Hopp til innhold

Baldwin etter skytinga: – Ho var vennen min

Alec Baldwin snakkar for første gong ut om hendinga som førte til at Halyna Hutchins døydde på filmsettet til «Rust».

Alec Baldwin har på seg sort, stor t-skjorte, ser mot venstre og snakker i telefonen. Bildet viser ham fra livet og opp. I bakgrunnen er det en uklar slette. I den ledige hånden holder han et munnbind.

Baldwin heldt våpenet som drepte filmfotografen Halyna Hutchins. Han seier han samarbeider med politiet i saka.

Foto: Jim Weber / AP

Som følge av at skodespelar Alec Baldwin (63) fyrte av eit rekvisittvåpen under innspelinga av filmen «Rust» 22. oktober, døydde filmfotograf Halyna Hutchins (42). Regissør Joel Souza (48) blei også skada.

Baldwin har halde ein låg profil sidan ulykka, men har no for første gong uttalt seg til pressa.

– Eg har blitt pålagt å av politiet i Santa Fe å ikkje svare på nokon spørsmål. Det er ei pågåande etterforsking. Ei kvinne døydde, ho var vennen min. Ho var vennen min, seier Baldwin til nettstaden TMZ.

Han fortel at dei åt middag saman den dagen han kom til innspelinga, saman med regissøren Joel.

– Vi var eit velfungerande team som skulle spele inn ein film saman, så skjedde denne skrekkelege hendinga.

«Overvelda av sorg»

Våpenet som fyrte av skulle vere ein uladd rekvisitt, men viste seg å vere ladd. Mannen som gav Baldwin våpenet, erkjenner å ikkje ha sjekka det ordentleg.

Baldwin har i ettertid møtt ektemannen til Halyna og sonen deira på ni år. Han seier mannen, Matthew, er «overvelda av sorg».

– Vi er i konstant kontakt med han og vi er bekymra for han og sonen hans.

Baldwin og kona har gått ut av bilen for å svare på spørsmål frå pressa, som ifølge han har følgt etter dei på bilvegen.

Minnestund for Halyna Hutchins i Albuquerque

Fleire tar til orde for betre sikkerheit på filmsetta.

Foto: Kevin Mohatt / Reuters

Ein av journalistane spør om han nokon gong vil jobbe på eit filmsett som inkluderer våpen igjen. Baldwin og kona blir tydeleg irriterte av spørsmålet.

– Det kan eg ikkje svare på. Men eg veit at folk jobbar med å finne ut korleis dei kan minimere bruken av skytevåpen på filmsett, og det er eg veldig interessert i.

Meiner nye tiltak vil komme

Baldwin er sikker på at den tragiske hendinga vil føre til endringar på framtidas filmsett.

– Nokre nye tiltak må setjast i verk. Eg gir full støtte til tiltak som betrar sikkerheita på filmsetta, seier skodespelaren.

Samtidig still han spørsmål ved kor ofte våpen blir fyrt av ved uhell på filmsett i landet.

– Dette er Amerika, seier Baldwin.

Alec Baldwin avbildet etter ulykken i Santa Fe

Alec Baldwin var tydeleg prega av uhellet som førte til at Halyna døydde.

Foto: Jim Weber / AP

Baldwin seier innspelinga av filmen truleg ikkje vil starte igjen etter dødsulykka.

– Nei, det tviler eg på.

Skodespelaren opplyser om at barna hans er i bilen, og at dei gret.

– Eg gjekk ut av bilen for å snakke med dykk ut av høflegheit. Ver så snill, slutt å følg etter oss. Vi har sagt alt vi kan, seier Baldwin til pressa før han set seg inn i bilen igjen.

SISTE NYTT

Siste nytt