Hopp til innhold

Krisemøte i FN etter at Nord-Korea testa nytt ubåt-våpen

FN skal ha krisemøte i Tryggingsrådet etter at Nord-Korea stadfestar at landet har testa ein ny type ballistisk missil frå ein ubåt.

En TV-skjerm viser en nyhetssending i Sør-Korea om oppskytingen av ubåtvåpenet i Nord-Korea 19. oktober 2021

VIST I SØR: Nyheita om det nye nordkoreanske ubåt-våpenet vart vist på TV-skjermar i Sør-Korea.

Foto: Lee Jin-man / AP

Våpenet gjer at Nord-Koreas undersjøiske militære kapasitet har blitt vesentleg styrkt, ifølgje det nordkoreanske statlege nyheitsbyrået KCNA.

Onsdag kveld norsk tid blir det krisemøtet i FNs tryggingsråd, der Noreg er medlem. Det opplyser diplomatkjelder til nyheitsbyrået AFP og NRK. Ifølgje kjeldene var det USA og Storbritannia som bad om møtet. Det blir eit lukka møte.

Avansert styringsteknologi

Oppskytinga er den første testen av eit missil som skal ha blitt skote opp frå ein ubåt på to år. Nyheitsbyrået KCNA melder at prøveskytinga var ein suksess, og at våpena har avansert styringsteknologi.

Oppskytinga skjedde frå marinebasen Sinpo, og missilet landa i Japanhavet aust for den koreanske halvøya. Ferden skal ha vore på 590 kilometer. Missilet skal ha hatt ein makshøgde på 60 kilometer, og vert dermed rekna som ein kortdistanserakett.

Nyheitsbyrået AP skriv at oppskytinga var den mest alvorlege prøveskytinga Nord-Korea har gjennomført sidan Joe Biden vart president i USA.

USA har fordømt oppskytinga, som skjer samtidig som USA prøver å blåse nytt liv i atomforhandlingane som har lege brakk i over to år.

– Vårt tilbod til Nord-Korea er at vi er villige til å møtast kvar som helst, når som helst, utan vilkår, seier Jen Psaki som er talskvinne for president Biden.

Same ubåt som i 2016

Eit bilete i avisa Rodong Sinmun viser det som skal vere missilet som blir opp skote frå vatnet. Analytikarar seier biletet tyder på at missilet vart vist fram for ei veke sidan.

Dersom Nord-Korea lukkast i å utvikle missilkapasitet som på sikt kan fyre av atomvåpen frå ein ubåt, vil det endre tryggingsdynamikken i regionen og true område langt frå den koreanske halvøya.

Analytikarar peikar likevel på at ubåten som skla ha vore brukt i prøveskytinga er den same som vart brukt for fem år sidan, noko som tyder på at det er gjort avgrensa framgang i utskytingskapasiteten.

Tidlegare rapportar seier at ubåten berre kan fyre av eitt enkelt missil og at det er avgrensa kor lenge ubåten kan halde seg under vatn. Det har og vore stilt spørsmål om missilet faktisk vart fyrt av frå ein ubåt og ikkje frå ein undervatnsinstallasjon.

LES OG:

SISTE NYTT

Siste nytt