Hopp til innhold

Giske i ny bok: – Eg kjenner ikkje igjen partiet mitt

– Det er ei grunnleggande tillitskrise mellom dei tradisjonelle veljarane våre og partiet, seier forfattaren.

Trond Giske

VERDT Å SLOST FOR: Trond Giske vil kjempe og slost for å reise Arbeidarpartiet tilbake til si stordomstid.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

I si nye bok ser Trond Giske på kva han meiner har gått gale i Arbeidarpartiet og korleis han meiner dei skal få veljarane tilbake.

– Eg meiner me er i ei alvorleg krise. Eg trur ikkje eg kan hugse, i dei 40 åra eg har vore medlem, at det har vore meir alvorleg enn no.

Det sa Trond Giske til NRK i førre veke i forbindelse med boklanseringa.

«Verdt å slåss for» begynner i det Trond Giske trakk seg frå politikken.

Kjenner ikkje igjen partiet sitt

– Eg kjenner ikkje igjen partiet mitt, skriv Giske i boka.

Dette får han høyre frå veljarane og blant folk i partiet.

Folk i partiet verkar så rådville. Kvifor slit arbeidarpartiet sånn? Kva er vegen vidare?

Det seier politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen om dei ho har møtt i Arbeidarpartiet den siste tida.

Gjennom ei historie om tida etter Giske trakk seg frå politikken og vegen tilbake til politikken, kjem han med tankar om korleis partiet også skal kome seg tilbake til si stordomstid.

– Det er ei grunnleggande tillitskrise mellom dei tradisjonelle veljarane våre og partiet, legg han til.

Problemet er politisk

– Det som er Giske si analyse, som skil seg litt frå det partileiinga har sagt, er at problemet er politisk. Det er ikkje kommunikasjonen som er problemet.

Tone Sofie Aglen

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, seier Giske vil ta tilbake det tradisjonelle partiet for å gjenreise tilliten til Arbeidarpartiet.

Aglen forklarar at dårleg kommunikasjon av politikken har vore mantraet til Ap når det har gått dårleg. Men politikken, den har vore rett.

Giske meiner partiet må gje betre svar på dei tinga veljarane bekymrar seg for i kvardagen.

Veldig mange av dei Ap naturleg nok burde appellere til, og som ifølgje Giske treng partiet mest, stemmer ikkje, forklarar Aglen.

Arbeidarpartiet har ikkje klart å inkludere nærveljarane i politikken sin, meiner Giske. Han meiner at partileiinga er for oppteken av globalveljarar og internasjonal politikk. Dette skriv han også om i masteroppgåva si frå NTNU i år.

Men kva er det som er verdt å slost for?

Les også Ap med medlemsvekst – Giskes Nidaros får mye av æren

Trond Giske på Debatten

Tilbake til røtene

Giske avsluttar boka med å seie at det er opp til «oss» å sørge for at partiet ikkje søkk og forsvinn.

Han vil ikkje la det forgjengarane bygde opp, vere til inga nytte.

Dette meiner han er mogeleg dersom Ap har mot og vilje til å gjere det som trengst.

– Me må først spør oss «kven er det som har forlate oss?» og så spør «korleis får me dei tilbake?»

Han vil ta partiet tilbake til røtene.

I boka tar han i bruk gamle slagord frå stordomstida, for å finne tilbake det gamle, populære Arbeidarpartiet, forklarar Aglen.

– Skap det man kan dele, gjenreise respekten for praktisk arbeid, ta tilbake kontroll og ingen skal stå med hua i handa.

Omslag til boka Verdt å slåss for av Trond Giske

Omslaget på boka er som ein gamal plakat frå arbeidarbevegelsen og det er hit Trond Giske vil ta Arbeidarpartiet – tilbake til røtene.

Foto: Gisle Vagstein

Opnar opp for comeback i rikspolitikken

I førre veke blei det klart at Giske opnar opp for eit comeback i rikspolitikken.

– Det er mange som har vore på meg og ei Facebookgruppe med 8000 medlemar som ønsker meg tilbake på heiltid, seier Giske til NRK.

Han seier eit mogeleg comeback er avhengig av kva familien og lokallaget sitt meiner.

– Eg utelukkar det ikkje, men eg innelukker det heller ikkje. Eg er i tenkeboksen.

Men eit spørsmål å stille er kor stor innflytelse Trond Giske eigentleg har, påpeiker Aglen.

– Det er ikkje noko tvil om at sjølv han har lukkast med lokallaget sitt, så opplevast han nok som mindre relevant i partiet i dag enn for få år sidan.

Les også Giske hardt ut mot regjeringens strømpolitikk

Trond Giske - Ap Trondheim