Hopp til innhold

Åtte ordførarar ber om strengare innreisekrav: «Arbeidsgivere skummer fløten og gir blaffen»

Ordførarane er sterkt bekymra for importsmitte etter fleire tilfelle av mutert virus og karantenebrot. Dei ber regjeringa om å skjerpe innreisereglane.

Politi på grensa for å stoppe folk i koronatider.

GRENSEKONTROLL: Politi på svenskegrensa på Storlien i Meråker kommune stoppar folk som kjem til Noreg. No ber åtte ordførarar i Trondheimsregionen om strengare innreiserestriksjonar etter fleire tilfelle av mutantsmitte.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

I eit felles brev til nasjonale myndigheiter krev åtte ordførarar i Trondheimsregionen strengare restriksjonar for innreise.

Brevet vart sendt til helseminister Bent Høie (H) og justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) fredag ettermiddag.

– Vi har sendt dette brevet fordi vi er ganske frustrerte over å måtte innføre tøffe tiltak overfor befolkninga vår med bakgrunn i at vi har fått importsmitte. Vi slit med å handtere det, fordi vi fryktar den har spreidd seg i befolkninga, seier ordførar Rita Ottervik i Trondheim.

Det var Bladet som omtalte saka først.

Sterkt bekymra over smittesituasjonen

Brevet er signert av ordførarane i Stjørdal, Trondheim, Malvik, Melhus, Orkland, Indre Fosen, Skaun og Midtre Gauldal.

Dei er sterkt bekymra på grunn av mutantsmitten som er påvist i Trondheim.

– Vi meiner det må settast inn sterkare tiltak mot importsmitten, står det i brevet.

Dei stiller følgjande krav før regjeringa opnar for ytterlegare innreise:

  • Betre innreisekontroll
  • Innreiseregisteret sitt smotthol må tettast
  • Karantenereglane må skjerpast
  • Tilstrekkeleg kontroll og sanksjonar for brot må vere på plass

– Vi må sørge for at det blir større kontroll med dei opplysningane innreisande gir, slik at ein ikkje kan oppgje falske arbeidsgjevarar og adresser, seier Ottervik.

Rita Ottervik

ORDFØRAR: Ordførar Rita Ottervik i Trondheim kommune ber om strengare innreisereglar.

Foto: Morten Andersen / NRK

«Dessverre er det noen arbeidsgivere som skummer fløten og gir blaffen,» skriv ordførarane i brevet.

Utfordringane er særleg knytt til bedrifter som leiger inn arbeidskraft via bemanningsfirma, og useriøse firma som står for bustadinnkvartering for utanlandske arbeidarar.

Ba myndigheitene vurdere obligatorisk karantenehotell

Trondheim kommune gjekk tidlegare denne veka ut med ei bøn til myndigheitene om å vurdere å innføre obligatorisk karantenehotell.

– Vi må ha ei plikt for arbeidsgjevarar for å sjå til at arbeidstakarane som kjem frå utlandet faktisk har lovlege karantenefasilitetar, og at dei kan få straff dersom dei bryt reglane, seier Ottervik til NRK.

Også ordførar i Malvik kommune, Trond Hoseth, har signert brevet til myndigheitene. Han håpar det raskt kjem på plass nye tiltak frå regjeringa, slik at det blir enklare å følgje opp karantenebrot.

– Det må bli meir organisert. Trondheim har spesielt opplevd kor lett det er å lure systemet ved å vere uærleg. Det er bedrifter som ikkje eksisterer, og adresser der folk ikkje oppheld seg. Det er klart at det er eit stort problem, fastslår Hoseth.

Held grensene stengde ut månaden

Grenseovergangane blei i prinsippet stengt 29.januar. Tidlegare i veka vidareførte regjeringa innreiserestriksjonane resten av februar. Dette var i tråd med anbefalingar frå Helsedirektoratet for å begrense importsmitte.

– Vi må sørge for å ha kontroll og avgrense smitten så mykje som mogleg, sa justis- og beredskapsminister Monica Mæland under pressekonferansen på onsdag.

Ho la vekt på at utbrotet av den engelske og sørafrikanske virusvarianten har gjort at det er for tidleg å opne opp grensene att.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

MÅ HA KONTROLL: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland meiner det er for tidleg å lempe på innreiserestriksjonane.

Foto: Terje Pedersen

NHO: – Må slå hardare ned på karantenejuks

Regiondirektør Tord Lien i NHO har lest brevet frå ordførarane i Trondheimsregionen.

– Det er behov for fleire ressursar til kontroll, men også sterkare sanksjonar mot dei som juksar, meiner Lien.

Han seier at NHO i fleire månader har peika på behovet for at myndigheitene etterprøver at det ikkje blir juksa med karantenereglane.

– Eg har full forståing for at ordførarane ynskjer å vere tydelege. Eg håpar det blir politisk einigheit om å legge til rette for å få inn arbeidskraft som vi treng, samstundes som vi held useriøse aktørar og smitte ute, seier Lien.

Tord Lien, NHO

NHO: Tord Lien er regiondirektør i NHO. Han ber om sterkare sanksjonar mot dei som bryt karantenereglane.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Ottervik er svært tydeleg på at det noverande systemet ikkje fungerer optimalt.

– Både karantenereglar og isolasjon blir brotne. Det er ei ansvarspulverisering som ikkje er bra dersom vi skal få slått ned virus og importsmitte, avsluttar Trondheimsordføraren.