Hopp til innhold

Tiltalt for giftdrap og forsøk på drap på kona

Mannen gav kona pulveriserte tablettar i maten eller drikken, slik at ho døydde. Han er også tiltalt for drapsforsøk nokre månader tidlegare. Det går fram av tiltalen frå Statsadvokaten.

Drap Ørland stills

KRIMINALTEKNIKARAR: Åstaden i Ørland har vore grundig undersøkt fleire gonger.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

Statsadvokaten viser til at det er funne ei blanding av morfin, alprazolam og klonazepam i kroppen til avdøde. Ho inntok maten eller drikken og fikk dermed i stoffa i ei slik mengde at ho døydde same dag.

Som alternativ til drap er mannen også tiltalt etter paragraf 277 for å ha medverka til at nokon tek livet sitt.

Sjå svar frå forsvareren til mannen nederst i saka.

Nektar straffskuld

Tiltalte har forklart i avhøyr at han fann kona i stolen då han kom heim etter å ha vore ute ein tur 29. juni i fjor.

Då han ikkje fekk vekt henne, ringde mannen AMK. Han starta hjarte- og lungeredning mens han snakka med naudtelefonen. Dagen etter vart politiet kontakta av helsevesenet, på grunn av omstenda rundt dødsfallet.

Obduksjonen avdekte at kvinna hadde ei dødeleg dose med morfin i kroppen.

Aktor, statsadvokat Unni Sandøy

Førstestatsadvokat Unni Sandøy er aktor i rettssaka som startar i Trøndelag tingrett 11. mars.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Innlagd i februar

I februar 2023 vart kvinna hasteinnlagd på St. Olavs hospital med mistanke om forgifting. Også då var det snakk om store mengder morfin.

Då kvinna fekk vete kva stoff det dreia seg om, lurte ho på om nokon ville ta livet av henne, har politiet opplyst seinare.

Men i februar valde dei å ikkje gå vidare med saka fordi det ikkje var andre forhold som peika mot eit straffbart forhold.

Kvinna i 70-åra hadde sjukdomen Parkinson, men morfin var ikkje ein del av medisinen ho fekk.

Les også Drapssikta seier kona var med då han kjøpte gifta ho døydde av

Drap Ørland stills

Endra forklaring

Ektemannen vart sikta for drap, men nekta for å ha hatt noko med forgiftinga å gjere.

Seinare endra han forklaring og sa at det var kona som ønska å døy.

Ho var også med til Trondheim då mannen kjøpte morfin og andre medikament av rusmisbrukarar, forklarte tiltalte.

Ungane hennar meiner mora ikkje ønska å døy og at ho hadde forsona seg med sjukdomen. Det går fram av rettsdokument som omhandlar varetektsfengslingar av tiltalte.

Ikkje funne bevis for dødspakt

Politiet stadfesta i vinter at det er funne morfinpartiklar på storleik med sukkerkorn i støvsugaren heime hos no tiltalte. Det er også funne morfinrestar fleire stader på kjøkenet.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret har tidlegare sagt til NRK at politiet trur ikkje på forklaringa til mannen om at han og kona avtalte at han skulle hjelpe henne med å døy.

Det er så langt heller ikkje funne noko bevis for ei slik dødspakt.

Kristina Jørgensen

Kristina Jørgensen forsvarer tiltalte som nektar for å ha drepe kona si.

Foto: Kari Sørbø / NRK

I tiltalen blir det tatt atterhald om å legge ned påstand om at tiltalte skal misse arveretten etter kona.

Rettssaka startar i Trøndelag tingrett 11. mars. Det er sett av to veker i retten.

Mannens forsvarer, Kristina Jørgensen skriv i ein SMS til NRK at dei tek avgjerda til etterretning.

– Tiltalte held fast på det han tidlegare har forklart og erkjent, at han har medverka til at ho tok sitt eige liv ved å medverke med å skaffe tablettane, skriv Jørgensen.

Ho skriv vidare at mannen ikkje veit korleis tablettane blei inntatt.