Hopp til innhold

Rasmussen: – Nato er i trygge hender

Jens Stoltenberg sin forgjengar skriv på sin Twitter-konto at han er sikker på at Nato no er i trygge hender. I dag tok Stoltenberg over Anders Fogh Rasmussen sitt kontor i Natos hovudkvarter.

Jens Stoltenberg. Første dag på jobben i NATO

SJÅ VIDEO: Jens Stoltenberg kom i dag til sitt nye kontor ved Natos hovudkvarter utanfor Brussel.

Det vart aldri noko offisiell overlevering mellom dei tidlegare statsministrane frå Noreg og Danmark, men på Twitter fekk Stoltenberg gode skottsmål frå sin danske forgjengar.

Laster Twitter-innhold

Jens Stoltenberg vert frå første dag kasta ut i jobben som leiar for forsvarsalliansen Nato, og vil starte si karriere med å leie Det nordatlantiske råd, som er Natos viktigaste organ.

– Det kjennes godt å vere her, og det er ei ære å vere Natos generalsekretær, sa Jens Stoltenberg til pressa.

Klokka halv fire, norsk tid, er det planlagd pressekonferanse, der Stoltenberg for første gong vil kunne svare på spørsmål om Ukraina, IS og andre tema mange ønskjer å vite meir om.

Før han la seg i går kveld takka han av Rasmussen, som han meiner har leia Nato gjennom ei utfordrande periode. Mange meiner at Stoltenberg står overfor ein endå meir utfordrande periode. Den nylege borgarkrigen i Ukraina, og trugselen frå IS er to av sakene Stoltenberg må ta tak i.

Laster Twitter-innhold

Stoltenberg er den første norske nordmannen som leiar Nato, og ikkje sidan Trygve Lie var generalsekretær i FN har ein nordmann hatt ei meir sentral rolle i internasjonal politikk.

I Brussel er det mange som trekk fram at Stoltenberg har god kontakt med Russlands president Vladimir Putin, og at han er den første generalsekretæren som kjem frå eit av Russlands naboland.

Anders Fogh Rasmussen lanserte på si side eit nytt konsulentfirma i dag, som er kalla Rasmussen Global. Rasmussen seier firmaet skal hjelpe sine klientar med å orientere seg i ei stadig meir kompleks og samansveist verd.

Laster Twitter-innhold
Åse Marit Befring om Jens Stoltenberg som NATO-sjef

NRKs Europa-korrespondent, Åse Marit Befring, var til stades då Stoltenberg kom til Nato-hovudkvarteret.

SISTE NYTT

Siste nytt