Tenestemennene seier til nyheitsbyrået Reuters at målet for angrepet var ein Al Qaida-konvoi.
– Ein rakett bomma på målet sitt og ramma eit bryllaupsfølgje. Ti menneske vart drepne straks, medan fem andre døydde seinare som følgje av skadane, seier tenestemannen. Fem andre skal vere såra i angrepet.
Trappa opp angrepa
Ei kjelde seier at Al Qaida-mistenkte reiste saman med bryllaupsfølgjet.
USA har dei siste månadene trappa opp angrepa sine i Jemen i eit forsøk på å ramme Al Qaida på den arabiske halvøy. Amerikanske styresmakter meiner denne gruppa er den mest aktive i Al Qaida-nettverket akkurat no.
Al Qaida på den arabiske halvøya har truleg sitt hovudsete i Jemen. USA har godkjent bruk av dronar i nokre få land, blant dei Jemen, Afghanistan og Pakistan.
– Sivile drepne av dronar
Måndag denne veka vart tre personar drepne i eit droneangrep mot ein bil i den austlege delen av Jemen
Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch konkluderte i ein rapport offentleggjort i august i år at USA gjennom sine rakett- eller droneangrep har teke livet av fleire titals sivile i Jemen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: