Hopp til innhold

Slit med å leige ut: – Marknaden er heilt død

Både små og store utleigarar har problem med å fylle hyblar og leilegheiter under koronapandemien.

Bryggene langs Nidelva i Kjøpmannsgata i Trondheim og Barcode i Oslo.

BUSTADUTLEIGAR SLIT: Utleigarar i Trondheim og Oslo fortel om svært vanskelige tider under pandemien.

Foto: Gorm Kallestad og Jon Olav Nesvold NTB / NTB

For snart to veker sidan la Per-Erik Nilsen ut ein hybel i Trondheim på annonsenettstaden Finn.no.

Han har framleis ikkje fått ein einaste svar på annonsen.

– Det er helt dødt i utleigemarknaden i Trondheim. Det har aldri vore så stille som no, seier Nilsen.

Han leiger ut rundt 50 hyblar i trondheimsområdet. No er 12 av dei ledige. Det er meir enn dobbelt så mange som normalt. Og meir enn nokon gong før.

– Vi tener veldig lite pengar no, men klarer å pusse opp nokre tomme hyblar. Vi tar sats på at situasjonen vert betre til hausten, seier utleigaren.

Òg han kan vente enno lengre enn det om nødvendig.

Nilsen har budsjettert for færre leigetakarar under koronapandemien og kan leve med at opp til halvparten av hyblane hans står tomme i lang tid.

Vi har rekna på at vi kan gå cirka eitt eller eitt og et halvt år med 50 prosent dekning, etter det er det kroken på døra.

Per-Erik Nilsen

MANGE LEDIGE HYBLAR: 2021 har vore hektisk for Per-Erik Nilsen, som driv med utleige av hyblar på fulltid. Måndag var den første fridagen hans i år. Bildet er tatt på vinterferie i Finnmark.

Foto: Privat

Meir enn 11.000 bustader står tomme i Noreg, ifølge tal NRK har henta inn frå annonsenettstaden Finn.no.

Per-Erik Nilsen har drive utleige av hyblar i Trondheim i tjue år.

Han peiker på stengde grenser, når vi spør han kvifor han no snakkar om ein «bråstopp i marknaden».

– Det mista vi mykje utanlandske arbeidsfolk og utanlandske studentar på, seier Nilsen.

Vil ikkje selje

I januar auka bustadprisane i Noreg med 3,2 prosent. Prisane hadde då klatra 8,6 prosent høgare enn for eitt år sidan, men utleigar Per-Erik Nilsen vil framleis ikkje selje.

Våre leilegheiter vert leigde ut når grensene vert opna igjen. Dei prospekta vi har er hybelkompleks, som uansett ikkje er aktuelle for førstegongskjøparar, seier utleigaren.

Utleiemegleren, eit selskap som hjelper folk å leige ut, fortel at fleire kontaktar dei for å be om råd.

Men paradoksalt nok har det faktisk blitt færre «bustadar til leige»-annonsar i Noreg i januar i år samanlikna med same tid i fjor, ifølgje tal frå Finn.no

Unntaket er Oslo, med 12 prosent fleire annonsar for «bustad til leige» i januar i år samanlikna med same tid i fjor.

Kristian Qvigstad

VIL VENTE: Kristian Qvigstad viser fram den ledige hybelen i huset sitt. Han er ein av dei som har råd til å vente med å leige ut. No håper han å finne ein god «match» til dei andre hybelbuarane sine.

Foto: Privat

Venter på «den rette»

Kristian Qvigstad er ein av utleigarane som merker denne endringa. Han slit med å leige ut ein hybel i heimen sin på Vindern i Oslo.

Normalt får han mellom 30 og 50 meldingar om ei slik annonse rett etter at han har lagt ut eit rom.

– Eg har alltid kunne «velje og vrake» i leigetakarar, men no er det heilt dødt. På tre veker har eg no berre fått to meldingar frå folk som er interesserte i denne hybelen, seier han.

Qvigstad stressar ikkje. God personleg økonomi, avdragsfridom og låge renter gjer at han kan vente på «den rette» leigetakaren.

– Det vert dyrare å ta inn ein person som ikkje fungerer samen med dei andre eg leiger ut til, seier Qvigstad.

Derfor ventar han på betre tider, nærmare sagt på innrykket av nye studentar til Oslo i august.

Endre Jo Reite, direktør for privatmarkedet i BN Bank

TRUR FLEIRE HAR RÅD TIL Å VENTE: Endre Jo Reite i BN Bank trur mange utleigarar har råda til å sitte på gjerdet no.

Foto: BN Bank

Låge renter tillèt utleigarar å vente på «den rette»

Fleire utleigarar, som Qvigstad, ventar på betre tider, skal vi tru Endre Jo Reite.

Direktøren for Personmarked i BN Bank, meiner dette er forklaringa på kvifor tørka ikkje vert spegla gjennom fleire annonsar.

– Når bustadlånsrenta er veldig låg, så er det mange i privatmarknaden som ikkje leige ut, seier han.

Reite trur altså at fleire vanlege folk med utleige som biinntekt har god nok økonomi til å vente med å leige ut leilegheita i kjellaren eller hybelen på loftet.

– Mange ser no at det er krevjande å leige ut, og særleg no som det ikkje er møtekrav for studentar på universiteta, seier Reite.

Ola Honningdal Grytten, professor i økonomi ved Norges handelshøgskole er einig.

– Det kan vere at færre annonserer for utleige sidan marknaden går treigt og dei har sete seg på gjerdet, seier han.

Professor Ola H. Grytten ved NHH.

Professor Ola H. Grytten ved NHH

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK Hordaland