Hopp til innhold

Førebur seg for meir uro i Jerusalem

Israelske styresmakter nektar igjen menn under 50 tilgang til al-Aqsa-moskeen i frykt for uro i samband med fredagsbøna.

Palestinsk gut ved grensepassering

Ein palestinsk gut ved ein grensekontroll utanfor Jerusalems gamleby fredag. Ingen menn under 50 slepp inn på det omstridde området.

Foto: Mahmoud Illean / AP

Rundt 3500 politifolk er plassert i området rundt al-Aqsa-moskeen og Klippedomen fredag, eder tusenvis av muslimar pleier å samle seg til fredagsbøn på det som er eit av islams mest heilage stader.

– I går kveld arresterte vi fleire på Tempelhøgda for å førebu oss til dagens fredagsbøn, og sørge for at det ikkje vil vere unggutar, unge, der som vil forårsake uro.

Det seier Micky Rosenfeld, talsmann for det israelske politiet i Jerusalem til nyheitsbyrået Ap.

To veker med spenning

Berre eit halvt døgn før var det jubel i den palestinske leiren etter at Israel fjerna dei siste sikkerheitstiltaka som dei innførte etter at tre israelarar med palestinsk bakgrunn skaut og drap to politimenn ved inngangen til den okkuperte Gamlebyen fredag 14. juli. Også dei tre angriparane blei drepne, på plassen framfor al-Aqsa-moskeen.

Like etter stengde Israel moskeen for fredagsbøna, noko som berre er gjort to gonger tidlegare etter 1967. Etter dette har dei sett opp metalldetektorar, til stor provokasjon for muslimane, som har hatt nær daglege gateprotestar sidan. Dei ser sikkerheitstiltaka som ei form for kollektiv avstraffing.

Situasjonen blei endå meir spent etter at ein palestinar førre fredag tok seg inn i ei jødisk busetting på Vestbreidda og drap tre israelarar. Israel statsminister Benjamin Netanyahu har teke til orde for dødsstraff mot palestinaren.

Sorg etter årak på Vestbreidda

Familie og vener sørger etter at ein far og hans to vaksne barn blei drepne i ei busetting på Vestbreidda fredag 21. juli.

Foto: RONEN ZVULUN / Reuters

Samtidig annonserte israelske styresmakter annonsere at dei ville fjerne dei ekstra sikkerheitstiltaka, og torsdag kveld strøyma fleire tusen muslimar gjennom Løveporten og inn mot Haram al-Sharif for kveldsbøna.

Men igjen blei det igjen opptøyar.

Israelsk politi hevdar at det blei kasta stein mot dei på høgda, og at opprørspoliti difor dreiv menneskemengdene tilbake.

Palestinsk Røde Halvmåne hevdar at uroa starta då dei israelske politifolka stengde ein av portane då mange prøvde å kome seg inn. Politiet skal ha brukt sjokkgranatar, tåregass og lydbomber.

Samanstøyt mellom palestinarar og israleske sikkerheitsstyrker i Jerusalem torsdag kveld.

Ifølge Palestinske Røde Halvmåne blei rundt 100 skadd i opptøyane torsdag kveld.

Stridens kjerne

Det har lenge vore ei religiøs og politisk strid rundt høgda, som er heilag for både jødar og muslimar, men der muslimar til no har den religiøse kontrollen, under administrasjon av Jordan.

– Jerusalem er ei raud linje, og arabarar og muslimar vil ikkje la Israel krysse den linja. Vi vil ikkje akseptere at denne okkupasjonen som vi avviser skal endre statusen til denne heilage staden, sa Ahmed Aboul-Gheir, leiaren av den arabiske liga, på eit møte om den spente situasjonen denne veka.

Mange palestinarar ser al-Aqsa og kontrollen over dette området som eit viktig symbol i den større kampen mot israelsk okkupasjon.

Hamas og Fatah har hatt eit felles møte for første gong på lenge, og oppfordrar til ein protest etter fredagsbøna som ein del av det dei ser som eit folkeopprør mot den israelske hæren (IDF). Dei understrekar at protestane skal vere ikkje-valdelege.

Folk har samla seg til fredagsbønn

Direkte frå Tempelhøgda/Haram al-Sharif fredag

SISTE NYTT

Siste nytt