryggleiksmareritt».

- Denne lova har ingen plass i eit moderne demokrati – ho undergrev våre rettar på internett, seier han til BBC.

Og slik reagerer Edward Snowden .mann som avslørte at amerikanske og britisk etterretning i skjul driv med storstilt nett-overvaking av nesten alle verdas nettbrukarar.

Laster Twitter-innhold

Personvernaktivistar er allereie i gang med å saksøke dei britiske styresmaktene for å få erklært lova ulovleg, og over 100.000 har no skrive under på den offisielle «opprop-sida», noko som tyder at det vil bli ein debatt om saka i parlamentet..

Dersom du bur i Storbritannia, eller har tenkt å vitja landet, er det mogleg å verna seg. Du kan til dømes bruka Tor-nettlesaren, eller så kan du bruka ein såkalla VPN.

Er ei slik lov realistisk i Noreg?

Til Dagbladet har internett og personvernekspert Gisle Hannemyr sagt til Dagbladet at ei slik lov som er vedteke i Storbritannia, også kan komma til Noreg om nokre år.

Men advokat Arve Føyen, med personvern som eit av sine spesialfelt, trur ikkje at Noreg i næraste framtid vil kunne innføra ei så omfattande overvakingslov.

– Vi har element av det, men det går ikkje så langt som den engelske lova. Vi er også meir opptekne av å setja grenser.

Advokat Arve Føyen

Advokat Arve Føyen er partnar i FøyenTorkildsen.

Foto: Foyentorkildsen.no

At politiet ikkje treng å få ei rettsleg avgjerd for å få tilgang, er særleg urovekkande, meiner Føyen.

– Domstolskontroll er heilt avgjerande for å bruka slike verkemiddel.

PS! Noko som er foreslått av eit norsk utval går endå lengre enn den britiske lova. Det såkalla Digitale grenseforsvaret, som Regjeringa, og eventuelt Stortinget skal handsama, omfattar overvaking og lagring av all tele- og nett-innhald som kryssar norske grenser. Men det er berre E-tenesta som eventuelt skal få tilgang til denne infoen - iallfall i fyrste omgang.

Les fleire saker:

SISTE NYTT

Siste nytt