Hopp til innhold

Syrstad Engen «Hjæmme» på bana der det heile starta: – Det er litt rart, seier mor

Mora og barndomsvenen er ikkje overraska over at Ingrid Syrstad Engen signerte for verdas beste fotballag.

Maiken Bakke, Ingrid Syrstad Engen.

FRÅ MELHUS TIL TIKI TAKA: I dag var det kjent at Ingrid Syrstad Engen signerte for verdas beste fotballag. NRK møtte ho «Hjæmme», som det står på taket over innbytarbenken til heimelaget på Gruva stadion

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

På Gruva stadion i Melhus triksar ein nysignert Barcelonaspelar og barndomsvennen hennar med ein ball.

Det siste året har fotballaget vunne den spanske serien, cupen og ikkje minst: meisterligaen. No får dei trønderen Ingrid Syrstad Engen med på laget.

Maiken Bakke har følgjande å seie om at barndomsvennen har signert for verdas beste lag.

– Dei som får spele med Ingrid er veldig heldige. Ho er veldig dedikert på og utanfor bana.

Så sentrar Syrstad Engen ballen til Bakke som tar imot, og spelar han tilbake til vennen før ho seier.

– Du har alltid slått gode pasningar.

Ingrid Syrstad Engen

KLAR FOR STORKLUBB: Ingrid Syrstad Engen fekk tilbod frå storklubbar i både England, Tyskland og Spania, og valet falt til slutt på Barcelona

Foto: FC Barcelona

Derfor valde ho Barca

Da var det den typiske Barca-spelestilen og måten klubben brukar midtbanespelarane sine på, som gjorde at Syrstad Engen takka ja, og snart flyttar til Catalonia.

– Eg har lyst å utvikle meg som spelar og det trur eg verkeleg eg kan gjere med den spelestilen dei har der.

De to siste årene har Ingrid Syrstad Engen vunne seriegull, to cupgull og spelt meisterligafinale for tyske Wolfsburg.

Det har gjort 23-åringen frå Melhus svært ettertrakta på overgangsmarknaden, og da ho ikkje ønsket å forlenge kontrakten med Wolfsburg kunne ho velje blant dei beste klubbane i verda.

– Korleis er spelestilen i Barcelona forskjellig frå Wolfsburg?

– Spelet er meir direkte og fysisk i Tyskland, i Barcelona er det meir teknisk. Eg gler meg til å utvikle meg offensivt på bana, svarar ny-signeringa.

 Maiken Bakke, Ingrid Syrstad Engen og Gudrun Syrstad.

STOLTE: Maiken Bakke og Gudrun Syrstad gler seg til å sjå Ingrid Syrstad Engen spele for Barcelona.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Eit fint neste steg

«Hjæmme», som det står på taket over innbytarbenken til heimelaget på Gruva stadion, har mor Gudrun Syrstad følgt med heile vegen.

– Det er litt rart, seier ho.

For det er svært få unnt å sjå barnet sitt vakse opp til å bli ein så god fotballspelar.

– Ho har utmerka seg frå ho var veldig liten og alltid vore veldig ivrig, seier Syrstad.

– Er du overraska?

– Ho har spelt store kampar i Wolfsburg og vist seg fram i Europa, så eg er ikkje så overraska, seier Gudrun Syrstad, før ho smiler og seier:

– Vi får heller kalle det eit fint neste steg.

Laster Twitter-innhold