Hopp til innhold

Inger meiner den sosialdemokratiske ånda er fråverande i Ap – no set ho sin lit til Giske

Med Trond Giske i spissen har Nidaros Sosialdemokratisk Forum blitt Aps største lokallag. No forklarer folk kvifor dei flokkar seg rundt politikaren.

Inger Ågesdotter Hovengen

STØTTAR GISKE: Inger Ågesdotter Hovengen er ein skikkeleg Ap-veteran. Ho meiner Trond Giske er ein god politikar, og har meldt seg inn i lokallaget hans i Trondheim.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

– Far min var politikar på Stortinget i mange år og eg har vakse opp med at ein skal ta vare på folk. Derfor kjende eg veldig sterkt for å melde overgang til Nidaros og bidra til å støtte den tanken og arbeidet som Giske går i spissen for.

Inger Ågesdotter Hovengen (66) bur i Vang i Valdres og er medlem av lokallaget til Giske i Trondheim.

Ho har vore politikar lokalt og nasjonalt, og har mellom anna vore statssekretær for tidlegare forsvarsminister Jørgen Kosmo. Ho har også vore rådgivar for dåverande næringsminister Grete Knudsen.

Hovengen meiner mange menneske ikkje blir godt nok varetekne med dagens politikk, og trur Giske kan gjere ein viktig jobb for Ap.

Eg ser at Nidaros står for den ekte sosialdemokratiske ånda som eg følar er veldig fråverande i Arbeidarpartiet elles.

Les også Nye Ap-vedtekter kan ramme Giskes lokallag

Stortingsvalget 2017

Enorm vekst

Mange har stussa på at folk som ikkje bur i Trondheim har meldt seg inn i lokallaget. Hovengen er også tydeleg på at ho ikkje har noko særleg interesse for politikken i byen, men at verdiane frå lokallaget var det som gjorde at ho melde seg inn.

– Nidaros jobbar for grasrota og pratar i klartekst. Trondheim Ap blir då store, men med at dei blir store så får dei ein annan påverknad. Det var viktig for meg.

Ho er heller ikkje åleine.

Asgeir Jordahl

Asgeir Jordahl meiner Giske er redninga for Arbeidarpartiet.

Foto: Privat

Nidaros Sosialdemokratisk Forum har på rekordkort tid blitt Arbeidarpartiets største lokallag med over 1000 medlemmer. Samtidig slit partiet nasjonalt på meiningsmålingane.

Asgeir Jordahl (58) bur i Kristiansund og har vore lokalpolitikar i same kommune. Han peikar på Giske som ei redning for partiet.

– Slik som Arbeidarpartiet no rotar det til ser eg på Giske som ein veg tilbake for Ap eller at partiet sprekk.

Jordal melde seg inn i AUF i 1980, men meiner at partiet sentralt no har gløymt grasrota. Men Giske har han trua på.

– Giske er han i partiet som har mest sosialdemokratisk ryggmargsrefleks.

Hadde ikkje vore medlem utan Giske

Lars Kringhaug

Lars Kringhaug.

Foto: Privat

Det er fleire som peikar på Giskes måte å møte grasrota på.

– Han har kontakt med grasrota i partiet og snakkar vanlege folk sitt språk, seier Lars Kringhaug (56) som bur i Malvik og som no er medlem av lokallaget til Giske.

Kringhaug er ikkje fornøgd med Støre som leiar av partiet, og seier at han ikkje hadde vore medlem av Ap hadde det ikkje vore for Giske.

Konfliktane rundt Giske har vore mange rundt og etter varslingssakene som kom mot han. Kringshaug meiner at det ikkje var bra.

– Men heller ikkje så ille at han skal straffast resten av livet. Han har beklaga og sagt unnskyld til dei det gjeld.

Les også AUF-leder med hardt oppgjør: Mener Giske er ansvarlig for uro i partiet

Dyre prisar

Rolf Kristian Solvoll (69) bur på Bleik i Andøy. Han har 12 år bak seg i kommunestyret og åtte år i formannskapet i kommunen.

No har også han meldt seg inn i Nidaros Sosialdemokratisk Forum, og grunnen er straumprisane som har blitt veldig dyre i store delar av landet.

– Folk i sør betaler ufatteleg dyrt for å sikre seg nødvendig svare i straum. Giske peikar på problemet og lyttar til folket.

Rolf Kristian Solvoll

Rolf Kristian Solvoll.

Foto: Privat

Problem eller beriking?

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, seier Giske har god teft for saker som treffer grasrota i partiet, og er flink til å setje ord på folk sine kvardagsproblem.

Ho meiner også at Giske er kjend for å vere ein svært god debattant og organisasjonsbyggjar.

Desse eigenskapane har han openbert brukt i oppbygginga av Nidaros Sosialdemokratisk Forum. Samtidig verkar lokallaget også som ei slags nødhamn for frustrerte Ap-medlemmer. Det kjem også av at Giske tidvis speler ei rolle som ein indre opposisjon, der han pirkar borti Ap og dei svake punkta til regjeringa og indre spenningar.

Les også Ap-leder etter Giske-kritikk: – Denne typen personangrep må vi slutte med

Hanne Moe Bjørnbet står på trappa hjemme

Aglen seier at deit er eit stort sprik i Ap om Giskes lokallag står fram som eit problem eller ein stimulans for partiet.

Nokon meiner han er med på å undergrave autoriteten til leiinga og skaper splid. Andre meiner han fungerer som ein slags ventil som fangar opp blindsoner og misnøye i partiet, og på den måten er ein styrke. Det er også delte meiningar i partiet om han bør lyttast til, blir oversett eller blir kritisert av leiinga.

Tone Sofie Aglen

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen.

Foto: NRK

Vil at alle trekkjer i same retning

Det er viktig at vi som parti og våre verdiar engasjerer det breie laget. Trond gjer ein god innsats her, noko også ei rekkje andre dedikerte lokallagsleiarar over heile landet gjer kvar einaste dag. Lokallaga våre er utruleg viktige for Arbeidarpartiet.

Det seier partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng. Ho meiner det er viktig å samle alle lokallaga og medlemmene i partiet rundt ei felles plattform og som ho meiner vil utvikle landet i ein endå meir trygg og rettferdig retning.

Men kritikken om at Ap sentralt har gløymt grasrota og ikkje er sosialdemokratisk nok, er ikkje noko Stenseng kjenner seg igjen i.

Det er eg ikkje samd i. Det er få ting eg heiar meir på enn engasjerte medlemmer i Arbeidarpartiet. Det viktige no er at heile det store laget arbeider saman for verdiane våre, prosjektet vårt og samlar seg rundt strategien vår.

Kjersti Stenseng

Partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Vil snakke politikk, ikkje person

– Det er heilt overveldande. Det overgår alt vi hadde tenkt og trudd då vi starta opp med 16 medlemmer for under eitt år sidan. Det er veldig inspirerande, seier Giske.

– Desse medlemmene peikar på at du har ein annan stil og ein annan måte å fremje politikk på enn AP-leiinga. Kor ulik meiner du de er?

– Eg skal ikkje beskrive nokon andre. Men då vi gjorde det elendige valet i 2001 var Jens (Stoltenberg) sin strategi for å vinne val at vi skulle byggje opp eit parti med ulike miljø frå ulike landsdelar og generasjonar. Det stemde jo. Det at folk er ulike er berre positivt i eit parti.

Giske er no klar på at han vil bruke si tid på å lytte til medlemmene sine for kva saker dei skal jobbe med framover. Og så legg han til.

– Vi kjem til å halde fram med å snakke om politikk og sak, ikkje om person.

Hvorfor flyr «ørnen» i norsk politikk så lavt for tiden?

Kvifor flyg «ørna» i norsk politikk så lågt for tida?