Natteravnane førebygg kriminalitet
Foto: Helene Solheim / NRK

– Han sleika meg i øyret og oppover halsen

Jenter med høg rus vert eit lett bytte for menn med dårlege hensikter, ifølgje natteravnane. Louise (28) var på veg heim frå ein jobbfest då ho blei angripen.

Louise går raskt gjennom sentrum for å møte kjærasten ved Trondheim Torg. Klokka har passert 02:00, og ho nærma seg torget. Etter kvart merka ho at det er ein skikkelse som følgjer etter henne.

Då ho snur seg ser ho at det er ein mann. Han kjem opp til Louise, og spør henne om ho treng skyss heim. Louise forklarar at det ikkje trengst, og for å komme seg unna på raskast måte - tek ho snarvegen gjennom smuget.

– Det var ikkje så lurt av meg, men når du er ute så tenker du ikkje rasjonelt. Mannen følgde sjølvsagt etter meg inn i smuget, fortel Louise med skjelven stemme.

Ho auka tempoet for å halde mannen på avstand, men han tek ho fort igjen. I løpet av neste sekund har han grepet tak i armen hennar, og drege ho tett inntil seg. Louise var skrekkslagen, og i sjokk over det som skjedde.

Eg hadde drukke ganske mykje, så eg var kanskje eit lett bytte.

Louise (28)
Jente overfalt i Trondheim sentrum

Det var i dette smuget Louise vart overfalt.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Han drog meg inntil seg, slik at vi kom ansikt til ansikt. Så tok han å sleika meg i øyret og oppover halsen.

I sjokk og raseri klarer Louise å kjempe seg unna, og spring så raskt ho kan til kjærasten som ventar på torget. Når Louise gjenfortel hendinga ser ho skremt rundt seg. Vi står inne i smuget kor det heile skjedde.

– Det verste var kor usynleg eg kjende meg. Det var ingen som kunne sjå oss her inne i smuget, seier ho.

I ettertid har Louise tenkt mykje på kva som skjedde. Sjølv hadde ho drukke ein del, men fekk inntrykk av at mannen i smuget var edru. Louise tør ikkje tenke på kva som hadde skjedd dersom han hadde prøvd litt hardare.

Får "hjelp" på heimvegen

Natteravnane møter på mange skjebnar som Lousie sin.

– Vi har dessverre observert at det finst menn som har hensikta å knytte kontakt med rusa kvinner. Dagen etterpå blir denne mannen anmeldt for valdtekt, fordi den unge jenta han hjalp opplevde det heile som eit overgrep.

Karl Sellgren, leiar for natteravnane i Kirkens Bymisjon, fortel om ein typisk kveld ute som natteravn, og lagar hermeteikn med fingrane når han seier at mannen "hjalp" den unge jenta. Karl kjenner seg godt igjen i Louise si historie, då han fleire gonger har hjelpt rusa jenter heim.

Karl Sellren

Karl Sellgren har fleire gonger opplevd at rusa jenter blir "grabba" av overivrige menn som vil hjelpe.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Eg har fleire gonger opplevd at jenter blir "grabba" tak i av menn, og tatt med nedover gata. Jenta har gjerne drukke så mykje at ho ikkje gjer motstand, og då er det viktig at vi tør å gripe inn.

Natteravnane i Oslo og Bergen kjenner seg igjen i denne situasjonen. Inga-Alice Næss Blaha, leiar for natteravnane i Bergen, fortel at dei er ektra på vakt dersom ein mann tilbyr ei kvinne hjelp. I hennar auge er det oppegåande menn som kan vere både edru og lettare rusa.

Dei blir ofte aggresive når vi prøver å bryte inn. Det hender til og med at jenta er uvillig til å gå med mannen, og då er vi ekstra på vakt.

Inga-Alice Næss Blaha, natteravn Bergen

Når slike situasjonar oppstår bruka Karl å stille seg framfor ungdommane for å spørje jenta om ho kjenner karen ho har slått følgje med. Som oftast senker dei skuldrane, og svarar nei. Dei vil berre heim att.

Trenden er nachspiel-valdtekter

Politiadvokat Marianne Høyer ved valdtektsteamet i Trøndelag kan bekrefte litt av det natteravnane fortel. Ho seier at politiet kjenner til saker kor det er hyggelege menn som vil hjelpe. I desse tilfella forklarar ho at mannen kan vere anten edru eller ruspåverka.

– Ei gjennomsnittsvaldtekt i Trøndelag er mellom ei 20 år gammal jente, og ein 30 år gammal mann. Etter undersøkingar som er gjort på overgrepsmottaket fann vi ut at promillen til jentene ligg på cirka 1,9.

Marianne Høyer

Politiadvokat Marianne Høyer fortel at nachspiel-valdtekter er det vanlegaste.

Foto: Helene Solheim / NRK

Høyer kan derimot ikkje bekrefte om det er ein trend at det er menn, edru eller ikkje, på jakt etter rusa kvinner. Det har skjedd, men ho seier at politiet ikkje har haldepunkt for å seie at det er ein tendens.

Den vanlegaste er nachspiel-valdtekter, kor det som oftast er rus involvert hos begge personane.

Marianne Høyer, politiadvokat

I 2016 var det anmeldt 139 valdtekter i Trøndelag, og 60 % av desse er klassifisert som nachspiel-valdtekter. Likevel viser ei undersøking gjort av politiet i Trøndelag at 66 % av valdtektsoffera rapporterar bruk av tvang. I Bergen var det i fjor 173 valdtekter, medan Oslo hadde 1663 anmeldte. Andelen festrelaterte valdtekter er høg også i desse byane.

Einar Idsø

Einar Idsø seier at fleire bør melde seg som natteravn.

Foto: Helene Solheim / NRK

55 % av gjerningspersonane har også fleire registrerte forhald hos politiet, men ingen av natteravnane i storbyane kan sei om dei har sett samme mannen gå igjen på gata. Høyer kan derimot bekrefte at nokre av gjerningsmennene har gjentekne overgrepssaker registrert på seg.

Fleire natteravnar = færre valdtekter?

Louise sjølv meiner at natteravnane i stor grad skapar meir tryggleik i gatene, men at det kanskje ikkje er nok gule jakker til å forhindre uheldige episodar. Kristian Bremnes og Einar Idsø går også natteravn i Trondheim, og dei meiner at endå fleire overgrep kunne vore forhindra.

– Problemet er at vi manglar frivillige, vi skulle har vore dobbelt så mange natteravnar i gatene. Ti til kvar kveld hadde vore supert, seier Idsø.

– Det hadde heilt klart vore færre valdtektssaker dersom vi fekk nok frivillige til å dekke sentrum. Viss vi er fleire så ser folk dei gule jakkene. Dei ser at det er nokon der, og det er det som er viktig, seier Kristian Bremnes.

Lars Norbom

Lars Norbom fortel at det også er mangel på natteravnar i Oslo sentrum.

Foto: NRK

På ein lågt bemanna laurdag i Trondheim er det berre to natteravnar i sentrum. Lars Norbom, generalsekretær for Natteravnane i hovudstaden, bekreftar dei også slit med mangel på frivillige i Oslo.

Vi kjenner oss tidvis underbemanna. Det er vanskelig å få tak i folk, då det ikkje er så attraktivt å vere frivillig på kvelds- og nattestid.

Lars Norbom, natteravn Oslo

Norbom fortel at dei i gjennomsnitt er 15 stykke, av og til nede i 10, og det ønskelege er å vere ein stad mellom 30 og 50. Han forklarar at synlegheit er den viktigaste tryggheitsskapande faktoren - noko 10 natteravnar ikkje klarar å oppnå. Han stiller seg bak Karl og natteravnane i Trondheim sin teori om at det vert færre valdtekter dersom dei får fleire natteravnar.

Stasjonssjef for Sentrum stasjon i Trondheim, Arve Nordtvedt, oppfordra fleire til å melde seg som natteravn, då han meiner at arbeidet dei gjer er svært viktig.

– Det er ikkje tvil om at den innsatsen dei gjer bidrar til å skape tryggleik, i tillegg til å førebyggje kriminalitet, seier Nordtvedt.

Arve Nordtvedt

Stasjonssjef for Sentrum stasjon i Trondheim, Arve Nordtvedt, seier at natteravnane førebygg kriminalitet.

Foto: Helene Solheim / NRK

Må stole på den ugne magekjensla

Nordbom bekreftar tendensen som natteravnane i Trondheim har observert, og fortel om ein typisk situasjon:

– Det sitter ei jente og tasta på telefonen, også kjem det ein mann som gjerne vil hjelpe. Tilstanden til mennene varierar, men dei har kontroll på kva dei vil og kva dei ønsker. Då bruka vi å gå inn i situasjonen og anbefale dei å utveksle mobilnummer i standen, seier Norbom.

Han råder ungdom til å gå i gater kor det er lys og folk, i tillegg til å ikkje drikke seg frå sans og samling. Politiadvokat Høyer fortel at natteravnane ikkje har noko ansvar for å førebygge valdtekt, men at dei kan gå å høyre om ungdommen i gatene har det bra. Ho tykker og at folk bør unngå å nå 1,9 i promille, då ein vert svært sårbar. Natteravnane synast det kjennast utruleg godt når dei har klart å få ungdommane trygt heim, og Karl forklarar at dei ofte må ta mot til seg:

– Ein må tørre å høyre på den ugne magekjensla. Ofte gir folk tydeleg teikn til at dei ikkje vil ha vår hjelp, og då kan det vere litt ekkelt.

Louise skulle sårt ynskje at natteravnane hadde vore i nærleiken då ho vart overfalt. Ho synast fleire bør melde seg som frivillig, slik at dei kan hjelpe folk i naud. Natteravn Einar tør ikkje tenke på kva dei går glipp av i løpet av ein kveld, men er veldig glad når det går rette vegen.

Det kjennast veldig godt i hjartet. Det er jo derfor vi gjer dette - det er det som er "rusen" med å gå natteravn.

Einar Idsø, natteravn Trondheim
Natteravner i Midtbyen, Trondheim

Her er nokre av dei som går fast natteravn i Trondheim.

Foto: Helene Solheim / NRK