Hopp til innhold

Trønder-Coop går så det grin

Coop Midt-Norge tener pengar som aldri før. Samtidig samlar samvirkeorganisasjonen fleire og fleire uavhengige lag under seg.

Coop i Steinkjer

Coop Steinkjer der dette bilder er frå, er det siste store samvirkelaget som går inn i Coop Midt-Norge og fusjonen betyr ny vekst for Coop Midt-Norge også i 2017.

Foto: Eivind Aabakken

Fortenesta auka frå 200 millionar i 2015 til 257 millionar i 2016 for daglegvaregiganten i Midt-Norge. Da er kjøpeutbyttet til den enkelte kunde trekt frå. Det var i fjor 90 millionar.

Ein tredel større omsetning

Coop Midt-Norge si omsetning var på 4,7 milliardar i 2016, ein auke på over ein milliard.

Og det er innpå ein tredel større omsetning enn året før.

Veksten kjem av at fleire butikkar har gått inn i verksemda. Fusjonane med Coop Inn-Trøndelag og Coop Rørvik i 2016, var dei to store i siste driftsåret.

Bakgrunn: Kan bli eitt Trønder-Coop:

Også godt daglegvare-år

Ein del auke er det også i handelen i det faste butikknettet. I alt på daglegvarer aukar selskapet med 4,5 % prosent, mot ein snittvekst i bransjen på 3,1 %.

Coop Midt-Norge er no det klart leiande handelsforetaket i landsdelen.

Ventar vidare vekst

I 2017 kjem den nyleg gjennomførte fusjonen med Coop Steinkjer til å legge ny handels-kjøttvekt til Coop Midt-Norge si allereie store verksemd. Trass motstand valde laget i den gamle fylkeshovudstaden i nord for ein månad sidan å slutte seg inn under den store organisasjonsparaplyen til sin storebror med hovudsete i Trondheim.

Torbjørn Skei

Torbjørn Skei styrer den største handelsorganisasjonen i Trøndelag med 180 000 medlemmar.

Foto: NRK

Mange titusen nye medlemmar

Medlemsorganisasjonen Coop Midt-Norge fekk over 26 000 nye eigarar i fjor, i og med dei to store fusjonane. Og laget vil få ytterlegare 20 000 nye i og med den siste storfusjonen. Coop Steinkjer omfattar også Namsos, og har utover butikkdrift i dei to byane, butikkar i Inderøy, Namdalseid, Osen, Flatanger og Verran.

Coop Midt-Norge vil etter den siste fusjonen ha nesten 180.000 medlemmar.

Coop marked i Follafoss i Verran, Nord-Trøndelag

Coop'en i Follafoss er i dag den einaste daglegvare-butikken på den tradisjonsrike industristaden i Verran.

Foto: Frank Almås / NRK