Hopp til innhold

Funn i gravhaug skriv om historia: – Ganske oppsiktsvekkande, meiner arkeolog

Skipsgrava på Leka i Trøndelag viser seg å vere frå før vikingtida.

Herlaugshaugen på Leka.

SKIPSGRAV: Under denne haugen på Leka i Trøndelag har arkeologar funne ei skipsgrav frå før vikingtida.

Foto: Robert Fry / NTNU Vitenskapsmuseet

I sommar gjennomførte arkeologar undersøkingar av ein gravhaug på Leka i Trøndelag.

Og det dei fann har skapt stor begeistring. No må historia skrivast om.

– Det er ganske oppsiktsvekkande fordi skipsgrava er ganske mykje eldre enn dei tidlegare dateringane me har.

Det seier arkeolog og prosjektleiar Geir Grønnesby.

Fyrst fann dei ut at det var ei skipsgrav.

Så blei det klart at ho er frå før vikingtida, og dermed den eldste skipsgrava i Skandinavia.

Gemini har også omtala det historiske funnet på Leka.

Eldst i Skandinavia

Undersøkingane er gjort på oppdrag frå Riksantikvaren og i samarbeid med Trøndelag fylkeskommune.

Dei har tatt prøvar av treverket rundt naglane på båten for å datere kva tid skipsgrava er frå.

Skipsnagl funnet under graving i Herlaugshaugen.

I sommar fann arkeologane naglar frå skipet på Leka.

Foto: Geir Grønnesby / NTNU Vitenskapsmuseet

I Rogaland finst det nokre skipsgraver frå seint på 700-talet, men denne er enno eldre.

Skipsgrava viser seg å vere frå rundt år 700. Frå Merovingartida.

– At den skulle vere så gamal som den no viser seg å vere, hadde me kanskje eit håp om. Men det er likevel overraskande, seier Grønnesby.

Funnet flyttar heile tradisjonen med skipsgravferder ganske langt tilbake i tid.

Geir Grønnesby, arkeolog
Foto: Randi Wilsgård / NRK

Skipsgrava på Leka er den eldste i Skandinavia.

– Dei har kunna bygd store skip mykje tidlegare enn det me trudde før.

Dette beskriv arkeologen som eit nytt og interessant element i historia.

– Skipsgrava opnar opp for at kontakten med verda rundt har vore større lengre tilbake i tid. For når ein bygger litt store skip er det fordi ein skal reise eit stykke med dei, vanlegvis.

Frå før er det kjent at frå midten av 700-talet dreiv folk med handel frå Trøndelag til Kontinentet. Denne varetransporten er sentralt for å forstå vikingtid og utvikling av skip før vikingtid.

Les også Over 90 år etter at Svanhild forsvant, er folk fortsatt uenige om hva som egentlig skjedde

Svanhild Hansen, jenta fra Ørnerovet, tre år gammel.

Skip frå merovingartida

Det finst ganske få arkeologiske funn frå merovingartida.

– Det eksploderer med funn i vikingtida, men det er langt mindre i merovingartida, forklarar Grønnesby.

Difor veit ein ikkje så mykje om denne tidsperioden.

Men i Namdalen trur arkeologane at det kan vere fleire gjenstandar frå denne tida.

– Faktisk finst om lag 10 prosent av dei store gravhaugane i Noreg i Namdalen. Dette er haugar på meir enn 37 meter i diameter, og det er nesten uforklarleg at eit anonymt dalføre i Noreg verkar som heilt sentralt i storhaugsbygging.

Det seier Lars Forseth frå Trøndelag Fylkeskommune til Gemini.

Men dei veit ikkje kva desse andre store haugane inneheld.

Truleg kan funnet knyte seg til liknande graver i Uppsala i Sverige og Suffolk i England.

Kanskje kan det bli gjort nye funn i Namdalen som også endrar på korleis me forstår historia vår.

Les også Norske katter skader eller dreper opptil 68 millioner dyr i året

En katt titter fram fra bak et tre. Bare halve ansiktet er synlig.