Hopp til innhold

Kjempeinteresse for å bu i ny UFO-hytte i Hessdalen

I årevis har forskarar og UFO-interesserte frå heile verda reist i hopetal til Hessdalen i håp om å få sjå dei spesielle lysfenomena.

UFO-hytta i Hessdalen ble raskt et superpopulært reisemål.

POPULÆR HYTTE: Ein «UFO» har landa i bygda med dei spesielle lysfenomena.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Få dagar etter at det blei mogleg å leige den spektakulære hytta var alle helger fullbooka i nesten eit halvt år.

– Det har gått ei dryg veke sidan vi la ut hytta og siste statistikk viser at vi har 60 utleigedøger allereie, seier Carl Libach som er regionsjef i Statskog.

Dette er den første utleigehytta Statskog har bygd sidan 1992. Den har vore under planlegging i fleire år.

Video Lysglimt fra Hessdalen

MONTASJE: Stillbilete av lysglimt frå Hessdalen.

Spesielle lysfenomen

Hytta ser ut som ein svevande UFO. Den er sett opp i den vesle bygda Hessdalen mellom Trondheim og Røros.

Dei første rapportane om ukjente lysfenomen i Hessdalen kom i desember 1981. I åra etter har det blitt rapportert om mange observasjonar og den vesle fjellbygda har blitt verdskjent for Hessdalsfenomenet.

I 1994 var vitskapsmenn frå ni ulike land på UFO-seminar i Hessdalen. Og i årevis har UFO-interesserte frå heile verda reist til Hessdalen for å få glimt av dei uforklarlege lysa.

Carl Libach er regionsjef i Statskog.

POPULÆR HYTTE: Carl Libach som er regionsjef i Statskog melder om stor interesse for den nye UFO-hytta.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Fleire har sett lyset

Carl Libach har ikkje sjølv sett det spesielle lyset i Hessdalen. Men fleire andre kan fortelje om turar der uforklarlege lysfenomen dukka opp på himmelen.

Gardbrukar Jan Moen var på skitur med sju-åtte andre då det kom siglande ei gul kule, veldig sakte på vestsida av Hessdalen.

– Den hadde veldig liten fart og var ikkje meir enn 300–400 meter over bakken. Så høyrde vi at det kom eit fly frå Trondheim som låg mykje høgare og dundra veldig. Plutseleg braut lyset av fartsretninga og jumpa over fjellet. Det var borte på eit sekund eller to, så det var fantastisk å sjå, fortel Moen.

Lysfenomen i Hessdalen fra 2007

LYSFENOMEN: Dette biletet av lysfenomenet i Hessdalen blei tatt i 2007.

Foto: Sciencenter/ Bjørn Gitle Hauge

Ikkje ein rett vinkel

Statskog ville spele på nettopp dette lysfenomentet med ei ny utleigehytte i Hessdalen. Det var utgangspunktet for ein arkitektkonkurranse for å få innspel til idear.

Arkitekt August Schmidt har teikna den 100 kvadratmeter store hytta som knapt har ein rett vegg.

– Eg trur dei som bygde hytta syns det har vore både morosamt, utfordrande og krevjande. For som dei seier, det er knapt ein rett vinkel her, seier Libach og ler.

Hytta er bygd i massivtre. Den blei i september kåra til månadens bygg av Tenk Tre, som er eit felles bransjeinitiativ frå skog- og trenæringa i Norge.

– Eg håper hytta og området vil prøve folk til å ta eit besøk, seier Libach.

UFO-hytta i Hessdalen har knapt en rett vinkel.

LYSFENOMEN: Er du heldig kan du kanskje oppleve lysfenomena gjennom vindauga på den nye UFO-hytta.

Foto: Kjartan Trana / NRK