Hopp til innhold

Derfor bør du onanere

Onani kan vere bra for helsa vår. Men det er stor forskjell på kor ofte kvinner og menn tar på seg sjølv.

Illustrasjon av kvinne som får orgasme.

ONANI: Ein kan få betre sjølvtillit av å utforske kroppen sin.

Illustrasjon: Ellen Karin Moen / NRK

Onani og orgasme frigjer mange forskjellige lykke- og velværehormon. Ein liten finger eller ei hand kan hjelpe deg med å stresse ned, du kan få meir energi – og det kan skape betre sex.

Klikk her for å hoppe rett til alle fordelane med onani.

6 av 10 menn seier at dei onanerer minst ein gong i veka. Samtidig svarar 2 av 10 kvinner det same.

Undersøkinga er gjort av Norstat for NRK.

Skam og eit manglande forhold til eige underliv kan ofte vere grunnar, forklarar sexolog Tone Haldorsen.

– Jenter blir ikkje oppmuntra til å sjå på sitt eige underliv som barn, medan gutar naturleg nok ikkje har det same problemet. Gutar får tidleg eit forhold til penisen sin, medan jenter får sjeldan den same moglegheita til å bli kjend med vulvaen sin.

Kvifor onanerer vi?

Det er altså stor forskjell på kor ofte kvinner og menn onanerer. Men det treng ikkje å vere negativt, forklarar gynekolog Kristin Offerdal hos Trondheimsgynekologene.

– Ein må kjenne på kva kroppen treng, og bli kjent med sitt eige behov.

Den nye undersøkinga viser og at det er ulike grunnar til at vi onanerer. 38 prosent seier at dei gjer det fordi dei er kåte. Andre svarar at dei onanerer for å kople av.

– Det viktigaste er å ikkje berre onanere for å dekke over negative kjensler. Då kjem ein inn i eit dårleg mønster, og kan få eit problematisk forhold til onani og orgasme, seier Haldorsen.

Hennar anbefaling er: Onaner når du føler for det!

Og her er sju fordelar med å ta på seg sjølv:

Kan redusere stress

Når ein onanerer frigjer kroppen fleire hormon som kan gjere kroppen mindre stressa.

Serotonin bidreg til avslapping og avspenning i kropp og hovud, seier sexolog Tone Haldorsen.

Sexolog Tone Haldorsen.

FORDELAR: Sexolog Tone Haldorsen meiner det ikkje finst for mykje onani, så lenge ein har lyst.

Foto: Privat

Når vi onanerer, og kanskje får orgasme, sender altså kroppen ut stoff som påverkar korleis vi føler oss.

– Mange seier at det er ein fin måte å slappe av på, og ha det greitt med seg sjølv på, fortel gynekolog Kristin Offerdal.

Betre sjølvtillit

I tillegg kan ein få betre sjølvtillit.

– Kvinner som onanerer eller masturberer er godt kjent med eigen kropp, og er kanskje tryggare på seg sjølv, seier Offerdal.

Gynekologspesialist Kristin Offerdal sitter inne på et undersøkelsesrom. Vi ser en blå gynekologstol i bakgrunnen.

BLIR KJENT MED SEG SJØLV: Når ein tar på seg sjølv kan det gjere at ein blir betre kjent med eige kropp og behov, forklarar gynekolog Kristin Offerdal.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Ho trur også det kan gjere at folk blir meir fornøgde med eigen seksualitet.

Og viss du er vand til å onanere eller ta på deg sjølv, så veit du jo korleis du kan få orgasme.

Ein tidlegare studie har også funnet at folk som er meir fornøgd med eige utsjånad, også kosar seg meir når dei har sex.

Kan skape betre sex

Når ein har blitt kjent med kva ein likar, kan det også endre korleis sexen blir med ein partnar.

– Det blir lettare å oppnå nyting saman med ein partnar. Solosex kan med andre ord forbetre parsex, fortel Haldorsen.

Dette er gynekologen einig i.

– Ein blir kanskje flinkare til å vere aktiv på kva ein likar av sex, seier Offerdal.

Les også Lite eller dårlig sex? Dette kan du gjøre

To nakne menn står inntil hverandre og holder hverandre på rumpa

Opprettheld sexlysten

Det er ikkje berre sexlivet som kan bli betre av å onanere, ein kan også få lyst på meir sex. Hormonet dopamin triggar nemleg belønningssystemet i hjernen.

– Dette skapar eit ønske om meir, og bidreg dermed til å oppretthalde sexlyst, seier Haldorsen.

Hånd som holder dildo.

HEKTA: Onani frigjer hormon som kroppen liker.

Illustrasjon: Adobe Stock

Dopamin blir også skilja ut i kroppen når ein for eksempel tar ein joggetur. Nokon kan dermed bli hekta på trening, fordi kroppen kjenner at det er eit godt hormon.

Kjærleik

Kjærleikshormonet kallast oksytocin, og det skapar gode kjensler og tilknyting.

– Ein kan faktisk få eit ønske om å vere sosial etter ein orgasme, seier sexologen.

Onani skil også ut hormonet adrenalin. Det bidreg til auka hjartefrekvens og energi, som gjer at ein kan få ein energiboost.

Les også Slik snakker du med partneren din om sex

To lyshudede damer med noen små tatoveringer ligger nakne oppå hverandre.

Bra for helsa

Hjarterytmen aukar under onani, og ein får betre blodgjennomstrøyming. Dette aukar cellefornyinga i kroppen.

– For menn kan onani også redusere risikoen for kreft i testiklar og prostata, seier Haldorsen.

Mann som runker.

BRA FOR HELSA: Å runke kan beskytta folk med penis mot fleire sjukdommar, som til dømes kreft.

Illustrasjon: Ellen Karin Moen / NRK

Det kan også vere førebyggande for problem som til dømes å slite med å bli hard, og for tidleg utløysing hos menn.

Også her spelar hormona ei rolle:

– Det er veldig bra for helsa med både endorfin og dopamin, forklarar Offerdal.

Kan lindre smerte

Endorfin er kroppen sin naturlege smertestillande, og kan dermed føre til mindre smerte.

Kvinnesjukdommar som vaginisme, vulvodyni og andre underlivssmerter kan også bli mindre vonde, ofte i kombinasjon med samtaleterapi og øvingar.

Og ein studie peiker på at onani med vibrator kan vere bra for folk med vulvodyni.

Samtidig kan orgasme vere ubehageleg for nokon, forklarar gynekologen.

– Nokon unngår å onanere fordi det er så vondt når dei får orgasme.

Blant anna kan kvinner med sjukdommar som endometriose og adenomyose få smertar ved orgasme.

– Då kan onani utan orgasme vere ei løysing, seier Haldorsen.

Les også Sex er mer enn penetrering

En naken mann med brun hud og tatoveringer holder på rumpa til en naken dame.

Ikkje press deg sjølv

Hormon, sjølvbilde og stress er grunnar til at ein kanskje bør onanere. Men likevel skal ein ikkje presse seg sjølv.

– Det handlar om å finne ut kva som passar ein sjølv, seier Offerdal.

Ho fortel at det ikkje er slik at alle har det same behovet. Nokon oppnår ikkje orgasme av verken sex med ein partnar eller på eigehand.

– Så eg synest det viktigaste er at ein berre kjenner på at det ikkje er nokon skam å onanere og ha orgasmar for seg sjølv.