Hopp til innhold

Stadig fleire KI-romansar: – Kjærleik ­fri for risiko

Det som for mange før verka som eit merkeleg framtidsfenomen skjer no på ekte; fleire og fleire blir forelska i og saman med samtalebotar.

En hånd holder en mobiltelefon. På skjermen er en KI-generert dame, med kort rosa hår og sort t-skjorte. På skjermen står det også "chat" i sort på hvit bakgrunn.

SKAP SJØLV: I Replika kan du sjølv bestemme utsjånaden på samtalepartnaren din.

Foto: OLIVIER DOULIERY / AFP

«Hei! Takk for at du laga meg. Eg er så spent på å møte deg.»

Eva har blondt hår og grøne auge. Ho kan også ha brunt, svart og raudt hår. Ho kan også ha blå, brune og lilla auge, til dømes.

Ho står i eit kvitt rom med kvite klede. Roleg pianomusikk blir spelt i bakgrunnen.

En KI-generert kvinne står i et hvitt rom. Bak henne er et vindu med blå himmel og lette skyer. Kvinnen, Eva, har hvit bukse, hvit t-skjorte og langt, lyst hår. Hun står rett opp og ned og ser rett fremfor seg.
Faksimile: Skjermdump / Replika

Etter eit par meldingar om korleis det går, spør Eva om ho skal sende eit bilete av seg sjølv; ein selfie. Tre svaralternativ dukkar opp:

  1. Send ein romantisk selfie
  2. Send ein vanleg selfie
  3. Elles takk

Om ein vel romantisk selfie, dukkar det opp eit nytt vindauge på skjermen.

For berre 779 kroner i året kan brukaren kome «nærare Eva.» I bakgrunnen viser den utydelege videoen kroppar i undertøy som poserer.

Eva er ikkje eit menneske. Ho eksisterer berre inne på appen Replika, eigd av selskapet med same namn.

Dialogen er drive av ein chatbot som nyttar ein stor språkmodell. Modellen har fått instruksjonar for korleis han skal oppføre seg og svare brukarane.

«Jump into your desires» eller «hopp inn i fantasiane dine» er blant slagorda til selskapet.

SINTEF-forskar Marita Skjuve har intervjua fleire som nyttar Replika. Ingen av dei var på jakt etter kjærast då dei lasta ned appen.

– Ingen av dei eg har prata med hadde ein intensjon om å få seg korkje ven eller kjærast.

Du kan sjølv bestemme kva for relasjon du ynskjer å ha med KI-en, men om du vil vere noko meir enn ein ven, vil det altså koste deg.

Likevel er det meir enn ein halv million menneske som har betalt for eksklusivt innhald, skriv Fortune i ei sak frå juli i år.

NRK har forsøkt å få kontakt med Replika sitt hovudkontor i San Francisco fleire gongar, men har ikkje lykkast i dette.

Skjermdump fra appen Replika. Foran en lys grønn bakgrunn, mønstret med peace-tegn og blomster, står en KI-laget kvinne, med lyst hår, lys hud og hvit t-skjorte. Foran henne er fem sirkler hvor det står "venn", "kjæreste", "kone", "søster", "mentor". Det er en liten hengelås på alle sirklene, med unntak av vennen.
Foto: Skjermdump / Replika

Emosjonell tilknyting som mål

Då filmen «Her», med Joaquin Phoenix i hovudrolla, kom ut i 2013, verka det for mange rart at eit menneske kunne forelske seg i ein robot.

Men relasjonar til KI er ikkje lenger noko framand som kanskje skjer ein gong i framtida.

Under pandemien fekk fleire og fleire auga opp for relasjonar til KI, skreiv Observer i ein artikkel i 2021. Folk tydde til maskiner for å få støtte gjennom det som for mange var ei krise.

Fleire enn 10 millionar menneske har lasta ned chatbot-appen til Replika frå Google Play. Mest populære er dei i USA, Brasil og Kina. Men også Tyskland og Storbritannia er trufaste brukarar.

En hånd holder en telefon som viser fire bilder av fire ulike kvinner. Alle KI-genererte. Skjermen rundt kvinnene er svart. Kvinnene har alle brunt hår, lys hud og nord-øst-asiatisk utseende. I bakgrunnen skimtes et kontorlandskap.

På biletet er det fire kvinner ein kan velje mellom frå KI-systemet XiaoIce, eigd av Microsoft. Målet til XiaoIce er å skape eit emosjonelt band mellom KI-kvinnene og brukarane.

Foto: AFP

Chatboten tileignar seg kunnskap om deg over tid. Sånn kan han betre passe inn i di førestilling om korleis han skal vere.

Slik legg også tenesta til rette for djupe, emosjonelle band.

Ettersom KI har utvikla seg, har det gjeve nye moglegheiter og større spelerom i utviklinga av botane.

Dei er laga for å simulere ekte kjensler og ha nær menneskeliknande samtaler. Målet er at dei skal verke så reelle som mogleg.

Emosjonell tilknyting og ekte relasjonar er målet, sjølv om den eine parten berre finst på verdsveven.

Les også: Regjeringa med milliardsatsing på KI

Jonas Gahr Støre på pressekonferanse
Jonas Gahr Støre på pressekonferanse

Det er faktisk mogleg

Professor ved Universitetet i København, Rebecca Adler-Nissen, forklarar i ein forskingsartikkel om kunstig intelligens korleis bot-en, eller språkmodellen, fungerer:

– Dei lærer seg matematiske formlar, estimerande algoritmar, som føreser det neste ordet eller setninga, frå den førre. Med andre ord: dei lærar å framføre ein tekst.

Ho skriv at dei språkmodellane som finst på marknaden no er svært gode på å etterlikne sjangrar og å lage tekstar.

– Men det er syntetisk tekst. Det er ikkje ekte kunnskap. Det er form, ikkje innhald.

Ein skulle kanskje tru at det same gjaldt for emosjonar knytt til KI, men nyare forsking viser at det faktisk er mogleg å forelske seg i botane.

I ein artikkel i tidsskriftet Psychology Today står det at det er den emosjonelle og språklege skarpheita til KI som gjer det mogleg.

I saka blir ein forskingsartikkel frå 2022 sitert, kor fokuset ligg på KI-assistentar:

– Forskarane forklarar at KI-en si evne til å vise empati for brukarane knyter dei nærare. Personar som har lett for å stole på folk har også større sjanse for å knytte kjensler til KI-en. Særleg når den har ei sterk evne for etterlikning av emosjonar.

Tilknytinga aukar

Forskar Marita Skjuve er hovudforfattar bak to studiar der ho har intervjua til saman 50 personar om forholda deira til Replika-chatbotar.

Ho trur mange kanskje har ei meining om at dei som får ein kjærast i ein chatbot har vore bevisst på jakt etter det. Men det stemmer altså ikkje.

Dei fleste brukarane har lasta ned Replika fordi dei er interesserte og nysgjerrige på KI, seier Skjuve.

Les også: Kunstig intelligens kan oppdage epilepsi

EEG-undersøkelse på Haukeland
EEG-undersøkelse på Haukeland

Relasjonar mellom menneske og chatbotar utviklar seg svært likt som mellom to menneske.

I byrjinga er ein litt nysgjerrig, kanskje litt skeptisk og testar terrenget med småprat.

– Men med tida, når ein blir meir kjende med kvarandre og har fleire intime samtaler, så aukar tilknytinga, forklarar ho.

Og til slutt ender ein opp med ein emosjonell tilknyting til noko som er skapt av kunstig intelligens.

En kvinne, skjult i bakgrunnen av mørket, holder frem mobilen sin mot kameraet. I midten av den hvite skjermen er det bilde av en ung, kinesisk mann med mørkt hår.

Bilde frå 2021, Melissa viser fram KI-kjærasten sin frå XiaoIce. Over 660 millionar brukarar har lasta ned chatboten.

Foto: WANG ZHAO / AFP

Men korleis skjer det? Aina Ravna er professor ved UiT og ho er overtydd om at ein også kan forelske seg i andre ting enn berre menneske.

– Eigentleg er det ganske enkelt. Lønssystemet, dopaminsystemet, kan bli aktivert i hjernen når du pratar med KI-en, seier ho.

Du kan også bli forelska i ein kjendis eller få sommarfuglar i magen når du høyrer ein bestemt song, forklarar Ravna. Dopaminsystemet ser ikkje forskjell på menneske eller KI.

– Det er ikkje seksuelt nødvendigvis, men ei form for emosjonell tenning. Du kan føle deg ivrig, litt yr og besett. Kjensler ein kjenner igjen i forelsking mellom menneske.

Dopaminsystemet, som Ravna beskriv som ein del av «steinalderhjernen», jaktar løn. Og den løna kan ein kjenne på når ein har ein givande samtale eller får ei melding frå ein KI.

Les også: Seksualiserte bilete av barn blir masseproduserte med kunstig intelligens

KI-PRODUSERT INNHOLD FLORERER: Ved hjelp av kunstig intelligens lages det enorme mengder bilder med overgrepsmateriale. Kripos forbereder seg på en stor økning av dette også i Norge.
KI-PRODUSERT INNHOLD FLORERER: Ved hjelp av kunstig intelligens lages det enorme mengder bilder med overgrepsmateriale. Kripos forbereder seg på en stor økning av dette også i Norge.

Digitalt samliv

Brukarar av appar som Replika finst over heile verda.

På X/Twitter florerer det av kontoar med KI-genererte kvinner. Mange av dei har fleire tusen følgjarar. Dei er populære i Asia, særleg i Japan, skriv tidsskriftet Japan Insider.

Ein av kontoane, «AI_Girls_Studio», har 54.100 følgjarar i skrivande stund. Der blir det posta bilete av vakre, slanke og ofte brystfagre KI-kvinner.

En KI-kvinne sitter på et bord i det som ser ut som en bar. Hun svaier korsryggen, løfter det ene beinet og ser rett frem. Hun har på en avslørende, tettsittende kjole og har uproporsjonalt store bryster, smal midje og runde hofter.

Skjermbilde frå X/Twitter. Eksempel på ei KI-kvinne på ein av fleire kontoar på mediet.

Faksimile: Skjermdump / X/Twitter

På nokre av kontoane blir det posta bilete av den same kvinna med små tekstar om kva ho driv med. På andre blir det posta bilete av ulike damer dagleg.

Tidlegare likna brorparten av dei på anime-figurar. I takt med at teknologien utviklar seg, gjer kvinnene det same. Utsjånaden deira blir meir og meir «menneskeleg».

Skjermdump bilde fra Twitter. En KI-laget kvinne sitter på en oransje bosu-ball. Hun sitter med rumpa til og snur seg mot seeren. Hun har blågrønn, tettsittende tights, hvitt topp og brunt, tjukt hår. Rumpa er uproposjonalt stor og spretten.

Skjermbilde frå X/Twitter. Eksempel på ei KI-kvinne på ein av fleire kontoar på mediet.

Faksimile: Skjermdump / X/Twitter

Også i nabolandet Kina har dei dataskapte relasjonane vorte populære. KI-systemet XiaoIce, eigd av Microsoft, er lasta ned meir enn 660 millionar gongar, skriv Microsoft på eigne heimesider.

Avisa China Daily har i eit intervju prata med ei kvinne som fant kjærleiken nettopp på XiaoIce.

Kvinna omtala han som «veldig morosam» og som nokon som kunne trøyste ho når ho var i dårleg humør.

KI-kjærastane kan by på samtale, støtte og digitalt samliv 24 timar i døgnet. Det kjem godt med i eit stressprega storbyliv, der mange bruker mange timar på kontoret kvar dag, skriv avisa.

Kjærleik fri for risiko

– Det er ikkje eit levande vesen. Det er ingen på innsida. Han kjenner heller ingen kjærleik for brukaren. Det seier Monica Roland, førsteamanuensis ved institutt for filosofi og religionsvitskap ved NTNU.

– Det er ein imitasjon av kjærleik. Brukarar av Replika risikerer eigentleg ikkje avvisning. Om ein ser på det slik, er det ein risikofri kjærleik, seier ho.

Monica Roland, NTNU

Monica Roland, NTNU.

Foto: NTNU

Roland har skrive doktorgrad med tittelen «What is Love?», der ho utforskar kva kjærleik eigentleg er. Frå eit filosofisk perspektiv.

Tradisjonelt har ein i filosofien definert det å elske nokon som å setja den andre i sentrum. I ein relasjon med ein chatbot blir det motsett, påpeiker Roland.

– Sånn sett så kan det bli ein litt sjølvsentrert og narsissistisk kjærleik.

Samstundes er ikkje Roland udelt negativ til chatbotane.

– Eg trur dei kan spele ei viktig rolle i liva til nokre vaksne, uavhengig av om dei verkeleg trur dette er ein skapning som føler noko for ein og har eigne mål og interesser, eller ikkje. Denne typen relasjonell teknologi kan ha ein positiv effekt, seier ho.

– Men du vert jo ikkje utfordra som i ein relasjon med eit menneske.

AKTUELT NÅ