NRK Meny
Normal

Skandalar i bilindustrien gjennom tidene

Avsløringane om utsleppsjukset i Volkswagen er berre eit av svært mange tilfelle av juks i bilindustrien opp gjennom tidene. Bedrageria har kosta mange menneskeliv, og produsentane kjente gjerne til feila.

Ford Pinto med plakat

Ford Pinto var ein kjempesuksess i 1971. Men Pinto-modellen hadde ein fatal feil, og Ford kjente til den heile vegen.

Foto: Ap

Volkswagen er inne i ein av dei største bedragerisakene i bilprodusenten si historie.

Men det er ikkje første gongen at bilindustrien er på djupt vatn.

Andre bedrageri- og jukseskandalar har kosta tusenvis av menneske livet, heilt sidan bilen vart allemannseige.

Mange av feila var gjort med vilje, og i svært mange tilfelle kjente produsenten til den fatale feilen. Her er berre eit lite utdrag av dei mange skandalane.

Chevrolet og General Motors, 1969

I 1969 vart det avslørt at Chevrolet i 11 år hadde hatt ein potensielt fatal feil på motorfesta dei brukte. Feilen kunne gjere at bilane kollapsa i høg fart, slå motoren ut av posisjon og øydelegge girkassa. Dette førte til fleire titals ulukker, med like mange skadde. I desember 1971 kalla GM tilbake 6,5 millionar bilar, skriv Cheatsheet.com.

Chevrolet Impala 1966

General Motors tilbakekalte 6,5 millionar bilar etter at det blei avslørt at motorfesta var farlege.

Foto: Chevrolet

Ford Pinto, 1971

I si tid var Pinto ein kjempesuksess, med 328 275 selde bilar det første året. Men bilen hadde ein fatal feil som Ford visste om alt før bilen gjekk i produksjon. Ved ein påkøyrsel bakfrå, kunne drivstofftanken punktere og sprute drivstoff inn i kupeen slik bilen tok fyr.

Ford meinte at feilen ville bli for dyr å fikse, ei tryggleiksoppdatering på drivstoffsystemet ville koste 11 dollar per bil, eller 1 dollar for eit system som skulle beskytte tanken frå å sprekke.

Eit notat som lak til media viste at Ford hadde estimert ei visst mengd dødsfall som følgje av feilen per år, og at erstatningane ville vere billigare enn å fikse bilane.

Feilen kosta 900 menneske livet, og Ford måtte betale hundrevis av millionar dollar i erstatning, mykje meir enn det Ford kunne betalt for å fikse feilen dei alt visste om.

FORD PINTO

Ford skal ha visst om at Ford Pinto hadde dødsfarlege feil, men satsa på at det var billegare å betale ut erstatningar enn å fikse bilen.

Foto: Ap

Ford, 1980

Ikkje lenge etter skandalen med Ford Pinto, viste det seg at girkasser i Ford-modellar inneheldt ein feil. Feilen gjorde at girstonga kunne gli frå parkeringsmodus til revers, som førte til at bilen plutseleg kunne trille.

Media avslørte at Ford hadde visst om feilen sidan 1972, og avslo eit tilbod om å fikse bilane for 0,03 dollar per bil. Ford betalte heller 20 millionar dollar til offera og familiane deira.

Etter avsløringane, som viste at feilen var årsak til 777 ulukker, 259 skadde og 23 omkomne, var vegmyndigheitene i USA nær ved å kalle tilbake 23 millionar bilar, noko som truleg ville ført Ford til konkurs, skriv Cheatsheet.com.

Det skjedde aldri, dei gjorde heller ein avtale med Ford om å sende ut 23 millionar klistermerker som minna folk om å forsikre seg om at girspaken stod i parkeringsmodus.

I 1984 var talet på døde 77.

Ford Mustang 1979

Ford risikerte å gå konkurs då det blei avslørt at selskapet visste om, men ikkje retta opp, feilen med girkassar. I 1984 var talet på dødsofre 77 personar.

Foto: Ford

Ford Explorer og Firestone, 2000

Ford hadde samarbeidd med dekkprodusenten Firestone i 100 år. Men då vegmyndigheitene bad dei to om å undersøke nærare ei rekkje tilfelle av dekk som eksploderte, skulda dei to på kvarandre, skriv Cheatsheet.

Dei fekk ansvaret for opp mot 100 dødsfall, og kalla tilbake 19,5 millionar dekk, der Firestone skulda på varme, lågt lufttrykk og for tung vekt på Explorermodellen. Dei to avslutta samarbeidet i 2002, og måtte betale millionar av dollar til dei som var råka av feilen.

TIRE DEATHS

Ford og Firestone skulda på kvarandre då dekk eksploderte og tok livet av 100 personar.

Foto: TOBY TALBOT / AP

Citroën, 2003

Den franske bilprodusenten Citroën kalla tilbake modellen C3, som blant anna vart årets bil i Danmark det året, skriv Politiken. Tilbakekallinga kom av fleire tilfelle av bilar som spontant byrja å brenne. Like etter viser det seg at den større modellen, C5, også tok fyr av seg sjølv. Feilen kom av ein defekt i straumstøpselet inne i kupeen.

Citroën C3, 2003

I 2003 var Citroën C3 årets bil – men byrja spontant å brenne.

Foto: Citroën

Toyota, 2009

Japanske Toyota kalla tilbake opp til åtte millionar bilar frå Toyota og Lexus, etter at det viste seg at golvmatta sette seg fast under pedalane og gjorde det umogeleg å bremse. Tilbakekallinga kom etter ei bilulukke med fleire drepne i USA, og ei ulukke i Noreg.

Toyota Prius

Åtte millionar bilar frå Toyota og Lexus blei kalla tilbake etter at golvmatter sette seg fast under pedalane og hindra bremsing.

Foto: Shizuo Kambayashi / AP

Chevrolet Cobalt og General Motors, 2014

Den amerikanske bilprodusenten GM kalla tilbake 2,6 millionar bilar på grunn av problem med tenningsbrytaren, der tenninga slo seg av under køyring. Feilen førte til fleire trafikkulukker og dødsfall. Ifølgje Gearheads.org, visste GM om feilen alt i 2004. GM inngjekk eit forlik med den amerikanske påtalemakta, og betalte ut 900 millionar dollar i kompensasjon.

Chevrolet Cobalt, 1012

General Motors skal ha visst om feilen med tenningsbrytaren på Chevrolet Cobalt men kalla først tilbake 2,6 millionar bilar etter fleire trafikkulukker og dødsfall.

Foto: Chevrolet.com

Takata, 2015

53 millionar bilar vart kalla tilbake verda over på grunn av eksploderande airbagar i fleire bilmodellar. Aldri før er så mange bilar kalla tilbake. Tilbakekallinga kom etter at same airbagmodell førte til dødsulukker i Hondamodellar. Etter ein ti år lang kamp og fleire dødsfall vedgjekk kollisjonspute-produsenten Takata feilen på putene.

Stephanie Erdman vitner i en høring om Takatas kollisjonsputer

Den japanske kollisjonputeprodusenten Takata nekta lenge å innrømma at putene hadde ein feil som gjorde at dei kunne spytta ut dødelege metallbitar – Stephanie Erdman vitna om si erfaring.

Foto: ALEX WONG / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt