Hopp til innhold

Trur ikkje demonstrantane vil gi seg før Erdogan endrar stil

– Eg trur ikkje demonstrasjonane i Tyrkia vil gå over før statsminister Erdogan endrar stil, seier norsk-tyrkiske Dilek Ayhan.

Recep Tayyip Erdogan og kona hans på flyplassen i Istanbul.

Recep Tayyip Erdogan vart møtt av fleire tusen tilhengjarar då han kom tilbake til Tyrkia i natt.

Foto: OZAN KOSE / Afp

I natt kom Tyrkias statsminister, den moderate islamisten Recep Tayyip Erdogan tilbake til Tyrkia etter eit statsbesøk i Marokko, Algerie og Tunisia. Då han kom til Atatürk-flyplassen i Istanbul vart han møtt av fleire tusen tilhengjarar, men også mange motstandarar.

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan.

– Demonstrantane er vandalar, sa Recep Tayyip Erdogan blant anna då han heldt tale på Atatürk-flyplassen i Istanbul i natt.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Det var ingen audmjuk statsminister som kom heim til Tyrkia i natt, og han heldt ein flammande tale frå taket på ein buss. I talen, som også vart sendt direkte på tyrkisk fjernsyn, bad han folk om distansere seg frå demonstrantane. Han sa også at demonstrasjonane den siste tida ikkje har noko med demokrati å gjere.

– Demonstrantane er vandalar

Han kallar dei mange tusen som har demonstrert i Ankara, Instanbul og fleire titals andre byar over heile landet, for vandalar. Han sa også at demonstrasjonane må stanse straks.

Dilek Ayhan er fødd i Noreg med tyrkiske foreldre. Ho arbeider som entreprenør i Noreg, men har mange vener og slektningar i Tyrkia, og ho har snakka mykje med dei om demonstrasjonane den siste tida. I dag tidleg var ho gjest i Morgonnytt på NRK1. Ho legg ikkje skjul på at ho støttar demonstrantane.

Innslag i Morgonnytt 7. juni 2013.

VIDEO: – Mange i Tyrkia er frustrerte

– Dei eg har snakka med på telefonen gir uttrykk for stor frustrasjon. Dei er uroa over at tyrkiske massemedium den første tida ikkje dekte det som skjedde, noko dei trur er fordi dei var redde for økonomiske sanksjonar frå styresmaktene. Dei er uroa for at folk ikkje skal få uttale seg fritt og for at statsminister Erdogan ikkje lyttar til dei, seier Dilek Ayhan.

LES OGSÅ: Tyrkiske kvinner vil ikke ha Erdoğan og hans religiøse politikk

LES OGSÅ: Tyrkias statsminster viker ikke

Samansett gruppe

Ho fortel at demonstrantane i Tyrkia er ei svært samansett gruppe. Mange fryktar at Erdogan er i ferd med å ta landet i konservativ retning, blant anna gjennom innstramming i alkohollovene og vanskelegare tilgang til prevensjon. Det er også mange som har teke til gatene rett og slett for å forsvare retten til å protestere, trur ho.

Dilek Ayhan trur ikkje demonstrasjonane vil gå over før Recep Tayyip Erdogan endrar stil.

– Som statsminister burde han reflektere meir over situasjonen. Han burde lytte til alle innbyggjarane, ikkje berre støttespelarane sine. Eg håpar at han vil lytte, dersom ikkje vil han tape neste val, seier ho.

LES OGSÅ: Tåregass mot tyrkiske demonstrantar også i kveld

LES OGSÅ: «Kvinnen i rødt» har blitt et symbol på de Tyrkiske-protestene

– Kler ikkje Tyrkia i 2013

Den norsk-tyrkiske entreprenøren meiner det har skjedd mange positive ting i Tyrkia etter at Erdogan vart statsminister, blant anna har den økonomiske politikken vore vellukka. Dei fleste har fått det betre økonomisk under Erdogan sitt styre.

Ho fryktar at dei mange små stega i konservativ retning Erdogan har teke den siste tida, skal føre Tyrkia bort frå demokratiet. Ho meiner at det som har skjedd den siste tida ikkje kler det moderne Tyrkia anno 2013.

Tre menneske er drepne og over 4700 er såra i uroa i Tyrkia, for 48 er skadane alvorlege.

LES OGSÅ: – Demonstrasjonene i Tyrkias gater er en folkefest

SISTE NYTT

Siste nytt