Hopp til innhold

– Al-Qaida angreip amerikansk dronesenter i Jemen

I september gjekk Al Qaida til angrep på ein jemenittisk militærleir. No hevdar terroristgruppa at det var eit hemmeleg operasjonsrom for dronar, som vert nytta av USA, som var hovudmålet for angrepet.

YEMEN-BOMB/ Blood is seen on the ground at the site of a bomb attack on a military bus in Sanaa

Det var blodig då ein militær buss vart angripe i Jemen i august. Ein knapp må¨nad seinare vart også ein militærleir angripe. I dag seier kjelder i Al Qaida at det var ein operasjonssentral for dronar, som vert brukt av USA, som var målet med angrepet på militærleiren.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

30. september storma væpna menn frå Al Qaida på den arabiske halvøya (AQAP) hovudkvarteret til ein av hovudavdelingane til hæren i Jemen. Fire jemenittiske soldatar vart drepne, og ni vart skadde som følger av angrepet.

Legitimt mål

AQAP hevdar Jemen dei siste åra har gjort nokre av sine militære leirar tilgjengelege for USA. AQAP mistenker særskild at USA har tilgang til «operasjonsrom for krigføring mot heilage krigarar og koordinering av førarlause fly (dronar)» inne på det jemenittiske militærområdet. Det skriv Reuters.

TEMASIDE: Dronekrigen | NRK.no

– Mujahideenane (dei heilage krigarane) har retta eit direkte angrep mot eit av desse hovudkvartera, står det skrive på den islamistiske nettsida Shumukh al-Islam.

Det er angrepet den 30. september som skal vere det direkte angrepet det vert vist til.

– Slike tryggingsbaser, som samarbeider med amerikanarane i deira krig mot det muslimske folk, er legetime mål for oss, og me vil knuse desse augo som fienden nyttar, står det vidare i meldinga på nettsida.

(Saka held fram under biletet)

US-WEATHER-NASA-HURRICANE DRONES

Dronar er førarlause fly som kan nyttast til å angripe militære mål medan den som styrer flyet sit trygt i ein operasjonssentral, mange tusen mil unna.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Omstridde dronar

Den amerikanske bruken av dronar har vore eit omstridd tema, også i Vesten. Menneskerettsgrupper meiner at dronane, som er meint å skade Al Qaida-relaterte grupper, også drep sivile. Det er også feil å drepe folk utan ei rettssak meiner menneskerettsgruppene.

YTRING: Fra ubemannede fly til drapsroboter

Dronane kan styrast frå ein sentral som kan vere plassert langt unna, og sendast mot bestemte mål i konfliktområde.

Jemen og USA har tidlegare samarbeida med å angripe Al Qaida-grupper i Jemen. Men sjølv om dei har lukkast delvis med å drive terroristane bort frå dei mest strategiske stadane, så har Al Qaida omorganisert seg og gjennomført fleire angrep på styresmaktene og militæret i Jemen. AQAP er rekna å vere den mest aktive forgreininga av Al Qaida-nettverket.

SISTE NYTT

Siste nytt