Hopp til innhold

Naturvernarar rustar seg for ny «krig» mot utbygging av verna vassdrag

Meiner Stortinget no har opna ei dør som det kan bli vanskeleg å lukke.

Is i Verdalselva

Verdal kommune opnar for å byggje ut det verna Verdalsvassdraget.

Foto: Roger Lehn

– Vi kan love at ikkje ein drope av dei verna vassdraga skal få lov til å bli utbygde, seier generalsekretær i Naturvernforbundet, Maren Esmark.

Forbundet er den eldste, største og leiande natur- og miljøvernorganisasjon i Noreg.

Dei mobiliserer no folk over heile landet, både yngre folk og dei som var med under Alta- og Mardøla-aksjonane, fortel generalsekretæren.

– Meininga med vern er at det skal stå seg for all framtid, seier ho.

Maren Esmark

Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet.

Foto: Eirik Haukenes

Opnar for utbygging i Verdal

389 vassdrag her til lands er heilt eller delvis verna mot utbygging.

Onsdag skreiv NRK at det er fleirtal i Stortinget for å opne verna vassdrag for utbygging.

Ordførar Pål Sverre Fikse (Sp) opna dagen etter for at Verdalsvassdraget kan bli det første i køen.

Han meiner at ei utbygging av vassdraget vil kunne hindre flaumskadar. Det vil også gje meir grøn straum til industriparken i Verdal, som ifølgje han opplev straummangel.

Naturvernforbundet meiner derimot at det ikkje er mogleg med skånsam utbygging.

– Nei, det er tull frå ende til annan når dei snakkar om moderne teknologi og skånsam utbygging, seier Maren Esmark.

Meiner seg misforstått

– Stortinget har ikkje opna for at vi skal byggje ut verna vassdrag, seier Terje Aasland (Ap).

Leiaren i energi- og miljøkomiteen på Stortinget seier han berre har tatt til orde for å vurdere potensialet som ligg i tilknyting til dei verna vassdraga.

Han meiner ei slik vurdering er nødvendig når ein diskuterer korleis ein kan elektrifisere Noreg på ein måte som og er mest mogleg skånsam for miljøet.

– Vi må ha nokon naturinngrep for å lykkast med det grøne skiftet. Då er det naturleg å vurdere dei ulike alternativa opp mot kvarandre, seier Aasland.

– Fleire fryktar at det fører til at ein bygger ut verna vassdrag i framtida?

– Arbeidarpartiet er veldig tydelege på at tida for den store vasskraftutbygginga er over. Det slo Jens Stoltenberg veldig tydeleg fast og det står vi ved, seier Aasland.

Terje Aasland

Terje Aasland (Ap), leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Ein fot i døra

Verneplan for vassdrag er ifølgje Store Norske Leksikon ein serie med verneplanar. Dei har bidratt til å verne eit representativt utval av vassdrag særleg mot større kraftutbygging.

– Heile tanken med verneplanen for vassdraga var at ein skulle ta vare på heilskapen i vassdraga og spesielle naturtypar. Det seier Pål Mugaas, kommunikasjonsansvarleg i organisasjonen Norske Lakeselver.

Han meiner Stortinget no har opna ei dør som kan bli vanskeleg å lukke.

– Viss ein opnar for utbygging byrjar ein å få det same problemet som ein har i mykje av naturforvaltninga i Noreg: At ein tar bit, for bit, for bit, for bit.

Om ein byrjar å bygge i verna vassdrag vil det kunne føre til nye aksjonar som dei ein såg i samband med Alta-saka, åtvarar Arne Roger Hansen.

Han er regionleiar i Noregs Miljøvernforbund i Midt-Noreg.

– Det får vi med alle naturvernorganisasjonane på. Dei må berre halde fingrane unna verna vassdrag viss dei ikkje vil ha ein krig mot naturvernarane i dette landet, seier Hansen.