Hopp til innhold

Trond Giske: – Har ikkje råd til å kvitte oss med folk berre på grunn av manglande fotnotar

I fjor leverte Trond Giske masteroppgåve i statsvitskap ved NTNU. Sjølv er han sikker på at han ikkje har kopiert andre.

Trond Giske sitter på ein stol og blir intervjuet av en reporter. Han er engasjert og gestikulerer med hendene.

MÅ BLI RAUSARE: Trond Giske meiner politikarane må bli rausare i møte med vanlege folk som gjer same feil som dei sjølv.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Det bestemte eg jo lenge før desse sakene dukka opp, med ein gong eg skreiv masteren.

Det seier Trond Giske om at masteroppgåva han leverte våren 2023 ikkje er tilgjengeleg for offentlegheita.

Politikaren har ikkje tenkt til å offentleggjere masteroppgåva heller, sjølv etter at Sandra Borch i førre veke gjekk av som minister av på grunn av plagiat i sin master.

I Ingvild Kjerkol si masteroppgåve er det funne over 60 tilfelle av tekstlikskap med andre oppgåver.

Giske meiner litt av utfordringa er at politikarane i dag er for lite raus med vanlege folk.

Les også Flertallet mener det var riktig av Giske å trekke seg: Dette sier han selv

Trond Giske, årsmøte i Trøndelag Ap 29.08.20. Bildet er tatt utenfor salen.

Meiner politikarane må bli rausare

Pendlarbustad, aksjehandel, inhabilitet, upassande forhold og no kjeldetilvising.

Dei siste åra har fleire ministrar måtte gå på grunn av at dei ikkje følgde reglane.

– Den manglande rausheita me viser nokon som har vore uheldig med skjemaet sitt på Nav, får me i fleisen når det då gjeld oss sjølv, seier Giske.

Giske meiner politikarane heller må bli rausare enn å måtte gå av på grunn av feil eller manglande kjeldetilvising.

– Me har god råd viss me berre skal kvitte oss med folk kvar einaste gong det manglar nokre fotnotar. Men eg kjenner ikkje sakene og har ikkje lyst til å gå inn i det.

Han seier folk ikkje liker når politikarane møter seg sjølv i døra og ikkje klarar å følge sitt eige regelverk.

– Det er ikkje rart at folk forventar av politikarar at me klarer å fylle ut ein sjølvmelding eller ei reiserekning på korrekt måte.

Les også Giske i ny bok: – Eg kjenner ikkje igjen partiet mitt

Trond Giske

– Ingen ønsker feilfrie politikarar

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, seier at me må kunne forvente at politikarane følger dei same og reglane dei lager til vanlege folk.

Særleg trur eg politikarane er sårbare for saker der det ikkje er samsvar mellom liv og lære. Nokre skandalesaker der politikarar må gå av er openberre, medan det i andre tilfelle er meir skjønn.

Men politikarane, som folk flest, må kunne gjere feil utan å måtte gå av. Det avheng av alvoret i feilen, korleis det blir handtert og kor mykje tillit politikaren har i utgangspunktet forklarar Aglen.

Tone Sofie Aglen

– Det er nok dei færraste som meiner at fotnotar i gamle masteroppgåver skal granskast med lupe, seier Tone Sofie Aglen.

Eg trur ingen ønsker feilfrie politikarar, og det er ei bekymring for at nålauge for å bli politikar er i trongaste laget.

Likevel må politikarane følge sine eigne reglar påpeiker Aglen. Og det gjorde ikkje regjeringa då dei anka ei sak om sjølvplagiering til Høgsterett med dåverande forsking- og høgare utdanningsminister Sandra Borch i spissen.

Ein forsking- og høgare utdanningsminister kan ikkje ha juksa på si masteroppgåve samstundes som ein strammar inn fuske-regelverket for studentar, legg Aglen til.

Les også Vil endre loven for å stoppe foreldre fra å ta «fri» fra ungene

Skiløper over flat myr med sol i mot.

Vil ikkje dele masteroppgåva si

Giske seier at han sjølv har køyrd oppgåva si gjennom Copyleaks og at oppgåva bestod testen. Altså at han ikkje har plagiert andre sine oppgåver eller tekstar.

Han vil likevel ikkje dele masteroppgåva si fordi han meiner funna i oppgåva kan gje opposisjonen ein fordel.

– Eg gjorde ein stor spørjeundersøking. Det er ein del resultat og tema i den som eg har omtala i boka mi som kom i haust.

– Dei viktigaste politiske funna eg har, dei står i boka.

Giske beskriv ei tillitskrise mellom dei tradisjonelle veljarane og Arbeidarpartiet.

Nettavisen har i ei veke prøvd å få innsyn i masteroppgåva til Trond Giske.

NRK har òg søkt om innsyn, men får ikkje dette hos NTNU. Kvar student avgjer sjølv om oppgåva skal ligge offentleg eller ikkje ved innlevering.

Universitetet oppmodar studentar til å publisere master- og bacheloroppgåvene sine i NTNU sitt offentlege arkiv, NTNU Open. Dette har Giske vald å ikkje gjere.