NRK Meny
Normal

IS truar viktig grenseby – Tyrkia kan reagere militært

Trass i at USA og fleire arabiske land har starta ein omfattande bombekampanje mot IS i Syria, så kan den strategisk viktige byen Kobane stå for fall.

Tyrkiske stridsvogner på grensa til Syria.

Tyrkiske stridsvogner er klare til aksjon i grenseområdet mellom Tyrkia og Syria.

Foto: BULENT KILIC / Afp

Ifølgje den London-baserte opposisjonsgruppa Syrian Observatory for Human Rights står IS-styrken berre nokre få kilometer utanfor byen, som ligg like ved grensa mellom Syria og Tyrkia. Kobane, som på arabisk blir kalla Ain al-Arab, er den viktigaste kurdiske byen i dette området.

IS-krigarane har skote minst 15 rakettar mot sentrum av byen, og ein person er drepen. Ein annan rakett har ramma den tyrkisk-syriske grensa. Det er frykt for at Kobane kan falle i hendene på IS i løpet av kort tid, men det kan igjen føre til at Tyrkia blir trekt inn i krigen.

Tyrkia kan bli med

Ruinar i Aleppo i Syria.

EI kvinne går forbi ein utbomba bygning i Aleppo.

Foto: HOSAM KATAN / Reuters

Framgangen til IS i grenseområdet mot Tyrkia har fått tyrkiske styresmakter til å reagere. Tyrkia har hittil vore forsiktig med å støtte dei amerikanske og arabiske angrepa mot IS, men dette kan raskt endre seg.

Sist veke sa den nyvalde presidenten, tidlegare statsminister Recep Tayyip Erdogan, at Tyrkia snart vil ta del i kampen mot IS. Mykje tyder på at den tyrkiske regjeringa i løpet av kort tid vil be nasjonalforsamlinga i landet om mandat til å slutte seg til den USA-leidde koalisjonen mot terrororganisasjonen IS.

Eit forslag om dette kan bli lagt fram for nasjonalforsamlinga alt i morgon, seier talsmann Cemil Cicek til tyrkisk fjernsyn. Då kan forslaget bli teke opp til diskusjon alt torsdag.

Tyrkia har lenge nølt med å delta i koalisjonen så lenge IS heldt ei stor gruppe tyrkarar som gislar, men desse er no sette fri etter å ha vore haldne fanga sidan juni. Dei vart bortførte frå det tyrkiske konsulatet i Mosul.

Stridsvogner på grensa

Det blir meldt frå grenseområdet at minst 15 pansra tyrkiske stridsvogner er stilt opp ved grensa til Syria, etter at IS-granatar landa inne på tyrkisk territorium. Fleire titusen syriske sivile, dei fleste av dei kurdarar, har flykta til Tyrkia etter at IS starta offensiven i dette området.

Kurdiske demonstrantar i Tyrkia.

Det var i dag samanstøytar mellom kurdarar og tyrkisk politi i grenseområdet mellom Tyrkia og Syria.

Foto: BULENT KILIC / Afp

I dag var det samanstøytar mellom kurdarar som har flykta inn i Syria frå Kobane og syriske soldatar og politi. Demonstrantane kravde større tyrkisk innsats for å slå tilbake IS.

Samstundes er det mykje som tyder på at IS og Nusrafronten , som er direkte knytt til Al Qaida-nettverket, er i ferd med å finne saman.

Granatnedslag på den tyriske sida av grensa mot Syria.

Ein IS granat har slått ned på den tyrkiske sida av grensa mot Syria. Tyrkia kan no gå aktivt inn i kampen mot IS i Syria.

Foto: BULENT KILIC / Afp

Bombeangrepa mot IS inne i Syria har no halde på i nær ei veke. I dag retta amerikanske og arabiske krigsfly angrepa mot provinsane Raqqa og Aleppo nord i landet. Det vart også gjennomført angrep mot byen Tal Abyad nær grensa til Tyrkia, og her var målet ein skule som blir brukt som hovudkvarter for IS.

LES OGSÅ: USA vil trene opp 12-15.000 syrere

– Sivile drepne i Aleppo

I Aleppo er det meldt at fleire sivile vart drepne i eit angrep mot ei privat mølle. USA har vedgått at dei gjekk til åtak på ei bilkolonne frå IS nær mølla, men at dei ikkje kjenner til at det er gått sivile liv.

Angrepa har i hovudsak retta seg mot hovudkvartera til IS, men også mot oljeraffineri. IS har store inntekter frå sal av olje på den illegale marknaden.

Dei arabiske landa som deltek i koalisjonen mot IS er Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata (UAE), Bahrain, Qatar og Jordan.

I eit intervju med CBS News i går, vedgjekk USAs president Barack Obama at den amerikanske etterretningstenesta hadde undervurdert styrken til IS . Han vedgjekk også at USA hadde stolt for mykje på dei irakiske tryggingsstyrkane, som var trente av den amerikanske hæren.

Regjeringshæren kollapsa

Den irakiske regjeringshæren kollapsa fullstendig under framrykkinga til IS i landet.

IS kontrollerer no det meste av det nordvestlege Irak og store delar av det austlege Syria.

LES OGSÅ: Med skjult kamera under niqaben filmet hun kvinner i IS-byen

LES OGSÅ: Syrisk opposisjonsleder til NRK: – USA må også fjerne Assad

Laster kart, vennligst vent...

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt