Hopp til innhold

Potetsalat utan majones

Nypotet blir sunn potetsalat når radiokokken slepp til.

Inge Johnsen og Hilde Rekstad på Sæther gård i Levanger.
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

Radiokokk Inge Johnsen og Tron Soot-Ryen er framleis på Sæther gård i Levanger og no skal de lagast potetsalat.

 - I dette distriktet seier dei potet og peng, kvinnfolk og seng, det er alt ein frosting treng, ler Inge Johnsen.

Økologisk nypotet

Råvarene Hilde Rekstad har funne fram til radiokokken i dag er årets økologiske nypoteter. Dei er små og raude og plukka kvelden i førevegen.

Inge Johnsen er i full sving med å kutte dei opp i små bitar.

- I dag skal eg lage ein potetsalat utan majones og rømme. Eg tek ikkje av skalet, for det var så fint og reint at det berre kan vere på. Potetene puttar eg i kokande vatn med litt kvitvin. Det skal ikkje vere så mykje vatn, men det skal koke til potene er møre, forklarar Johnsen.

Tørka og speka kalvekjøt

Det trengs også noko anna enn poteter i ein potetsalat. Det fiksar Hilde frå eige lager. Ho finn fram litt tørka og speka kalvekjøt, som også er ein spesialitet på Sæther gård i Levanger.

- Eg tenkte eg skulle lage ein potetsalat med speka kalvekjøt, løk, squash, timian og grøn chilli, seier Johnsen.

Alt dette blir putta opp i gryta med potetene, som framleis kokar.

- Etterkvart skal vi også salte og pepre, forklarar radiokokken.

Kald eller varm

Potetsalaten skal tas av panna litt før potetene er heilt møre. Den siste tida skal dei stå og trekke.

- På denne måten koker ikkje potetene sund. Dette er ei potetsalat med mykje god smak og den står seg lenge i kjøleskapet, med det meiner eg opp mot ei veke. Den blir berre betre og betre dess lenger den står, seier Johnsen.

Han avsluttar med å legge strimla spekeskinke frå kalven på toppen av retten. Om ein er veldig glad i rømme, er det lov å ha ein liten klatt på toppen.