Normal

Mange helsearbeidarar blant dei drepne i Jemen-angrep

Styresmaktene i Jemen seier at 52 menneske, dei fleste helsearbeidarar og pasientar, vart drepne i sjølvmordsangrepet mot eit sjukehus tilhøyrande forsvarsdepartementet Sana i dag.

Sjølvmordsangrep i Jemen.

Angrepet starta med at ein firehjulstrekkar fullasta med sprengstoff køyrde inn i inngangspartiet til eit bygningskompleks tilhøyrande forsvarsdepartementet.

Foto: HANDOUT / Reuters

Blant dei drepne er det to tyske legar, opplyser Tysklands utanriksminister Guido Westerwelle. Blant dei drepne er også to legar frå Vietnam, to kvinnelege sjukepleiarar frå Filippinane og ein sjukepleiar frå India.

Det skal også ha vore minst ein helsearbeidar frå Venezuela blant dei drepne. Også ein slektning av presidenten i Jemen er blant offera.

167 menneske vart såra i angrepet, som ramma eit militærsjukehus inne på området, heiter det i ei offisiell kunngjering. USA varslar at landet aukar beredskapen sin i heile Midtausten som følgje av angrepet.

Forskansa seg i sjukehus

Sjølvmordsangrep i Jemen.

Det stod svart røyk opp frå området etter eksplosjonen.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

Angrepet i grålysinga torsdag morgon vart innleidd ved at ein firehjulstrekkar fullasta med sprengstoff vart køyrt inn mot inngangspartiet i muren som omgir bygningskomplekset. Etter den kraftige eksplosjonen dukka ei gruppa væpna menn kledde i militæruniformer opp.

Dei forskansa seg inne på sjukehusområdet, og kom etter kort tid i kamp mot soldatar. Ikkje stadfesta meldingar går ut på at 18 jemenittiske soldatar også vart drepne i kampane inne på sjukehuset.

Etter harde kampar med dei væpna mennene tok jemenittiske regjeringsstyrkar etter ei tid kontroll over bygningen igjen. Dei fleste av angriparane vart drepne, blir det opplyst, men det er framleis uvisst kor mange som deltok i angrepet.

LES OGSÅ: Minst 40 drept etter angrep i Jemen

LES OGSÅ: Høy beredskap i Jemen

– Kjenneteikna til Al Qaida

Angriparane var væpna med maskingevær, handgranatar og bombekastargranatar.

Sjølvmordsangrep i Jemen.

Minst 52 menneske vart drepne i sjølvmordsaksjonen i Sana torsdag morgon.

Foto: - / Afp

Utanlandske journalistar i Sana seier at angrepet ber alle kjenneteikna til Al Qaida på den arabiske halvøya. Ein av statsrådane i regjeringa seier likevel at det kan vere tilhengjarar av den tidlegare presidenten Ali Abdullah Saleh som står bak, melder BBC.

Angrepet mot bygningane til forsvarsministeriet skjedde kort tid etter at arbeidsdagen hadde starta. Komplekset ligg like ved inngangen til den historiske gamlebyen i Sana.

LES OGSÅ: Oljeledning i Jemen sprengt i lufta

LES OGSÅ: Nær 60 soldater drept av ytterliggående islamister i Jemen

Ustabil situasjon

Det er ein ustabil politisk situasjon i Jemen. Den siste tida har det vore mange valdsepisodar og angrep i landet. Jemen er inne i ein politisk overgangsperiode etter at tidlegare president Ali Abdullah Saleh gjekk av i fjor etter 33 år ved makta.

I september i fjor overlevde forsvarsminister Muhammed Nasir Ahmad eit bombeangrep mot bilen hans. 12 andre menneske vart drepne i eksplosjonen. I juli i fjor tok ein sjølvmordsbombar livet av 90 menneske under ein militærparade i Sana.

LES OGSÅ: Fra 5 til 14 land - «Det nye Midtøsten»

LES OGSÅ: Jemen: Ambassadør angrepet og UNICEF-arbeider kidnappet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt