Hopp til innhold

Student fekk medhald i sak om sjølvplagiat

Ein student blei utestengd i to semester for sjølvplagiat, og gjekk rettens veg. I lagmannsretten fekk studenten medhald. Det er uavklart om det blir anke.

Høgskolen i Innlandet, skilt ved inngangen.

MEDHALD: Studenten som var student ved Høgskolen i Innlandet fekk medhald i lagmannsretten. Bilete er brukt til illustrasjon.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Paradokset er at ho ikkje klarer å gle seg over dommen i lagmannsretten. Ho er framleis veldig nedbroten fordi ho uretteleg blei utestengd frå sitt studie, og uretteleg fekk svaret på oppgåva annullert, seier advokat og prosessfullmektig Magnus Stray Vyrje.

Då studenten ved Høgskolen i Innlandet blei utestengt i to semester, var dette med grunngjevinga at høgskulen meinte ho hadde plagiert seg sjølv på ein konte-eksamen.

Studenten hadde brukt to avsnitt frå ein tidlegare underkjent heimeeksamen innanfor same emne, utan å opplyse om dette. Avsnitta refererte til ei lærebok i faget, og studenten hadde tilvist korrekt til denne.

Høgskolen si nemnd for studentsaker fann at dette var i strid med det gjeldande eksamensreglementet og difor måtte regnast som fusk.

Det meinte også Felles klagenemnd, Kunnskapsdepartementet, og Oslo tingrett.

Studenten anka, og Borgarting lagmannsrett har slått fast at utestenginga var ugyldig.

Les også Sterke protestar mot fuskereglar på eksamen

Birk Blekken er leder i Studentorganisasjonen i Innlandet.

Truleg ikkje førande for andre

Studenten har fått støtte. Heile 331 tilsette ved universitet og høgskular signerte ei underskriftskampanje for å støtte studenten, ifølge VG.

Advokaten hennar seier saka har gått inn på ho, og at ho ikkje har orka å forhalde saka i det offentlege.

– Ho har ikkje evna å gle seg over denne massive støtta ho har fått. Både frå det juridiske fagmiljøet i Noreg og store deler av akademia. Ho er framleis sterkt prega av det ho har vore gjennom, seier Vyrje.

Han seier til NRK at han meiner dommen i Borgarting lagmannsrett er korrekt.

Til Khrono.no har Vyrje skrive at dommen «underbygger det han heile tida har ført an»: At studentane har vore rettslause i fuskesaker om sjølvplagiat.

Til NRK seier Vyrje at lagmannsretten har avgjort saka på eit konkret grunnlag, og at dei ikkje løyser eit generelt rettsspørsmål. Difor vil saka, ifølge advokaten, truleg ikkje vere førande for andre studentar som kjem opp i ei sjølvplagiat-sak.

– Lagmannsrettens dom har stor betydning for denne studenten som har vunne fram, men lagmannsretten si avgjersle har nok avgrensa verdi for andre studentar som kjem opp i ei sjølvplagiat-sak, seier Vyrje.

Les også Tre studenter utestengt fra NTNU etter juks med KI

NTNU

Vil ikkje unnskylde enno

På Khrono.no har Vyrje svart at han ventar at leiinga ved Høgskolen i Innlandet «går i seg sjølv og gir studenten ei unnskyldning utan atterhald».

– Eg synest det er naturleg, viss dommen blir rettskraftig, og det blir slått fast at studenten har fått øydelagt heile studieløpet på eit uriktig grunnlag, og blitt stempla ut av akademia som fuskar, at det ikkje er anna enn rimeleg at høgskulen tar ansvar, og fremmar ei unnskyldning utan atterhald, seier Vyrje til NRK.

Han seier også at høgskulen bør seie seg villig til å kompensere det økonomiske tapet studenten har blitt påført.

Prorektor utdanning ved Høgskolen i Innlandet, Stine Grønvold, svarer NRK i ein e-post. Der skriv ho at dommen frå lagmannsretten ikkje er rettskraftig, og at Kunnskapsdepartementet ikkje har avgjort om dei vil anke dommen.

Lagmannsretten ber også om ny behandling av saka i Felles klagenemnd. Ei eventuell beklaging vil komme etter at det er sett eit endeleg punktum i saka, og den vil komme direkte til den råka studenten og ikkje indirekte gjennom media, seier Grønvold.

Kunnskapsdepartementet opplyser til NRK at dei no vurderer dommen, og at dei ikkje har tatt stilling til om dei skal anke enno. Ankefristen er i januar.

Les også Høgskolelektor ser positivt på tekstroboter: – Vi må tenke framover

ChatGPT

Trur ikkje på anke

Vyrje seier til NRK at han har vanskeleg for å tru at dommen blir anka fordi han ikkje kan sjå at saka har prinsipiell betydning, nettopp fordi lagmannsretten har avgjort saka på konkret grunnlag.

Han seier også ei føresetnad for å anke må vere at ein meiner lagmannsretten har lagt til grunn ein uriktig lovbruk.

– Her er den lovbruk som lagmannsretten bygger på, eksakt same lovbruk som departementet legg til grunn i utkastet til ny universitet- og høgskolelov, seier Vyrje.

Vyrje meiner likevel at heile systemet for slike saker må endrast, og at ein ikkje kan behandle fuskesaker om mogleg plagiat og sjølvplagiat så rigid som i denne saka.

Høgskolen i Innlandet skriv på sine sider, at lagmannsretten finn det naturleg at Felles klagenemnd gjer ei ny vurdering av saka, basert på den lovforståinga som lagmannsretten har lagt til grunn:

– Avgjersler i Felles klagenemnd og frå domstolane er eit viktig grunnlag for alle høgskular og universitet når eksamensreglement blir forma ut og i praktiseringa av desse. Det gjeld også for oss, seier prorektor Stine Grønvold.

Me har starta ein revisjon av vår eiga eksamensforskrift etter at eit forslag til ny lov om universitet og høgskular nyleg er lagt fram, seier ho.

Les også Tilbyr eksamensjuks mot betaling

En mann holder en perm med ark i hånden og gir den til en kvinnelig student. Dette er en illustrasjon, og ikke et ekte bilde.