Hopp til innhold

– Betyr truleg slutten for dieselmotoren

– Eg trur at avsløringane vil føre til at det blir slutt på utvikling av nye dieselmotorar, seier den kjende biljournalisten Jon Winding-Sørensen. Han understrekar at Volkswagens dieselbilar ikkje forurensar meir enn andre dieselbilar.

Utsleppsjuks i Volkswagen.

Norsk bilekspert meiner utsleppsskandalen i Volkswagen kan bety slutten på utvikling av nye dieselmotorar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Winding-Sørensen (74) er redaktør i Bilforlaget, og har jobba med bilstoff sidan han starta som motorskribent i Aftenposten medan han gjekk på gymnaset. I 1975 starta han Bil, det første bilmagasinet her i landet.

– Eg trur dieselmotoren døydde sist veke. Eg har venner som jobbar med utvikling av nye dieselmotorar i Frankrike og Italia, og dei har no fått beskjed om å stanse arbeidet, fortel han til NRK. Han trur det vil skje også andre stader.

Andre bilskandalar

Jon Winding-Sørensen

Redaktør i Bilforlaget, Jon Winding-Sørensen, trur framtida for dieselmotoren er svært usikker.

Foto: NRK

Winding-Sørensen trur ikkje det blir ein snarleg slutt på produksjon av dieselmotorar, men han reknar med at utviklingsarbeidet av nye typar vil stanse opp. Han reknar også med at dei nye sjefane som vart henta inn på det sju timar lange styremøtet i Volkswagen, ikkje blir sitjande så veldig lenge.

Den erfarne biljournalisten synest det er vanskeleg å samanlikne avsløringa av at Volkswagen har manipulert utsleppsmålingane opp mot andre store skandalar i bilindustrien , fordi dette er så ulikt det som har skjedd tidlegare.

Han viser til ein feil med tenningsnøkkelen på ein del bilar frå den amerikanske bilgiganten General Motors (GM), der denne feilen har ført til at 124 menneske har mist livet i ulukker. GM har visst om den farlege feilen, men dei gjorde ikkje noko med det.

Same dag som Volkswagen-juksinga vart kjent, måtte GM gå med på eit forlik med amerikanske styresmakter om å betale milliarderstatning. I tillegg kjem erstatningar til dei som har gått til private rettssaker mot selskapet.

Volkswagen kaller tilbake 147.139 biler i Norge

– Meir konkret

Dieselmotor frå Volkswagen.

Dieselmotoren til Volkswagen har vist lågare utslepp enn det som har vore realiteten.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Jon Winding-Sørensen trur det passar GM godt at Volkswagen-skandalen kom akkurat no, fordi det tek bort litt av merksemda om deira eigen skandale. Og det skadar heller ikkje at det var eit europeisk selskap, legg han til.

– Vi veit ikkje om nokon har døydd av nox-utslepp frå dieselbilar. Det at 124 menneske har døydd som følgje av ein ingeniørfeil, og som dei har visst om og ikkje gjort noko med, er ei meir konkret skandale enn utsleppsjukset, seier han.

Winding-Sørensen trur ikkje det som har skjedd vil føre til at Volkswagen vil gå konkurs, men han trur at selskapet har fått eit alvorleg problem med ryktet sitt. Og det kan spreie seg også til andre tyske bilprodusentar. På sikt kan det også føre til lågare bruktbilprisar på bilar med dieselmotor, trur han.

VW om retting av juksebiler: Hestekreftene skal ikke endres

Har VW jukset med din bil? Dette må du vite

– Ikkje verre enn andre

– Dieselbilane til Volkswagen som rullar på vegane er ikkje større miljøsyndarar enn andre dieselbilar. Utsleppsverdiane vi snakkar her er marginale. Vi må hugse på at utsleppskrava i California er mykje strengare enn her i Europa. Men Volkswagen har juksa, og det vil dei få svi for med tillitskrise og etterfølgjande rettssaker, seier Winding-Sørensen.

SISTE NYTT

Siste nytt