Hopp til innhold

Her serverer dei mat inspirert av «Fjernsynskjøkkenet»

Omringa av intens kunst med menneskeliknande figurar serverer dei mat som hyllar «heile Noregs matmor» Ingrid Espelid Hovig.

Joachim Rangø Andersen og Kjell Erik Killi Olsen.

KUNST OG MAT: Joachim Rangø Andersen og Kjell Erik Killi-Olsen under opninga av den nye restauranten «Gubalari».

Foto: Erland Knutsen / NRK

Dersom du har levd ei stund hugsar du kanskje «Fjernsynskjøkkenet».

Om du ikkje er gammal nok til å ha sett det då det gjekk på TV, har du kanskje likevel høyrt at dei «juksa litt», og bite deg merke i at programleiaren var svært glad i persille.

Fredag kveld opna ein ny restaurant i Trondheim inspirert av Ingrid Espelid Hovig, som i 30 år lærte nordmenn å lage mat gjennom TV-programmet og fleire bøker.

I SITT ESS: Ingrid Espelid Hovig i «Fjernsynskjøkkenet».

– Ho er her i sin ånd

Namnet på restauranten, «Gubalari», er eit uttrykk Hovig nytta om noko som kjem overraskande, og skaper full konsentrasjon og forventning.

Den Hovig-inspirerte restauranten ligg i K.U.K. Ei forkorting for Kjøpmannsgata Ung Kunst, som kunstnar Kjell Erik Killi-Olsen står bak.

Det 3.300 kvadratmeter store kunsthuset i Trondheim sentrum skal opne i haust, men restauranten opnar allereie denne helga.

På to av veggane i restauranten ruvar eit verk Kjell Erik Killi-Olsen har laga. Han var ein nær ven av Hovig som døydde i 2018.

 Kjell Erik Killi Olsen,

RESTAURANTKUNST: Kjell Erik Killi Olsen framfor kunstverket sitt i den nye restauranten «Gubalari» i kunsthuset Kjøpmannsgata ung kunst i Trondheim.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Ingrid er her heile tida. Ho er her i sin ånd. Ho synest dette er skikkeleg «gubalari», svarar han Killi-Olsen når vi spør om ho ville likt den nye restauranten.

– Det er inntrykksfulle figurar bak deg. Kva trur du Hovig ville meine om det å ha så intens kunst i same rom som de serverer mat inspirert av ho?

– Ingrid var eit veldig opent menneske, og veldig radikal på mange område. Ho var det, svarar Killi-Olsen.

Han er oppteken av at kunst skal vedkome folk. At det skal vere ein samtale. Han synest det var viktig å lage kunst som ikkje berre er ein tapet.

– Du kan velje å sjå på den, og du kan velje å lukke auga og sjå på maten. Då blir det fokus på maten, og så ser ein litt opp, og så sluttar ein med telefonane sine.

Lars Laurentius Paulsen

TIL HEST: Lars Laurentius Paulsen kom til restaurantopninga på hest. Han hadde også på seg ei finjakke med same mønster på innsida, som Espelid Hovig hadde på boka si «Den rutete kokeboka».

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Hyllar innovative Hovig

Menyen og interiøret i restauranten er også inspirert av Hovig.

Fredag kveld vart det servert mat av norske råvarer med ein fransk-asiatisk vri.

Sjefskokk Lars Laurentius Paulsen meiner kokkeleringa i «Fjernsynskjøkkenet» – som var over tretti år gammalt då det tok slutt for tjuefem år sidan – framleis er relevant i 2021.

– Folk trur gjerne at det er traust og tradisjonelt, men ho var ei innovativ kvinne, seier Paulsen om Hovig sine kokkekunstar.

Medeigaren Joachim Rangø Andersen meiner ho har inspirert alle norske kokkar på ein eller annan måte.

– Ho var ein føregangsperson, seier han og peikar på at ho for eksempel var tidleg ute med sushi på fjernsyn.

Om du vart nostalgisk eller nysgjerrig av å lese om heile Noregs matmor Ingrid Espelid Hovig, kan du sjå meir av «Fjernsynskjøkkenet» på NRK TV.

Matprogram. Kjøkkenskjef Hiroshi Ishibashi viser Ingrid Espelid Hovig hvordan man lager sushi, tempura og sukiyaki.

SUSHI: Kjøkkensjef Hiroshi Ishibashi viser Ingrid Espelid Hovig korleis han lagar sushi, tempura og sukiyaki.