Hopp til innhold

Dritlei valentines? Her er seks tilbod til deg som er litt bitter på eksen

Fleire firma og organisasjonar kjem med litt spesielle tilbod til dei som trivst med å vera litt smålege denne høgtida.

Illustrasjon av Love Hearts med sinte beskjedar som "you suck", "eat shit" og "not you".

«LOVE» HEARTS: Ikkje så veldig kjærleg og romantisk for tida?

Illustrasjon: Ellen Karin Moen / NRK

Er du lei av eksen din? Eller synest du berre det er litt artig å vera litt småleg og få ut bitterheita utan å faktisk skade eit anna menneske?

Då er dette nettsaka for deg!

For her skal du få ei liste med ulike firma som tilbyr litt andre måtar å feire valentinsdagen på.

Les også – Sunt å velte seg i kjærlighetssorg

Musikk

Namngi ein kakerlakk og la den bli spist av eit anna dyr

Illustrasjon av kakerlakk på lilla bakgrunn
Illustrasjon: Ellen Karin Moen / NRK

For å tene pengar til å ta vare på dyra, er det fleire dyreparkar som lar deg kalle opp ein kakerlakk etter eksen din 14. februar. Blant anna San Antonio Zoo.

Dei tek 10 dollar som går rett til å innsamlingsaksjonen deira for å namngi kakerlakkane sine.

Og viss ein synest det er litt ekkelt med kakerlakkar kan ein og namngi ein grønsak som blir mata til dyra i dyreparken seinare.

Kall opp ein slange etter eksen din

Illustrasjon av ein grøn slange
Illustrasjon: Ellen Karin Moen / NRK

Var eksen din litt slibrig? Look no further.

Hos Sea Life i Manchester har dei nokre slangar som treng namn. Der kan du vera med å legge inn eit ynskje om kva slangen kan heite.

Etter at innsamlinga av namn er ferdig blir dei mest innsende namna gitt til slangane. Og kanskje blir eksen din hiss-torie av dette?

Les også Stadig fleire KI-romansar: – Kjærleik ­fri for risiko

En hånd holder en mobiltelefon. På skjermen er en KI-generert dame, med kort rosa hår og sort t-skjorte. På skjermen står det også "chat" i sort på hvit bakgrunn.

Mal namnet til eksen din på ein bil som blir knust

Illustrasjon av ein bil som blir knust av ei diger maskin.
Illustrasjon: Ellen Karin Moen / NRK

Fekk du hjartet knust då det vart slutt?

No kan du ta ein slags hemn. For Scrap Car Comparison har opna for at folk frå heile verda kan skrive inn kva namn dei ynskjer dei skal male på bilane dei skal mose.

Dei skriv at dei har tusenvis av bilar som skal knusast og at dei like greitt kan gjera litt meir utav det.

Kattar som skal kastrerast treng òg namn

Illustrasjon av ein katt sett bakfrå.
Illustrasjon: Ellen Karin Moen / NRK

«Ikkje alle treng formeira seg», er slagordet til ein dyrevernorganisasjon i New Jersey.

Dei slit med veldig mange villkattar og treng å få kastrert og sterilisert fleire av dei. Så for å få råd til det, og for å få inn litt pengar til organisasjonen tek dei no 50 dollar for å kalle opp katten etter eksen din før dei kastrerer den.

Les også En av tre menn kunne tenkt seg flere enn én partner

Én eller flere partnere? Noen menn hadde foretrukket det siste.

Vis heile Storbritannia at eksen din er søppel

Illustrasjon av grønt søppelconteiner med namnet "Rolf" printa på.
Illustrasjon: Ellen Karin Moen / NRK

Gira på å vise fram kva du synest om eksen? Då har kanskje det britiske selskapet Business Waste løysinga. Dei tilbyr deg å få printa namnet til din eller kanskje ein venn sin eks på ulike søppeldunkar.

Så langt skal det vera komen inn over 2.000 forslag til namn som folk vil ha printa på søppeldunkar og søppelposar.

Og det er namna Alex, Josh og Ben som har blitt meldt inn flest gongar.

Bruk namnet til eksen din til å plukke opp hundebæsj

Illustrasjon av ein bæsjepose med ein namnelapp på der det står "Ingunn"
Illustrasjon: Ellen Karin Moen / NRK

«Dump eksen din ein gong til».

Dette er innsalet til Nebraska Humane Society i facebookposten deira. Dei tilbyr deg å skrive namnet til eksen din på ein av bæsjeposane deira viss du donerer 15 dollar til dei.

Og for 100 dollar skriv dei så mange namn som du måtte ynskje på bossekken som alle bæsjeposane kastast i.

Les også På 1500-tallet kom frierne på sengekanten

Nattefrieri