Hopp til innhold

KrF-politikar: «Veit eg er inhabil»

Gruppeleiaren sende e-post om eigen bustadutbygging til planutvalet: – Uheldig, meiner forskar.

Magne Nydal med ein e-post han sendte til Bjørg Boneng.

E-POST: KrF-politikaren Magne Nydal sende ein e-post i ei sak han sjølv seier han var inhabil i. Ikkje eit forsøk på å påverke, meiner han.

Foto: MONTASJE: MORTEN WAAGØ / NRK

Dagen før eit møte om framtida til eit nytt bustadfelt i Levanger, sender Magne Nydal (KrF) ein e-post til ho som skal leie møtet.

Nydal sit både i kommunestyret og i formannskapet i Levanger kommune. I tillegg til at han er utbyggar.

E-posten starta med «Veit eg er inhabil ...». Det er Mesterhus Levanger AS som skal bygge det nye bustadfeltet Gjemble søndre.

Magne Nydal eig 62 prosent av selskapet, og er dagleg leiar. Derfor er han inhabil.

Likevel sender han ein e-post for å forklare kvifor han meiner kommunen, som han sjølv er politikar i, bør godkjenne planen slik den ligg i dag.

Dei som er innvalde i norske kommunar skal representere alle samfunnslag, påpeiker forskar Gro Sandkjær Hanssen. Ho er forskar ved By- og regionforskingsinstituttet ved Oslo Met.

Ho seier at kommunen skal spegle samfunnet, det betyr også at næringslivsaktørar skal vere representerte i politikken. Men desse har eit spesielt ansvar for å ikkje blande rollene dei har.

– Uryddig

NRK har vist e-posten til lokaldemokratiforskaren. Ho meiner den er uheldig.

Etter mi oppfatning kan denne e-posten tolkast som eit forsøk på å påverke avgjerda i saka, slik ho går til hans fordel som utbyggar, seier Hanssen.

Ho kallar den for ein lobby-e-post. At han påverkar ein politikar utanom dei vanlege kanalane. Det er uheldig for tilliten, meiner ho.

Folk kan oppleve det som uryddige roller. Det er det som står på spel. Innbyggarane sin tillit til kommunestyret som folkevald organ må vi vere veldig merksame på, i ei tid kor politikarforakta aukar. Då er det desto viktigare å vere bevisste og unngå denne typen rolleblanding.

Forskar ved Oslo Met, Gro Sandkjær Hanssen, står avbilda i ei svart skjorte.

Forskar Gro Sandkjær Hanssen vil ha ein større debatt rundt blanding av roller i lokalpolitikken.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Professor i offentleg rett på UIO, Ole Kristian Fauchald, seier han ikkje kjenner heile saka. Men peiker likevel på at det ut ifrå e-posten, verkar som om han prøver å påverke utfallet i saka.

– Her ser det ut til at sendaren, trass i at han har erklært at han er inhabil, likevel gjer eit forsøk på å påverke vedtaket gjennom direkte kontakt med dei som har størst påverkingskraft, seier han.

Magne Nydal sjølv meiner e-posten ikkje var eit forsøk på å påverke utfallet, og at den er heilt uproblematisk.

– Eg sende den ikkje som politikar, men som Magne Nydal, tømrar. Det var rett og slett ei faktaopplysning.

KrF-politikar Magne Nydal står med ruta skjorte i Levanger sentrum. Bak han ser du grøne busker.

Magne Nydal (KrF) er innvald i kommunestyret i Levanger, og sit i formannskapet. I tillegg er han dagleg leiar og deleigar av Mesterhus Levanger AS.

Foto: Morten Waagø / NRK

Har ikkje oversikt

Der finst ikkje noko oversikt over kor utbreidd problemet med dobbeltroller er. NRK har skrive fleire saker der politikarar får kritikk for å opptre uheldig.

Det er grunn til å tru at det er større omfang enn det NRK har avdekka til no, seier Hanssen.

Ho peiker på at det ikkje er normalen at kommunar opptrer uryddig, men ho meiner det er viktig å ha ein offentleg debatt om rollene politikarane har.

Les også Kunne ikke delta i politisk møte på grunn av dobbeltroller – møtte som utbyggere

Stein Plukkerud

Ville ha dobbelt så mange bustadar

Magne Nydal eig tomta Gjemble søndre, der Mesterhus Levanger ønskjer å bygge eit bustadfelt.

Kommunen hadde lagt opp til at det kunne bli bygd minst 60 bustadar, men Mesterhus Levanger la inn ein søknad om å få bygge det dobbelte.

Illustrasjonsplan 130 boenheter
Illustrasjonsplan 50 boenheter Gjemble

Slik ser Gjemble søndre ut med 60 og 130 bustadar

Norconsult/Tuva Tagset NRK

Statsforvaltaren i Trøndelag var positiv til det. Dette formidla også Nydal til leiaren for planutvalet, Bjørg Boneng.

– Ønskja du å påverke utfallet ved å sende e-posten?

– Nei, eg ønskja at vi skulle sleppe ei tredje runde, og byrje å bygge om heile feltet på nytt, seier Magne Nydal.

– Kvifor skreiv du «Veit eg er inhabil ...»?

– Det har eg ikkje noko svar på. Det er berre slik du skriv når du sender ein e-post. Det er ei saksopplysning, ho skulle ha den saka opp.

Ordføraren i kommunen støttar også Magne Nydal. Ho meiner ingen vart påverka av innhaldet i e-posten.

– Korleis veit du at ingen vart påverka av innhaldet?

– Utifrå det innhaldet var. Vi veit også dette da. Vi har prata om det her i etterkant, så det veit vi, seier Anita Ravlo Sand (Sp).

Ho seier også at kommuneadvokaten har sett på saka, og har ifølgje ordføraren konkludert med at det ikkje har skjedd noko gale.

Ordføraren i Levanger, Anita Ravlo Sand (Sp), står i Levanger sentrum. Ho har på seg ein grå blazer og ei svart t-skjorte.

Ordføraren i Levanger kommune, Anita Ravlo Sand (Sp). Ho meiner e-posten Magne Nydal sende var heilt uproblematisk.

Foto: Morten Waagø / NRK

Vedtaket enda med at Mesterhus Levanger fekk bygge opp mot 130 bustadar. Mottakaren av e-posten, Bjørg Boneng, ser heller ingen problem med det ho fekk tilsendt.

Nydal seier dei ikkje har rekna på om 130 bustadar vil gje noko meir lønsemd for prosjektet.

– Eg har ikkje rekna så nøye på det. Det er eit meir langsiktig prosjekt som gir meir langsiktigheit for firmaet framover, og sysselsetting i Levanger, seier han.

– Ingen problem

Lokaldemokratiforskaren, Gro Sandkjær Hanssen, peiker på at det er viktig at politikarar som har fleire roller, bør trø ekstra varsamt, for å behalde tilliten.

Det meiner ordføraren Nydal gjer.

I Nydal sitt tilfelle, der han har vore så ryddig som han har vore, og meldt seg inhabil før alle politiske møter, og heller ikkje delteke i gruppemøte og diskusjonar i dei sakene der han som byggmeister er involvert, så er det ingen problem ved det, seier Anita Ravlo Sand (Sp).

Hei!

Har du innspel til oss etter å ha lest denne saka? Ta gjerne kontakt.