Hopp til innhold

– Uhøyrt å krevje stenging av ein tv-kanal i eit naboland

Samtidig som tyrkiske journalistar forsvarte seg i retten denne veka, samla menneskrettsaktivistar og journalistar seg i Doha for å slå ring om pressefridomen i regionen.

Al Jazaar i Doha

al-Jazeera har sidan starten i Doha i Qatar i 1996 utvikla seg til å bli eit mektig internasjonalt mediekonsern

Foto: Naseem Zeitoon / Reuters

– Pressefridomen er sterkt hemma og sterkt truga i heile Midtausten, seier Frode Rekve, ansvarleg for Frie medium-prosjektet ved Institutt for Journalistikk i Fredrikstad, til NRK.

Rekve deltok førre veke på ein stor, internasjonal konferanse om ytringsfridom i regi av den statlege komiteen for menneskerettar i Qatar, der kanalen al-Jazeera har sitt hovudsete.

Å stenge kanalen var eit av 13 krav Qatar nyleg fekk frå Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirat, Egypt og Bahrain etter at desse landa kutta all kontakt med landet i starten av juni, etter skuldingar om at Qatar støttar terrorisme.

Trudde den arabiske våren skulle føre til friare medium

For Rekve og dei andre frammøtte er kravet frå Saudi-Arabia og deira allierte uhøyrt, og dei møtte også opp i redaksjonen til kanalen for å vise sin støtte.

Han understrekar kor viktig kanalen er og har vore.

Frode Rekve

Frode Rekve har vore i Doha denne veka på ei konferanse om pressefridom.

Foto: Håvard Wien / NRK

– I regionen er al-Jazeeras stemme svært viktig. Då den kom på arabisk midt på 90-talet var det ein sensasjon. For første gong hadde ein arabisk nyheitsredaksjon uavhengig dekning av det som skjedde i regionen, særleg fram mot og under den arabiske våren i 2011.

Ein periode prega av håp for media i regionen.

– Mange trudde at med den arabiske våren skulle vi nærmast få eit frislepp av frie medium. Folk gjekk rundt i gatene og ropte «Vi vil ha sanninga», og dermed begynte fleire medium å følge opp det kravet frå folket. Men det blei slege kraftig tilbake, seier han, og nemner blant anna Egypt.

Demonstrasjon i Beirut

Fleire arabiske styresmakter har skulda al-Jazeera for å støtte islamistar, og fleire journalistar frå kanalen har blitt arresterte. Her protesterer dei i Beirut i februar 2014 mot fengslinga av al-Jazeera-journalistar i Egypt.

Foto: HASAN SHAABAN / Reuters

Også Netanyahu trugar med å stenge al-Jazeera

– al-Jazeera er ingen perfekt tv-kanal. det er det vel ingen kanalar som er, heller ikkje NRK, men den har bydd på kvalitetsjournalistikk rundt det som skjer i Midtausten. Det ville vere ein forferdeleg brot på menneskerettane og ytringsfridommen om den blir stengd, seier Rekve.

Men trass trugselen frå Saudi-Arabia og deira allierte, trur han likevel ikkje at dette vil skje. Han trur at samlinga i Doha har sende eit kraftig signal.

I tillegg har Saudi-Arabia etter kvart moderert krava, og Saudi-Arabias FN-ambassadør har sagt at det ikkje er sikkert at al-Jazeera må stengast, så lenge Qatar forpliktar seg til å overvinne terrorisme.

Men det er ikkje berre frå Saudi-Arabia al-Jazeera møter press; Førre veke skreiv Israels statsminister Benjamin Netanyahu i eit Facebook-innlegg at han vil be dei lovgivande styresmaktene om å stenge al-Jazeeras kontor i Jerusalem fordi han meiner dei maner til vald rundt Tempelhøgda.

Høyr intervjuet med Frode Reke i Urix på laurdag

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.