Hopp til innhold

Tåregass mot tyrkiske demonstrantar også i kveld

Tyrkiske styresmakter har fått mykje kritikk for å vere valdelege mot demonstrantane i landet. I kveld er dei på plass igjen - med tåregass.

Politiet bruker vannkanoner og tåregass mot demonstranter i Ankara.

Politiet bruker tåregass og vasskanonar i Tyrkia

Tyrkisk politi tok i bruk tåregass og vasskanonar for å spreie demonstrantar i Ankara, då fleire tusen streikande arbeidarar samla seg på Kizilayplassen onsdag kveld

– Tåregassen ligg tjukt

Demonstrantane hadde samla seg i sentrum av den tyrkiske hovudstaden for å demonstrere med krav om at statsminister Recep Tayyip Erdogan må gå av.

Tåregassen låg tjukt over plassen og kom også inn i restaurantar i nærleiken då politiet slo til, ifølgje nyheitsbyrået AFP sin fotograf på staden. Ein kokk brakk seg utanfor ein av restaurantane.

Demonstrasjonane mot Erdogan og hans regjering starta i Istanbul fredag i førre veke og har sidan spreia seg til resten av landet.

(Saka held fram under direktsendinga frå Istanbul)

Se direkte fra demonstrasjonen på Taksim-plassen i Istanbul

Sjå direkte frå Taksim-plassen i Istanbul

Fått mykje kritikk

Dei siste dagane har også fleire fagforeiningar i landet tatt ut sine medlem i streik og delteke i protestane, i solidaritet med demonstrantane. Tyrkisk politi har hausta mykje kritikk for den valdelege måten dei har handtert demonstrantane på. Demonstrantane har på si side fått mange sympatisørar.

Statsminister Erdogan er på reise i Nord-Afrika medan problema held fram i heimlandet. Han har endå ikkje gjort nokre særlege forsøk på å stoppe opptøyane, men hans visestatsminister, Bulent Arinc, sa i går unnskyld til dei demonstrantane som ønskjer å verne Gezi-parken i Istanbul.

SISTE NYTT

Siste nytt