Hopp til innhold

Bolsonaro truar med å melde Brasil ut av WHO

President Jair Bolsonaro truar med på trekkje Brasil ut dersom av Verdshelseorganisasjonen (WHO) ikkje sluttar å vere «politisk».

Jair Bolsonaro 5. juni 2020 iGoias i Brasil

Jair Bolsonaro vinkar til tilhengjarane sine etter at han innvigde eit feltsjukehus i Aguas Lindas nær hovudstaden Brasilia fredag.

Foto: SERGIO LIMA / AFP / NTB Scanpix

– Eg seier det no. USA forlét WHO. Og vi ser på moglegheita for å gjere det i framtida. Anten må WHO jobbe utan ideologiske fordommar, elles forlèt vi òg organisasjonen. Det sa den svært høgreorienterte leiaren til journalistar utanfor presidentpalasset i Brasilia fredag.

Forsvarte omstridd medisin

Bolsonaro sa òg at hydroksyklorokin «er tilbake», etter at ein studie, som han omtaler som «falsk», vart trekt tilbake, skriv Reuters.

Studien som tydde på at malariamedisinen kunne auke dødsrisikoen for koronapasientar, vart trekt tilbake denne veka. Årsaka var moglege problem ved ein medisinsk database som vart brukt av forskarane.

Bolsonaro har fronta bruken av hydroksyklorokin, sjølv om det ikkje er vitskapleg dokumentert at medikamentet er effektivt i behandlinga av covid-19-sjukdommen.

Trump-beundrar

Bolsonaro er ein uttalt tilhengar av Donald Trump. USA har sendt 2 millionar dosar av medisinen til Brasil.

Presidenten har vore sterkt imot sentrale smitteverntiltak. Han har slutta seg til protestar mot at folk må halde seg heime for å hindre spreiing.

Tal frå Worldometer viser at over 606.000 menneske i Brasil er koronasmitta. 33.464 av dei har døydd. Lite testing betyr ifølgje ekspertar at dei reelle tala er mykje høgare.

Les òg: Bolsonaros norske ex-kone: – Han er litt macho

SISTE NYTT

Siste nytt