Hopp til innhold

Drapstiltalte: Tydde til naudløgn – ville ikkje sette kona i dårleg lys

Ektemannen kjøpte tablettane fordi han seier at kona ønska å døy. Då rettssaka starta i dag, nekta tiltalte for både drapsforsøk og drap på den 74 år gamle ektefellen.

May Irene Eliassen fra Ørland døde etter forgiftning

DØYDDE AV FORGIFTING: 74 år gamle May Irene Eliassen i Ørland fekk gifta gjennom mat eller drikke som ho tok 29. juni, ifølge tiltalen.

Foto: Privat

Han erklærte seg skuldig i å ha medverka til at ho døydde ved å ha kjøpt tablettane.

Kona døydde 29. juni i Ørland kommune, 74 år gamal.

Obduksjonen viste at ho hadde ein dødeleg overdose med morfin i kroppen.

Ektemannen vart pågripen 4. juli og sikta for drap.

Seinare vart han også sikta for drapsforsøk då det viste seg at kona hadde vore innlagd på sjukehus i februar for det same.

Les også Tiltalt for giftdrap og forsøk på drap på kona

Drap Ørland stills

– Ho var flink til å skjule kor dårleg ho var

Tiltalte starta forklaringa si måndag føremiddag.

Han fortalde at då kona fekk diagnosen i februar 2022, fekk dei begge sjokk.

Kona hadde ei stund hatt vanskar med balansen. Men då dei to gjekk på tur, heldt dei kvarandre i hendene.

Tiltalte seier at han trur kona kjende på at forfallet kom fortare enn ho hadde tenkt seg.

Dei møttest fast i ei gruppe med andre parkinsonråka. Nokre av dei kom i drosje til møtelokalet. Han og kona kunne sitte i bilen utanfor og sjå korleis nokre av dei nærast «ramla» ut av drosjen, sa tiltalte.

Kona skal då ha sagt til han at dersom det var slik tilstand ho ville hamne i, så orka ho ikkje å leve.

– Vi sette oss ikkje ned i dagevis og snakka om det. Men eg såg smerten i augo hennar då ho sa det, seier tiltalte i retten.

Han fortel så om korleis dei vart samde om at han skulle skaffe nokre tablettar.

Han kontakta rusmiljøet i Trondheim i januar 2023. Der kjøpte han to store og to små tablettar for i alt 2000 kroner.

Dette forklarte han seg om allereie i eit fengslingsmøte i fjor haust.

Les også Drapssikta seier kona var med då han kjøpte gifta ho døydde av

Drap Ørland stills

Tydde til naudløgn på sjukehuset

Då han viste henne tablettane fekk ho tårer i augo, fortel tiltalte.

– Sjølv om eg hadde levert tablettane til henne, kunne eg ikkje sjå føre meg når ho skulle ta dei.

Biverknaden av medisinen ho tok for sjukedomen var at ho sov mykje. Ho kunne sitte i stolen i stova med open munn og sove lenge, fortel tiltalte.

Kona likte veldig godt å sjå på Aidensfield på NRK kvar morgon klokka 9. Ho hadde fast vekkealarm for dette.

Ho pleide å stå opp sjølv og ordne seg, i følgje tiltalte.

Denne dagen i februar var ho ikkje vaken då mannen stod opp, fortel han.

Han fekk ikkje liv i henne og ringde AMK.

Det endte med at ho vart sendt med ambulansehelikopter til sjukehuset.

– Hadde eg ønska ho skulle døy, hadde eg lete henne ligge, seier tiltalte.

Då legen på sjukehuset spurte ektemannnen kva som kunne ha skjedd, svarte han nei.

– Eg tydde til ei naudløgn. Eg ville ikkje sette henne i eit dårleg lys, fortel tiltalte.

Kona bad om hjelp til å døy, ifølgje tiltalte

Før tiltalte starta forklaringa si måndag gjekk aktor gjennom ein del av etterforskinga og kvifor påtalemakta meiner det er snakk om eit drap.

– Denne saka dreier seg om kva rolle tiltalte spelte i dødsfallet til avdøde, sa aktor, førstestatsadvokat Unni Sandøy.

Førstestatsadvokat Unni Sandøy i samtale med bistandsadvokat Vibeke Meland i rettsaken hvor en mann er tiltalt for å ha forgiftet sin kone på Ørlandet. Meland står med ryggen til. Sandøy lytter på det Meland sier

Aktor, førstestatsadvokat Unni Sandøy, seier spørsmålet om avdøde samtykka til sjølvmord også blir eit tema for retten.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Tiltalte i slutten av 60-åra har erkjent at han skaffa smertestillande tablettar som vart funne i kroppen hennar.

Derfor erklærte han seg måndag skuldig i alternativet i drapstiltalen, paragraf 277, å ha medverka til at kona tok sjølvmord.

Kona hadde Parkinson pluss, også kalla atypisk parkinsonisme.

Etter at ho døydde, har tiltalte fortalt at ho var deprimert og ønska å døy.

Ho bad han om å skaffe tablettar noko han gjorde ved fleire høve. Men han nektar for å ha hjelpt henne med å ta dei.

Glass med delvis funn av blant annet morfin fra drapssak Ørland 2023

På fleire av glasa funne på kjøkenet heime hos ekteparet, var det spor av morfin.

Foto: Politiet

Gifte sidan tidleg på nitti-talet

Tiltalte og avdøde har vore gifte sidan tidleg på nitti-talet. Dei hadde begge eit ekteskap bak seg med fleire barn då dei møttest.

Kvinna fekk diagnosen i 2022.

Avdøde mista delvis evna til å snakke og mimikken i andletet hennar vart dårlegare, opplyser aktor i innleiingsforedraget.

Aktor vil i rettssaka belyse korleis sjukdomen til avdøde var og korleis ho levde med den.

Fleire som kjende avdøde skal vitne om korleis ho hadde det. Det same skal helsepersonell og lege som var i kontakt med henne mens ho levde.

Ein av dei fremste ekspertane på Parkinson i Noreg, overlege og professor i nevrologi, Charalampos Tzoulis, skal også vitne.

Om drapsforsøket i februar

Aktor fortel om tekstmeldingar som tiltalte sende ei vennnine. Dette var seint på kvelden 15. februar.

Her skriv han at kona har sove i stolen sidan dei kom heim.

Han spør venninna om han skal la kona sove eller vekke henne.

Litt seinare skriv tiltalte at han fekk henne så vidt til sengs og at ho verka heilt utafor.

Fleire av meldingane inneheld også hjarteemojis.

Nærbilde av forsvarer Kristina Jørgensen i rettsaken mot en mann som er tiltalt for å ha forgiftet sin kone med morfin i Ørland kommune. I bakgrunnen kan vi skimte en politimann. Jørgensen har rett langt lyst hår og mørke briller

Kristina Jørgensen er ein av dei to forsvararane for tiltalte.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Når eg får ein god relasjon til ein person har eg ikkje problem med å sende hjarteemojis.

Slik forklarer tiltalte i retten meldingane til kvinna han kallar ein «god samtalepartner».

På føremiddagen dagen etter ringjer tiltalte AMK.

Kona blir frakta med luftambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim.

Prøver frå urinen til kvinna viste ein overdose av morfin.

Politiet vart varsla 22. februar. Legen vart avhøyrd.

– Dessverre må vi i dag seie at det ikkje vart opna noka etterforskning, seier aktor.

Ho viser også til oppslaget i NRK om at tiltalte skal ha kjøpt tablettar i januar.

Innhold i støvsuger fra åsted giftdrap Ørland

Morfinrestar på storleik med sukkerkorn vart også funne i innhaldet frå ein støvsugar.

Foto: Politiet

Politiet fekk tips om narkokjøp før kona vart innlagd

Nyleg kunne NRK fortelje at politiet fekk tips om at tiltalte hadde kontakta narkotikamiljøet i Trondheim fordi han ville hjelpe ein ven med å døy.

Tipset kom til politiet i byrjinga av januar 2023, men vart ikkje registrert.

Då kvinna vart innlagd medvitslaus i februar, hadde dermed ikkje politiet opplysningane om narkokjøpet til ektemannen.

Les også Tipsa politiet om drapstiltalte ein månad før kona vart forgifta første gongen

Politihuset i Trondheim

Mens kvinna låg på sjukehuset i februar gjorde eit familiemedlem eit lydopptak med kvinna.

Kvinna vart overraska over å høyre at det var funne morfin i kroppen hennar.

– Ho lurte på om nokon var ute etter å ta livet av henne, har politiadvokat Ole Andreas Aftret fortalt seinare.

Lydopptaket skal spelast av i retten der dei to sønene hennar også skal vitne.

Dei meiner mora hadde avfunne seg med sjukdomen og at ho ikkje ville døy.

Sugerør med rester av lebestift funn av morfin

Sugerøyr med restar av leppestift og mellom anna morfin.

Foto: Politiet

Tiltalte bad sjølv om at kona måtte obduserast

Om dagen ho døydde, fortel tiltalte mellom anna:

Saman laga dei to omelett til middag. Han seier han trur kona opplevde det som godt at ho fekk servere. Tiltalte seier han kanskje hadde ein tendens til å overhjelpe.

Etterpå drog han ut ei lita stund. Då han kom heim igjen like før klokka 22, såg han at kona ikkje pusta i stolen der ho sat.

Han ringde AMK og starta hjarte- og lungeredning. Han fekk hjelp av dei over telefon med å telje kompresjonar.

Då vart det lettare. Ein må tenkje: Dette gjer du for kona di, det mest elskelege du har. Om eg gjorde det hardt nok veit eg ikkje, seier tiltalte.

Då ambulansen kom vart det fort klart at kona var død.

Ambulansepersonalet reagerte ikkje umiddelbart på dødsfallet.

Dagen etter tok tiltalte kontakt med fastlegen og bad om at kona måtte obduserast, opplyser aktor i retten.

På bakgrunn av innlegginga i februar varsla legen politet og kvinna vart obdusert 3. juli.

I huset vart det funne små restar av morfin fleire stader på kjøkenet.

Kjøkkenbenk hjemme hos tiltalte der det ble funnet rester av morfin.

Ørsmå restar av knust morfintablett vart funne på kjøkenbenken.

Foto: Politiet

– Sønene er glade for at saka no er i gang.

Det er vanskeleg å vere budd på noko så alvorleg og omfattande som ei sak om drap på deira eiga mor. Det seier bistandsadvokat Vibeke Meland til NRK.

Men dei har gjort det etter beste evne ut frå den vanskelege situasjonen dei er i, seier bistandsadvokaten.

Portrett av bistandsadvokat Vibeke Meland. Meland er iført en svart kappe. Hun har mørkt hår med lett fall, og bildet er tatt inne i en rettsal

– Vanskeleg for dei etterlatne å vere budd på ei rettssak om noko så alvorleg og omfattande. Det seier Vibeke Meland, bistandsadvokat for dei to barna og faren til avdøde.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Ikkje bevis på «dødspakt»

Ektemannen har ikkje noko konkret bevis for at kona ville døy og at ho bad mannen om hjelp.

– Ho hadde tatt det valet ho hadde tatt og hadde ikkje lyst til å bli så sjuk som ein kan bli av sjukdomen, seier forsvarer Kristina Jørgensen til NRK.

– Det var unaturleg for dei å sette seg ned og skrive ein kontrakt på det. Det var ein avtale dei hadde seg imellom.

Dei hadde ikkje tenkt å dele dette med nokon, seier forsvararen.

Også ho skal føre fleire vitne av både avdøde og tiltalte.

Analyse av tekniske funn på åstaden viser ørsmå spor av morfintablettar i knust form. Dette er allereie kjent gjennom dokument frå fengslingsmøte.

Vart pressa av aktoratet om kvifor kona ville døy

Ekteparet melde seg inn i Parkinsonforeininga då diagnosen kom tidleg i 2022.

Ho starta også på fysioterapi. Det var svært hyppige timar, viste oversynet som aktor la fram i retten måndag.

Samstundes seier tiltalte at kona hadde forsona seg med at det ikkje var nokon sjanse for betring.

Kvifor kona ønska å døy samstundes som ho var svært aktiv på fysioterapien, var eitt av spørsmåla som medaktor Ole Andreas Aftret brukte ein del tid på.

Tiltalte meinte kona var ein person som viste stor omsorg for andre.

Å oppmuntre og sjå ein annan pasient meistre øvingar betre kunne vere forklaringa på at ho heldt fram på fysioterapien, meinte tiltalte.

Aftret ville også vete meir om kva kona sa til ektemannen om det å få hjelp til å døy.

Tiltalte svarte at han kan ikkje hugse orda som vart brukte.

Han nemner fleire gonger at kona og han såg ein film om filmskaparen Petter Vennerød som sjølv fekk Parkinson.

Når dei såg filmen, kan tiltalte ikkje hugse. Men han hugsar at den gjorde sterkt inntrykk på både han og kona og meiner det var då ho bestemte seg for å døy.

Undersøkingar politiet har gjort viser at filmen vart vist for parkinsonforeininga i Ørland i 19.april 2023.

Dette var to månader etter at kona første gongen vart innlagd på sjukehuset med morfinforgifting.

Reelt opplivingsforsøk?

Kripos har analysert naudsamtalen som tiltalte hadde med AMK-sentralen då han fann kona livlaus.

Den skal spelast av i retten neste veke, og eit ekspertvitne skal forklare kva hen meiner skjer.

– Spørsmålet er om dette er eit reelt opplivingsforsøk, seier aktor.

Samtalen varer i 20 minutt mens tiltalte freistar å gjenopplive kona etter at ho fekk hjartestans som enda med døden 29. juni.

Forsvarerne Kristina Jørgensen og Jasmin Gheshlaghi i rettsaken mot en mann som er tiltalt for å ha forgiftet sin kone med morfin i Ørland kommune.

Kristina Jørgensen (t.v.) og Jasmin Gheshlaghi forsvarer tiltalte. Han kjøpte tablettane, men hadde ikkje noko meir å gjere med dødsfallet, seier Jørgensen.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Drap eller aktiv dødshjelp?

Det er påtalemakta som må bevise at dette er snakk om eit drap og ikkje aktiv dødshjelp. Det siste er også straffbart i Noreg.

I tiltalen frå Riksadvokaten er også paragraf 276 om aktiv dødshjelp nemnt.

Den seier at dersom den døde har samtykka, så kan tiltalte få lågare straff enn åtte år som er minstestraffa for drap.

Dette blir også eit tema for påtalemakta.

– Kan ein bli dømt for aktiv dødshjelp i staden for drap, når det ikkje finst noko bevis for ein avtale mellom partane?

– Det kan ein. På vanleg måte så er det jo påtalemakta som må bevise at det ikkje var ein slik avtale, seier Sandøy til NRK.

Det er sett av over to veker til rettssaka i Trøndelag tingrett.