NRK Meny
Normal

– Eit sterkt Nato det viktigaste

NATOs nye generalsekretær Jens Stoltenberg meiner eit sterkt Nato er heilt naudsynt for å kunne ha eit truverdig samarbeid med Russland.

Jens Stoltebergs første pressekonferanse som Natos-generalsekretær.

Jens Stoltenberg heldt i dag sin første pressekonferanse som NATOs generalsekretær.

Foto: NRK

Stoltenberg peika på den spente situasjonen i Ukraina som eitt av hovudproblema Nato no står overfor. Han karakteriserte våpenkvila i Ukraina som eit positivt steg, men kom samstundes med kritikk av Russland si rolle i landet. Russland bryt framleis internasjonal lov, sa han blant anna.

Han var klar på at Russland må endre kurs i konflikten med Ukraina, og at Nato støttar Ukraina fullt ut. Alle land har rett til å avgjere si eiga framtid utan innblanding frå andre, la han til.

Jens Stoltenberg i Nato-hovudkvarteret i Brussel.

– Russland må endre kurs i konflikten med Ukraina, sa NATOs nye generalsekretær Jens Stoltenberg på den første pressekonferansen sin som Nato-topp.

Foto: Virginia Mayo / Ap

Ved sidan av Ukraina, sa Stoltenberg, er det situasjonen i den sørlege delen av Nato sitt reaksjonsområde som er mest utfordrande.

– Ustabilitet i nabolaget

– Det er stor ustabilitet i nabolaget til Nato. Vi støttar aksjonen mot IS, vi støttar tiltak for å stabilisere Irak, og konfliktane i Midtausten viser kor viktig det er med eit sterkt Nato, sa Stoltenberg blant anna.

Derfor varsla Jens Stoltenberg at han i løpet av dei første dagane vil vitje Polen og Tyrkia. Polen grensar til borgarkrigsherja Ukraina, medan Syria grensar til både Irak og Syria.

– Eg vil vitje dei austlege og sørlege delane av alliansen for å sjå situasjonen på bakken, varsla han.

Den tidlegare norske statsministeren sa at han hadde tre hovudmål som generalsekretær i forsvarsalliansen, ein allianse han kallar den mest suksessrike i historia.

LES OGSÅ: IS truar viktig grenseby – Tyrkia kan reagere militært

LES OGSÅ: – Vi trenger bedre våpen for å slåss mot IS

Jens Stoltenberg ny generalsekretær i NATO

VIDEO: Utdrag frå pressekonferansen til Jens Stoltenberg.

– Artikkel 5 er hjørnesteinen

Første hovudmål er å halde Nato sterkt. Nummer to er å halde det geografiske området Nato dekkjer, trygt. Nummer tre er å sikre at forholdet mellom Europa og Nord-Amerika grunnsolid.

Jens Stoltenberg gjorde det også klart at artikkel fem er sjølve hjørnesteinen i Nato. Denne artikkelen i Nato-charteret seier at eit angrep på eitt land er å sjå på som eit angrep på alle. Dette ligg til grunn for alt.

– Vi vil forsvare våre allierte. Vi treng eit sterkt Nato, eit kollektivt forsvar som lever opp til desse forpliktingane. Vi må vere klare til å ta raske avgjerder, sa han. Den nybakte generalsekretæren viste til toppmøtet i Wales i byrjinga av september, der Nato viste at dei kunne svare raskt på ei raskt veksande krise.

– Vi vil halde fram med flyovervaking i dei austlege medlemslanda, det same gjeld utplassering av marinefartøy'. Vi vil halde fram med øvingar i Aust-Europa så lenge vi finn det naudsynt, sa Jens Stoltenberg på pressekonferansen.

Hurtigreaksjonsstyrke

Den norske Nato-toppen sa også at han reknar med at forsvarsministrane i organisasjonen blir samde om samansetjinga av den nye hurtigreaksjonsstyrke alt i februar nesten år.

– Dei militære leiarane våre er i ferd med å setje saman styrken. Eg reknar med at forsvarsministrane blir samde om samansetjinga og storleiken på denne styrken, sa Stoltenberg.

– Nato ynskjer ikkje ein konfrontasjon med Russland, men vi kan ikkje inngå kompromiss når det gjeld prinsippa som alliansen vår og tryggleiken i Europa og Nord-Europa kviler på, sa han om forholdet til Russland.

Jens Stoltenberg ny generalsekretær i NATO.

VIDEO: Heile pressekonferansen til Jens Stoltenberg.

LES OGSÅ: Rasmussen: – Nato er i trygge hender

LES OGSÅ: – Ti sivile drepne i Aust-Ukraina

– Streng når det trengst

– Då det vart opna for spørsmål frå dei frammøtte journalistane etter generalsekretæren sitt innlegg, fekk han fleire spørsmål den personlege stilen sin.

– Eg vil vere snill, men også streng når det trengst. Og eg vil behandle alle dei allierte likt, sa han blant anna.

Han fekk også spørsmål om korleis han, som tidlegare pasifist, kunne vere generalsekretær i ein militærallianse. Stoltenberg svara då at han alltid hadde vore ein varm tilhengjar av Nato, og at han som AUF-leiar greidde å snu ungdomspartiet frå å vere motstandar av norsk Nato-medlemskap til å bli for.

Han var forsiktig med å karakterisere korleis han er ulike den førre generalsekretæren, danske Anders Fogh Rasmussen. Slik som Fogh, sa han, får eg ansvar for å representere alle dei 28 medlemslanda i alliansen.

– Må investere meir i alliansen

Stoltenberg kunngjorde på pressekonferansen også at Natos medlemsland må investere meir i alliansen, både politisk og økonomisk. Og ikkje berre investere meir, men også betre. Forsvarsbudsjetta må aukast i dei komande tiåra.

Han bad også medlemslanda på begge sider av Atlanterhavet om å gjere sitt for å halde banda mellom Nord-Amerika og Europa sterke.

LES OGSÅ: – Gleder meg til å mene noe igjen

LES OGSÅ: Rasmussen: – Nato er i trygge hender

LES OGSÅ: Stoltenberg - et usannsynlig valg

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt