Hopp til innhold

Ingen vart varsla då psykotisk mann flytta: No er han dømd for å ha drepe Cathrine Sand

Ein 47 år gamal mann var under tvungen behandling etter ein dom i Stavanger. Det fekk verken politi eller statsadvokat i Trøndelag beskjed om.

Cathrine Sand (39) døde etter å ha blitt utsatt for grov vold i en leilighet på Lademoen 27. oktober 2019

VART DREPEN: Cathrine Sand (39) døydde etter å ha blitt utsett for grov vald i ei leilegheit på Lademoen 27. oktober 2019.

Foto: Privat, via Trøndelag politidistrikt

No er 47-åringen for tredje gong dømt til tvungent psykisk helsevern. Saka gjekk i Sør-Trøndelag tingrett for fjorten dagar sidan..

Etter rettens syn er det nærliggande fare for at mannen på nytt kan gjere nye alvorlege straffbare handlingar. Det er naudsynt med dom for tvungent psykisk helsevern for å verne andres liv og helse, ifølge retten.

Tore Angen, 47-åringens forsvarar, seier at når retten har lagt til grunn at tiltalte har stått bak drapet på avdøde, så er det eit riktig resultat.

Forsvararen skal no lese heile domen, men trur ikkje den blir anka.

Fekk ikkje beskjed

Dagen etter drapet på Lademoen i fjor kunne NRK fortelje at den då sikta var under tvungen behandling i Trondheim. Dette etter ein dom i Stavanger tingrett i 2017.

NRK har fått bekrefta at politi og statsadvokat i Trøndelag aldri fekk beskjed om at mannen hadde flytta frå Stavanger til Trondheim.

– Systemet er slik at ansvaret ikkje blir overført til statsadvokaten i området der den dømde blir plassert, forklarar statsadvokat Jarle Wikdahl.

Han var aktor i drapssaka i Trondheim.

Plassert aleine i belasta område

Ansvaret for å kontrollere gjennomføringa av ein dom om tvungen behandling, ligg hos Statsadvokaten i området der vedkomande blir dømt. I dette tilfellet Rogaland.

Etter tre månader på psykiatrisk klinikk i Stavanger vart den dømde i mars 2017 overført til Trondheim og St. Olavs hospital si psykiatriske avdeling på Østmarka.

Krimteknikere undersøker boligen på Lademoen der det skjedde en grov voldsepisode søndag.

LADEMOEN: Krimteknikarar er på synfaring på åstaden på Lademoen i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

Same haust meinte behandlarane at mannen kunne slutte med antipsykotisk medisin. Dei meinte også at han gradvis kunne bu for seg sjølv. Han fekk besøk i den kommunale leilegheita eit par gonger i veka av helsepersonell for ruskontroll.

Men verken politiet eller Statsadvokaten i Trøndelag fekk vete at det budde ein psykotisk, nesten blind rusmisbrukar på eiga hand i eit belasta område i Trondheim. Eller at han var dømd til tvungen behandling.

Har følgd retningslinene

Mannen hadde meldt flytting til Trondheim like før rettssaka i Stavanger i januar 2017.

Det er koordineringseininga ved Oslo universitetssykehus som har nasjonalt ansvar for at helse og justis samarbeider om gjennomføringa av domar på tvungent helsevern.

I retningslinene står det kven som skal informerast dersom ein pasient flyttar:

Dersom den domfelte flyttes mellom helseforetak og dermed fra et embetes oppdragsområde til et annet, skal mottakende statsadvokatembete og politidistrikt underrettes.

Men i dette tilfellet var mannen alt folkeregistrert i Trondheim på grunn av flyttemeldinga.

Dermed var det ikkje snakk om ei overføring som kravde at politi og påtalemakt i Trøndelag skulle informerast.

–Utpekingsbrevet fra KE ble derfor sendt til Helseforetak Midt-Norge, med kopi til politi og statsadvokat i Rogaland. KE har følgelig ikke registrert noen flytting mellom helseforetak i denne saken.

Cathrine Sand ble stukket med kniv i leiligheten på Lademoen i Trondheim i oktober 2019. Sand døde senere av skadene på St. Olavs hospital

ÅSTADEN: Cathrine Sand vart drepen med kniv i leilegheita til mannen som var under tvungent psykisk helsevern.

Foto: Politiet

Fekk skyss av politiet

To månader før drapet krasja 47-åringen med høg promille i Trondheim.

Statsadvokat Folke Åmlid i Rogaland seier han fekk beskjed om promillekøyringa.

–Jeg ble varslet om aktuelle hendelse, og behandlingsansvarlig informerte om at det ville bli gjort tiltak for å ramme ham inn.

Statsadvokat Folke Åmlid i Rogaland i e-post til NRK 11. november 2019

Måten å «ramme han inn på» vart å auke ruskontrollane frå to til tre gonger i veka.

Mannen skreiv seg sjølv ut av sjukehuset etter promillekøyringa. Under rettssaka fortalde søstera hans korleis han kom seg heim.

Først fekk han haik med ein elsykkel. Han hadde framleis på seg sjukehusklede og var skadd i ein fot. Eit stykke unna leilegheita på Lademoen kom det ei politipatrulje forbi. Dei tilbydde mannen skyss heim. Dette takka han ja til.

Søstera sa i retten at ho hadde kontakta politiet mens broren låg på sjukehus. Ho bad dei syte for at han fekk forsvarleg hjelp.

Sa han skulle drepe Cathrine

Ho fortalde også at broren på telefon sa han skulle drepe Cathrine Sand fordi det var ho som køyrde bilen. Dermed hadde ho skulda i at den eine hunden i bilen måtte avlivast etter ulukka, meinte han.

Politiet fann mannen fastklemt ved rattet. Ingenting tyder på at det var andre personar med på køyreturen.

Under rettssaka sa fleire naboar at dei reagerte på at verken tiltalte eller den drepne fekk hjelp i tida før drapet.

Politiet undersøkjer åstaden på Lademoen i Trondheim. Ei kvinne blei funnen drepen her i oktober 2019.

ÅSTADEN: Politiet gjer undersøkingar ved leilegheita der kvinna blei funnen.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Bør vurdere endringar

Rapportane frå dei medisinsk ansvarlege ved St. Olavs hospital vart sende til Statsadvokaten i Rogaland.

Her stod det sjølvsagt at mannen hadde flytta til Trondheim.

Når ansvaret for det medisinske og for kontrollen med gjennomføringa av soninga ligg i to ulike distrikt er det vanskeleg å fange opp. Informasjonsflyten må bli betre, meiner statsadvokat Wikdahl i Trøndelag.

Riksadvokaten har førebels ikkje planar om å endre påtaleansvaret for oppfølging av domfelte under tvang. Det opplyser førstestatsadvokat Katharina Rise til NRK.

–Men enkeltsaker som den foreliggende kan lede til at Riksadvokatembetet bør vurdere spørsmålet ytterligere og drøfte det videre med blant annet embetslederne ved de regionale statsadvokatembetene,

Førstestatsadvokat Katharina Rise i e-post til NRK.

Sidan Statens helsetilsyn granskar saka, har St. Olavs hospital og Trondheim kommune tidlegare opplyst til NRK at dei ikkje vil kommentere behandlinga av den tiltalte.