Hopp til innhold

«Motstandsaksen»: Dette er Israels militære fiendar

Spenninga i Midtausten er på kokepunktet. Iran er berre ein av Israels mange fiendar.

folk brenn amerikansk og israelsk flagg

Houthi-tilhengarar brenn det israelske og amerikanske flagget under Jerusalem-dagen 5. april.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

Etter Hamas-åtaket 7. oktober i fjor, har Hizbollah i Libanon dagleg skote rakettar inn i Israel. Houthiane i Jemen har angripe skip på veg mot Israel i Raudehavet.

Dei er to av Israels militære fiendar i regionen, og er med i det som blir kalla «motstandsaksen».

Den uformelle grupperinga består av ulike Iran-støtta grupper som ønsker å avgrense vestleg tilvære i regionen.

Dei kjemper i ulik grad imot Israel og landets næraste allierte, USA.

ein mann trakker på bilete av Benjamin Netanyahu og joe biden og israels og usas flagg

Antivestlege haldningar har oppstått som følge av Israel og USAs innblanding i ulike konfliktar og krigar i regionen dei siste tiåra.

Foto: Mohammed Huwais / AFP

Namnet speler på USAs tidlegare president George W. Bushs utsegn, der han kalla alliansen for «vondskapens akse».

Aksen består i dag av regimet i Syria, Iran, houthiane i Jemen, Hizbollah i Libanon, Hamas på Gazastripa og ulike sjiamilitsar med base i Irak og Syria.

Dei samarbeider politisk, økonomisk og militært. Men kven er dei og korleis har Israel greidd å få så mange fiendar?

– Busettarkolonialisme

Israel fekk tildelt eit landområde av FN etter andre verdskrig, og fekk fiendar med på kjøpet.

For området var viktig for kristne, muslimar og jødar, i tillegg til at palestinarane allereie budde der.

Jerusalem er ein heilag stad både i islam, jødedommen og kristendommen. Då Israel blei formelt oppretta som stat, fekk jødane det dei meinte var sitt rettmessige område.

– Arabarar ser på dette som ei stor urett som blei gjort mot palestinarane. Dei ser på det som busettarkolonialisme, seier Midtausten-forskar Jacob Høigilt ved Universitetet i Oslo.

eit bilde av donald trump blir brent

Demonstrasjonar braut ut i Midtausten då tidlegare president Donald Trump i 2017 anerkjente Jerusalem som Israel hovudstad.

Foto: Atta Kenare / AFP

Arabiske land gjekk til krig mot Israel, som førte til at Israel okkuperte enda meir område enn dei var tildelte.

Høigilt fortel at den gjengse arabar støtter palestinaranes sak, og at oppfatninga er at palestinarane betaler prisen for at «europearane myrda jødane».

Motstand mot Israels okkupasjon

Det er desse perspektiva som blir forfekta når Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah eller Hamas’ politiske leiar Ismail Haniyeh går på talarstolen.

Heile Hamas’ eksistens er basert på fiendskap mot Israel. Gruppa oppstod som eit direkte resultat av Israels okkupasjon av Gazastripa, og sidan den gong har dei vore i krig med Israel fleire gonger.

Men on a scooter pass under a poster of Syrian President Bashar Assad, left, and Hezbollah leader Sayyed Hassan Nasrallah, with Arabic that reads, "From Lebanon the resistance to Syria the steadfast," as a convoy of tanker trucks carrying Iranian diesel crossed the border from Syria into Lebanon, at the eastern town of el-Ain, Lebanon, Thursday, Sept. 16, 2021. The delivery violates U.S. sanctions imposed on Tehran after former President Donald Trump pulled America out of a nuclear deal between Iran and world powers three years ago. (AP Photo/Bilal Hussein)

Eit banner i Libanon med bilete av Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah og Syrias president Bashir al-Assa: «Frå Libanon til Syria med standhaftig motstand».

Foto: Bilal Hussein / AP

Det same gjeld Hizbollah. Gruppa bestod i utgangspunktet av unge revolusjonære sjiamuslimar som kjende seg marginaliserte i samfunnet i Libanon.

Då Israel invaderte sørlege Libanon i 1982, oppstod Hizbollah slik vi kjenner gruppa i dag. Formålet var og er å kjempe imot Israel.

I dag kjemper Hizbollah mot Israel frå sørlege Libanon. Etter at krigen mellom Hamas og Israel braut ut, har rakettangrepa over grensa eskalert i omfang frå begge sider.

Antivestleg ideologi

Houthiane i Jemen er aksens siste tilskot. Dei hadde også sitt utspring frå ei marginalisert sjiamuslimsk opprørsgruppe, som fekk antivestlege haldningar etter USAs invasjon av Irak.

Eit av slagorda deira er «død over Amerika, død over Israel og forbanning over jødane».

Folk flest i Jemen støtter palestinarane, og dette brukar houthiane til sin fordel når dei klamrar seg til makta i landa.

 Sayyed Hassan Nasralla på storskjerm

I Hizbollah-leiarens tale førre veke applauderte han gruppa for å kjempe mot Israel, og på den måten trekke israelske styrkar vekk frå Gazastripa.

Foto: Ahmed Saad / Reuters

Regimet i Iran erklærte Israel og Vesten som fiende allereie under den islamske revolusjonen i 1979, og er den mektigaste aktøren i motstandsaksen.

Syria har vore i krig med Israel to gonger, og i 1967 okkuperte Israel Golanhøydene, som dei framleis okkuperer.

Midtausten-forskar Høigilt meiner derimot at Iran og Syrias rolle i motstandsaksen i dag, ikkje er motivert av palestinsk motstandskamp.

Politisk kapital

– Syria og Iran driv ikkje motstandskamp, men støtter andres motstandskamp. Dei får politisk kapital for å vere stemma som reiser seg mot Vesten, seier Høigilt.

– Det går heim hos nokre, men ikkje hos fleirtalet.

portrettbilde av Jacob Høigilt

Midtausten-ekspert Jacob Høigilt har forska på palestinsk motstandskampen i Midtausten.

Foto: Jarli & Jordan

Det syriske regimet har ikkje direkte involvert seg i konflikten, men har latt militsar få angripe israelske mål frå deira territorium.

Ifølge Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) har Israel og Iran-støtta militsar gjennomført fleire titals angrep mot kvarandre sidan oktober.

Motstandsaksen, og særleg Iran, har vore viktig i å sikre president Bashir al-Assad makta i landet.

For både regimet i Syria og i Iran er motstandsaksen lukrativ.

Eksistensiell og ideologisk

For Hamas og Hizbollah er motstandskampen eksistensiell og ideologisk. For regimet i Syria og houthiane i Jemen handlar det om å få politisk kapital.

For Iran ligg det i størst grad sikkerheitsmessige grunnar bak, fortel Midtausten-forskar ved Universitetet i Oslo, Erik Skare.

For Hamas sin del fungerer aksen rett og slett som eit «fornuftsekteskap». Dei treng militær og økonomisk støtte, og det får dei av Iran.

I tillegg er det viktig for Hamas å kunne huse fleire av leiarane sine utanfor Gazastripa, mellom anna i Libanon, der ein Hamas-topp blei drepen i eit israelsk droneangrep i januar.

tusenvis av menneske i ei stor gate. med palestinske flagget og det jemenittiske

Titusenvis har deltatt i fleire solidaritetsmarkeringar i Jemens hovudstad Sana sidan krigens utbrot i oktober.

Foto: Mohammed Huwais / AFP

Eskalert etter 7. oktober

Etter at krigen mellom Hamas og Israel braut ut, har spenninga mellom Israel og dei ulike gruppene auka. Dei har særleg utnytta det politiske kaoset i Syria og angripe kvarandre der.

Førre veke blei ein høgståande iransk general med band til Hizbollah drepen, i det som skal vere eit israelsk luftangrep mot Irans konsulat i Syrias hovudstad Damaskus.

kvinner og menn ber dukker som skal etterlikne døde barn, pakka inn i laken og med palestinsk flagg på seg. ei kvinne ber eit bilete av Mohammed Hazedi.

Drapet på Mohammad Reza Zahedi, øvstkommanderande i Irans revolusjonsgarde, førte til demonstrasjonar i Irans hovudstad 1. april.

Foto: AFP

Angrepet blei sett på som ei eskalering i konflikten mellom Iran og Israel, som har lege latent ei stund.

Mange klør seg i hovudet over kva Israel held på med no. Dei er overraskande aggressive, seier Midtausten-forskar Høigilt.

Iranske styresmakter sa tidleg at dei kjem til å bruke retten dei har til å svare på angrepet.

Seint laurdag kveld kom meldingane om iranske dronar i lufta på veg mot Israel. No held alle pusten.

Les også USA ber naboland roe ned spenningen mellom Israel og Iran

SISTE NYTT

Siste nytt